Olav O. Brønstad. Landbrukstidende s104, 1939
Då fleire hev vore butti dette spursmål både for og imot, vil eg også segja frå, då fleire ynskjer meir um dette. Ratt omoglegt skulle det ikkje vera å få eit tidsskrift for saualet liksovel som for mange andre smånæringar. Pelsdyri hev silt, fjørfe sit, ja tilmed gnagaren kanin hev sit. Kor mange desse hev å halda i stakken anna end seg sølv veit eg ikkje, men so reint udtfatige er dei ikkje at dei hev lide sveltedauen til dessan.
Men mange slike smånæringar hev tidsskrift nøra varme under, sjølv um dei hev haft tjukke gryter og rå ved.
No er det riktinok ikkje mange i norsk saual som hev gjort det til sin hobby, og let sauen fenge heile hjarterome som tilfelle er med mange andre husdyr. Mange er det som hev sau for at den hev vore på gardsbruke som eit nødvendigt onde dei såste 40-50 år, dei er det som er tyngst å få med og som les minst av den literatur som nett høyrer faget deira til. Var alle med som hev sau å stødde under, heldt bladet og betalte kontingent, bestemt, og ikkje såg råd å missa det, jo da var saken grei, da trengte me ikkje å halda nokon i stakken.
Enno, er ingen vorte rik på saual det eg kjenner, langt mindre grevar og baronar, men likevel tør eg påstå at sauen held mål med mange av sine husfeller, tildømes kanin som hev isit eige blad. So verd sit tidsskrift er sauen, det er nok statskonsulent Sæland og samd med oss um. Men kvenn som vil taka vågnaden,?
Ja det måtte verta alle saman (felles) som hev tru på sauens vidare framgang, med statskonsulenten i spissen so hadde me andre ialfall ein heilhuga sauemann å halda i.
Snåsa 4. mars 1939
Olav O. Brønstad