Olav 0. Brønstad, Snåsa
Ja det må reint undra meg at ikkje fleire av saualarne i fjellgardane og dalbygdene tek hand i hanke med statskonsulent Sæland i dette spursmål. I sit siste stykje i Nidaros 14. februar 1939 som svar til Grand segjer han atter greit og forståelsesfullt ifrå, vanskane med å tevla um gode dyr for saualsgarden. Dette er ikkje fyste gong i hans skrift og tale når det jeld dette. Skulde me ikkje heller skuva på, heller enn å bremsa eit lass som hev vore tongt å drege i mange år. Kvenn er det som hev røynt meir i Norsk saual enn netopp statskonsulenter. Som hev reist landet i upp og ned på sauesjå, på auksjonar og år etter år røynt sauen frå Edøy, og må trega yver armoi berre for at folk er sta.
Kvenn er det av saualare som hev set meir av del vakre fjelldalane vore? Med fjelllier på kvar sia med godt beite for tusunvis av smålag, lier med saftige plantar av alle slag, elt heilt apotek lagt av naturn og som i stor mun erstater både Ovinal og kopparsulfat.
Det talas ofte um hjelp til sjølvberging på småbruk og bureising. Kva husdyr er det som høver betre til dette enn sau og jeit? Småbrukarne og bureisarne er samslutta i lag som søv tongt i mange bygder, men jeng trueleg med sin stemmesedel 3jekvart -år til urnen for å få jelp til sjølvberging.
Kva nytt er jort til dessar til opphjelp i saualet på fjellbygdene? Sleppa ind meir og meir lite tolla utanlands sauekjøtt for at kystbefolkningen skal bli av med overskote av fisken. Trengs det snart lengre at alle saualsgardane skal ligga i fiskéstrok? ,
Lagene ut etter bygdene hev del siste åra laga udfærder med bilbusser, til landbruksskuler, til forsøkgarder og hagebruksskuler, bilige, lærerike turer. Når kjem me til Edøy for å læra? Aldri!
Det er grunntil å skuva på so me kan få ein saualsgard til ein stad som det er rimeleg framkomst til for alle interesserte. Var eit liknande krav komme frå statskonsulenten i hestalet, var det truleg løyst i fellesskap av alle for mange år atende. Men når det kjem frå statskonsulenten i sau og jeiteal, ho ho san! då veit lokalpatriotismen kva som tener det heile folk til beste, og me andre tegjer, for det vert for smått å diskutere blant vaksne karar, langt mindre i storting og departemang.
Um underskotte som vert på kvart seld dyr frå Edøy, var nytta som ekstra premiering på kvart av del gode dyri som vart seld frå privatalarne, vilde det skape meir opptimisme i saualet, end å henga eit vrang bilete i norsk saual framfyre oss.
Skal Edøy haldast uppe for kystbefolkningens saual, so må nok den meir nøysomme sau, spelsau og svartfjæs, attende dit, for å rapa lyng, tare og tang, ikkje del meir kravfulle sjeviot- og dalasauer, til gode fjellbeiter med dei.
Snåsa den 12te mars 1939.