Jon Sæland. Landbrukstidende s115, 1936

Å styva rova på unge lamb

 

Jon Sæland

Dette biletet her tok eg i Skottland i 1919. Det er ein flokk Suffolk-lamb på haustbeite. Lamb og vaksen sau med so stutt rove som på desse lambi var ikkje uvanleg å sjå - då som no. Det er tvertum v a n l e g i heile Britland, at dei styver røva på unge lamb. Tidt er rova styvd so mykje at det i n k i e er att. I mest alle land der dei hev langrova sauslag vert rova styvd. Dette er r e t t, og me bør taka same skikken her i landet med det same kva han segjer han Ola Stugudal.

Grunnar? Det er ureinsleg med lang rove og den lange, tunge rova fær me ingen ting for når dyret vert slakta. Då vert ho kasta for det meste. Men kvi skal me laga upp fint kjøt som vert kasta? På rova veks den grovaste ulli som er pa sauen. Vert ho blanda med den andre ulli, gjer ho ugagn for mange gongor sitt verd.

Infeksjon med lambedaude, kjem seg tidt frå ei lang lortut rove. For nokre få år sidan såg me tidt i Trøndelag, at den lange røva vart orsak til ei fælsleg dyreplåging. Det var so mykje åt det året. So vart det m a k k i dei skitne rovone og makken åt seg gjenom skinnet inn i kjøtet. Det vart funne vaksen sau og lamb med store "posar" med levande makk. Sume pintest i hæl innan ein fann dei, sume var skinnmagre.

Styv rova på alle unge lamb som hev lang rove. Byrja med oxforddown, dalasau og tautersau.

Men tak ikkje heile rova soleis som me tidt ser det vert gjort t.d. i Britland. Det bør vera att so pass som eit lite låk, men ikkje meir. Det er høveleg når rova vert t v o tumar lang.

Ein stuva rova når lambi er berre nokre dagar gamle. Klypp ho av med ei kvass soks. Eller legg ho på ein stuv, set ein kniv på og slå hardt på kniven. Det kjem nokre blodsdråpar, men um få dagar er skaden attgrodd.

Byrja no ivår med dette. Sume trur at det er ulovleg (etter dyrevernlovi) å styva rova på lamb eller sau. Det er det ikkje.