Sigurd Bell. Landbrukstidende sidene 100-102, 1942

Sauen i vårknipa

 

Sigurd Bell, sauealsgardstyrer

I Bondevennen skriver sauealsgardstyrer S. Bell: Attåt dei mange og store vanskane som det har vore med foringa denne vinteren, ser det diverre ut for at me no attpå skal få ein sein og kald vår. Dette kan nok føra til reine svelte-nauda i mange fjøs, og serleg kjem det vel til å gå ut over sauen.

I fall sauene var i rimeleg hold frå hausten, har dei vel berga seg så nokonlunde til denne tid sjølv om foringa ikkje har vore så bra, men frå no av krevst det meir næring til fosteret, og foringa må difor aukast ein del fram over, elles vil sauen let koma "på knea".

Under dei tilhøve som rår no, med ikkje utegonga for sauen, og med så avgrensa tilgang av mest all slags for, er det nokså vanskeleg å gjeva råd og rettleiding om foringa. Dei forsøk og røynsler me tidlegare har gjort med saueforing kan lite hjelpa oss no, då ein ikkje kan skaffa mange av dei formidlar ein tidlegare har brukt og gjort forsøk med. Kraftfor er som kjendt ikkje tildelt sauen. Kålrota er diverre mykje skadd av frost, og ikkje så lite er rekvirert til folkemat. Det ein då har å rutte med er det vesle stråforet som er att, og så restar av siloffor og rotvakstrar, og dessutan det hjelpefor som kan skaffast.

Av slike hjelpefor har me først og fremst sellulosen. For dei som tidlegare i vinter har vant sauen til selluloseri er saka greid. Sjølv om ein må vedgå at sellulosen er for dyr i høve til kjøtprisen så har ein, slik som stoda no er, ingen annan ting å gjera enn å auka sellulosemengda til dyra så langt ein kan serleg då til hestane, slik at ein kan ha i alle fall noko godt høy att til sauene når lamma kjem. Med jamt tilskot av mineralnæring og det vesle sildmjølet ein kan få kjøpt attåt sellulosen, skulle det gå å få ei nokonlunde fullverdig foring, sjølv om sellulosen utgjer ein nokså stor part av foret. Det som no kanskje kan verta vanskelegast er å skaffa nok sellulose.

Av andre hjelpefor har me tangmjølet. Til denne tid har ein kunne fått kjøpt det utan tilvising. Av godt tangmjøl reknar ein 2 kg. til 1 f.v.

Utanom desse kjøpeformidlar vil eg nemna det hjelpefor ein kan skaffa på garden eller i bygda, og det er først og fremst skogsavfall av ymse slag, t. d. "beit" det ytterste, fine riset av frisk bjørk. Tidlegare vart dette riset brukt nokså mykje, serleg til gjeldnaut. Så har me "skav" serleg, bork av osp og raun, og dessutan einer- og furubar. I mildvér når nålene ikkje er alt for stive tek sauen godt einerbaret. No er det diverre så at store deler av stroka her i kring er snaue for skog og ein kan difor ikkje skaffa seg den slags hjelpefor. Og sjølv om ein har skog er det vel arbeidshjelpa som set grenser for kor mykje ein kan nytta av sovore for. Men slik som stoda no er må ein nytta alle sjangser, og ein må ta fatt med ein gong før det er heilt tomt i høystaen eller i silo- og næpekummen.

Men sjølv om det vert gjort alt som gjerast kan for å nytta det hjelpefor som kan skaffast, så trur eg ikkje at alle greider å koma skadelause gjennom denne våren med buskapane sine. Dei hjelpefor eg har nemnt kan vera bra nok når dei vert brukt i rimelege mengder attåt anna godt for, men det er det gode foret det skortar på. Difor må styremaktene våre, så sant det finst mogeleg råd skaffa noko ekstra sildemjøl til lamsauene no. Om det ikkje var meir enn 2-3 kg. pr. sau vilde det muna bra. Det er nok så at i ei vanskeleg tid som denne må ein frista å sette inn dei formidlar ein har i slik produksjon som gjev mest att av ferdig mat for folk, og i så måte skulle mjølkeproduksjonen vera den som gav mest att for innsett for.

Men no har folk fylgt parolen om å auka sauetalet så godt dei har kunna, og kava med dyra gjennom ein lang og vanskeleg vinter og den månaden som no er att er heilt avgjerande for den avdrått ein kan venta av sauen i form av kjøt og ull. Difor vil ein ekstra innsats av kraftfor til sauen i denne vanskelege tid vera det same som liv og trivnad, og kanskje full avdrått til hausten, i motsett fall lammedaue i fleng, og mest skinntasar av dei lam ein har att.

Difor er ein ekstra innsats til sauen nett no ikkje berre ei privatøkonomisk sak for saue-eigarane, men like mykje ei samfunnssak. Aldri kan ein ekstra innsats av får i dette høve sildemjøl, gjeva større produksjonsauke enn til sauen i den knipetida ein har no.

Som eg nemnde tidlegare er det mest uråd å koma med noko brukbar oppskrift for saueforinga no framover. Foringa må endrast etter som tilgangen på for er.

Ein reknar med at sauer av vanleg storleik, 50-60 kg. lev. vekt, kan greida seg med ei dagleg formengd av 0.5-0.6 f.v. med eit innhald av 50 til 70 gr. melteleg eggekvite. Det er sauevedlikehaldsnæring ut over vinteren. Den siste månaden før lamminga bør foringa aukast til minst 0.7 f.v. og med noko større kviteinnhald, og skal ein tvillingsau stå på inneforing i lenger tid etter lamminga treng han burt i mot 1.5 f.v. med 130 til 150 gr. eggekvite.

For dei få som har nok av godt høy og dessutan kålrot, roer og A.I.V.-for er saka greid nok. Av desse for-emna er det råd å få ei noko så nær fullverdig foring til lamsauene"både før og etter lamminga. Vel er desse foremna nokså voluminøse, men som regel har lamsauene sers god mathug, så det er svære mengder dei kan sette til livs. Våren 1941 hadde me her på sauealsgarden fleire tvillingsauer på slik foring i tvo-tri viker etter lamminga og det gjekk nokså bra.

Har ein tidlegare vant sauene på sellulose kan ein både føre og etter lamminga-bruka 3 til 4 hg. sellulose pr. dyr og dag, og då kan ein spara omlag halve stråforet. Har ein ikkje brukt sellulose tidlegare er det nokså vanskeleg å ta til no, for som regel må det ein stuttare, eller lenger sveltekur til før sauen tek sellulosen, og ein slik sveltekur no, bør ein neppe ta. Men det kunne vera verd å prøva heile saueflokken med findelt sellulose eit par dagar. Sauene er nokså ulike i så måte og det kunne vera at ein heil del gjekk på han utan vidare. Desse kunne ein så skilja frå og fåra med sellulose vidare. Dei andre fekk heller vera fri han.

Etter ei lita prøve som me har gjort her på sauealsgarden med selluloseforing i vinter ser det ut for at serleg rygjasauen er lett å venna til sellulose, dei gjekk på han med god appetit så å segje frå første dag. Dalasauene og serleg sjeviot var vanskelegare å få til. No er dette ei enkel lita prøve, så eg vil slett ikkje gje dette ut som nokon regel. Sauen likar best å få sellulosen noko findelt. Her på garden har me late han gå gjennom hakkemaskina eit par gonger. Når ein har elektrisk kraft går det nokså kvikt. Ei vanleg piggmaskin er og bra til dette arbeidet. Det går kanskje an å venna sauen til å ta sellulosen burt i mot turr, men me har havt han i vatn eit halvt døger før foringa. Sildemjøl og litt mineralnæring vert så strøytt over når sellulosen er fordelt i krubba.

Det går nok an få fora med bløytte plater utan sers findeling, men ein er nokså utsett for at dei dreg større stykker utover garen og trakker dei ned.

Skal ein fora sauen med skogsavfall, beit og bar, så høver det best å få køyrt dette heim på tunet i dungar, og så sleppa sauen ut ei ykt for dagen og la han ta det han har hug på. Etter lamminga er det vanskelegare å få nytta nemnande skogsavfall til lamsauen, det einaste måtte vera skav (bork), og skal ein nytta såvore må ein ha sildemjøl eller anna konsentrert for attåt, elles vil det ikkje gå bra med lamsauen.

Ein annan viktig ting no ut over, er at ein ser nøgje etter sauene og skil i frå dei som er magrast og som ikkje greider å holda tropp med flokken elles. Berre ved eit lauslegt oversyn kan ein lett verta lurt no når dyra går med årsull. Dei kan ofte vera ringare enn dei ser ut for. Det er serleg dei gamle tannlause tvillingsauene som først går åt om våren.

No når det er lite av griser og mest ikkje høns, kan det falla av litt frå hushaldet potetskrell o.l. som kan vera til litt ekstraforpleining og hjelp for slike stakkarar. Eit godt tilsyn no ut over med utjamning og god fordeling av det foret ein rår over kan berga mang ein sau og mangt eit lam til våren.