Olav O. Brønstad. Landbrukstidende s117-118, 1937
Olav 0. Brønstad, Snåsa
Det lakkar og lid til at lammi byrjar komma jamt yver alt hjå sauealarane, og mange stader er det kanskje alt fråseggjort no.
Ingen gong er det der settes so store krav til sauepasset som nettop i lammetiden. Og ingen gong er det ein hev so god betaling for nokre timar som dei ein ofrar då. Er lamminga heldig yverstått so er grunnlage for eit lønsamt år i saueavlen lagt.
Ein to-tri dagar fyre sauen skal lamma må dei, so framt det let seg gjerast, få ein binge for seg sjølv å vara i under lamminga. Når lamminga stender til, det skal kvar saueeigar veta etter paringsdato som skal vera uppskrive for kvar sau. Sauen gjeng lamtung i 146 dagar. Dei sama tegn på at sauen nærmar seg fødsel hev me og på dei andre husdyr. Musklane slappas av langs ryggen frå korsbeini, og juret fylles, og spenane blir utspent. Nokre timar fyre lamming feld sauen saman i svangane og blir liksom tommare.
Er sauen allerede sjuk, er den uroleg, sparkar, grev og legg seg og stend uppeti. Ein skal då vera tilstaes, men vera varsam, roleg so sauen ikkje vert skremt. Med føtsli treng ein sjeldan hjelpa til, ligg lammet rett; derimot ligg lammet i feil legje fær ein med ei reinvaska varsam hand prøva å retta det eller fortast råd få det fram. Etter laming når sauen ikkje elskar lammet og knufsar og stangar det, renner rundt i bingen og trår på det når det skal suge, då er det just sauepassaren blir set på prøve.
Når ein stend og betraktar ein slik stakkar, blaut og frosen og tilmed vraka av si eiga mor då er det so let å la den tanken få magt yver seg, det er då ikkje større kreket um det skulde krepera. Ein går kanskje sin veg og let tilfelle rå, og resultate uteblir sjeldan: um morgonen etter når ein kjem til saubingen, ligg armodskreket, tråka svart av møkk, stiv og kald, og det er ikkje anna å gjera enn å lempa det på fraukasa.
Men um me tenkjer oss um litt, so veit me og at um me fekk denne stakkaren til å leva so var det 15-20 kr. kontant i neven um hausten.
Det er vel få som hev sau som hev råd til å kasta so mange kronor samans med frauen. Men kva kan ein gjera i eit slikt høve? vil mange spyrja. Sauen er jamnast so tver og vrang å ha med å gjera. Det er so det, men med litt strev vil ein oftast ha lukka med seg. For den som er trå han vinn, og den som er brå han tapar. Det fyrste me må prøva er å få sauen til å slekja lammet, hev sauen fyrst byrja å slekja det, vil den alltid pussa det helt tørt og da er alt greit. Vil sauen ikkje sjå etter lammet so tak litt slim frå lammet og stikk i kjeften på sauen eller strø litt hagremjøl på det so kanskje sauen slekjer det likevel. Hev sauen fyrst slekja lammet, tek den det til seg og kjenner det att blant tusund.
Hev sauen to lam, er det ofte den elskar det siste som kjem, det fyrste hev kanskje kome frå den under lamminga, blanda seg millom andre sauer og fenge ei galen logt. Då er 101 ute. Det er ingen veg utanum logti hjå sauen. Den hatar då sit eige avkom i stelle for å elska det, og so bers det til å koppa upp det eine med mykje klunder. Nei tak dei då frå båe og set dei i ein trong kasse saman ein time eller to og gni dei saman so dei fær eins logt gøym dei burt litt og er enno betre. Når mjølki strammer på so fær sauen det lam den hatar fyrst; dryg ei tid å sjå um den tek det til juret, lat den so få båe. Hjelp ikkje dette so bind sauen dei fyrste dagar eller tak gardhunden inn i fjøset; plikten til å forsvara avkome vil og vekkja morskjærleiken. Hunden hev ofte tala vit i sauen um ikkje nokon annan greier det. Mjølk upp spenane, det kan vera so fast prop i dei at nyfødt lam ikkje greier å trekkja dei upp.
Er det ein svær mjølkesau som hev berre eit lam so kanskje det hev nok med det halve dei fyrste dagar, det suger då berre ei sie av juret, den andre blir umjølka. Der blir då gamal roten mjølk som ostar seg og stengjer mjølkekamri, det blir betendelse og svær liding for sauen Og den er ødelagt som avlsdyr seinare. Mjølk då dei fyrste dagar til lammet greier alt. Eller tak eit frå ein annan som mjølkar lite og kanskje hev to, og venn atåt den som mjølkar mykje. Det vil ofte lukkast hvis dei er nokonlunde jamt født, og ein ber seg åt som fyre nemnd, set dei saman i ein kasse til dei fær sama logt.
For ikkje for kraftigt dei fyrste dagar, serleg med mjøl, hvis sauen er ovan det, men grønt og godt vollhøi so mykje dei et upp.
Ut med lamsauene og lami so fort som marki er bynt å grønas, men på godversdagar er jorda tela og det er surt og kalt ver, vil dei små lami leggja seg og ligg oftast til dei er stive som kjeppar når dei reis seg, og dei fær let fotsjuke som er vand å bli kvitt. Jag dei upp ofte so dei rører på seg. Ja det er mangt anna som kunde vore verd å nemnd, men det vil føra for vidt i eit blad. Dette var det viktugaste.
Snåsa i mars 1937
Olav 0. Brønstad