Hr. bestyrer Engdal har sendt oss nedenstående stipendieberetning:
Eg segjer hermed det vyrde landbruksselskap mykje takk for stipendiet til Skotland og England for å granska saukløpping, ullpakking og ullsal!
Folk her heime klagar for, at dei fær for lite for ulla si. Dei kann ikkje anna venta, enddå ulla er god nok. Ein funksjonær frå ein av våre største ullvarefabrikkar fortalte, at dei no sortera den norske ulla i 7-8 sortar og fær då so fin ull, at den finaste er brukande til mest alt slag fint ty og garn. Men sorteringi vert styggeleg dyr, sa han, avdi dei må handsortera ulla klype for klype. Dette kjem av, at kløpparane, seljarane og millomhandlarne rotar alt ihop, først ulla frå heile sauen, og so vert ulla frå dei ymse sauar blanda ihop, enddåtil svart og kvit ofta. Å sortera slik ull, vert mest som å leita etter ei nål i ein høysekk. Og det kostar. Inkje under, at saueigarane fær lite for ho.
Eg fekk sovore pristilbod på ull ifjor:
| Fårevasket sortert | kr. 6.70 pr.kg. |
| Ditto usortert | kr. 5.70 pr. kg. |
| Uvasket, sortert | kr. 5.20 pr. kg. |
| Ditto usortert | kr. 4.40 pr. kg. |
| Lår- og bukull | kr. 2.60 pr. kg. |
Eg svara, at ulla her på sauavlsgarden er, uvaska og usortera, men sauene kløpt berre ein gong for året, og at ulla difor har heil årslengd og er kløpt so ho heng ihop i heil feld for hver sau, og difor vert let å sortera. Eg kravde høgsteprisen, kr. 6.70 pr. kg., og eg fekk det.
Kløppemåten gjorde soleis mykje til denne høge prisen. Fabrikken fekk ulla frå kvar sau slik at det var berre å breida heile ullfelden utover eit bord. Ein ullskynar (ullekspert) kunde då med 2-3 handedrag i ei snøggvenda sortera heile felden i ymse ullkvallitetar. Slike karer veit på ein prik, kvar dei ymse fine og grove ullsorta er henne på sauen.
Bilæte 1 synes os dette på ein vanleg Cheviotsau, og slik er ulla på mest alle sauer her i landet. Det er mest cheviot og cheviotblandingar. Etter engelsk målestav er ho sett so høgt som til 46 shilling nedover sidene på hals og bog. Lenger attover sidene og til låret er ho sett til 40. I ein nymåneforma kile attpå krysset (rova) sett dei ho til 32. Framover rygg og ovantil på halsen vert det berre til 30. Men spælulla, lårulla og ulla under buken kjem ikkje i høgare klasse end 28.
Når me no blandar alt dette ihop, sortane frå 28 til 46, so kann me ikkje eingong venta å få etter medelprisen, enddå det er mest av finulla. Det vert 37 etter målestaven, eller om ein reknar høgsteprisen til kr. 4.60 og den lågaste til kr. 2.80 pr. kg., skulde me venta kr. 3.70 for blandinga, men langtifrå? Kva kosta det ikkje fabrikkane å finna att finulla? 7-8 .fabrikkjentor lyt til å sortera slik ull klype for klype.
Like ille vert det, om ine skal byta slik ull hjå fabrikkane og få ty og garn istaden. Ja det vert ikkje stort likare, om me skal bruka den hopblanda ulla sjølve heller. For eige bruk vart det og ein stor fyremun, om me kunde hava heile pelsar å sortera.
Nei, me lyt lera oss kløppa sauene vare slik som dei gjer det andre stader. I England og Skotland er saukløppinga ikkje kvinnfolkarbeid. Det er karane som driv dette arbeidet, kappkløpper so sveitten trillar. Det gjeld å kløppa flest mogeleg på dagen og å gjera det bra. Dei brukar av dei almindelege sauesoksene, nokolite større end me er vane med, og med so god fjøring, at soksa mindst mogeleg trøytnar klopparen. Ei god sauesoks gjeld det å halda blank. Fær ho riist i eggja, er ho øydelagd.
Den almenne kløppetida i Skotland er juni. I kystbygdene hjå oss høver denne kløppetida sers godt, og iser for utegangarsauene. Men ein lyt passa på å kløppa, når det er gode solskinsdagar og von om ein varande godværsbolk etter kløppinga. Vanleg lyt ein venta over midta av juni. Hardver åt snaukløpte sauer tek fælt på dei. Mange lamsauer kann sturta eller missa mjølka. Kløpping i mars er difor betre. Då vert lamsauene noko ullvoksne att, til dei slepp ut i vårvind og vårbløyta. Men med vanleg varsemd plar det ganga godt i juni og. For utegarsauene høver denne kloppetida best. Dei har då heil årsull og vert difor lett å kloppa, so heile ullfelden heng ihop.
Skal ulla ikkje verta tilsulka under kløppinga, er det godt å hava ein liten presenning å kløppa på, 2-4 opspretta og ihopsuma tome salpetersekkjer vert ein framifrå kløpparpresenning, ja framifrå til anna bruk og.
Vil ein læra kloppinga som ho skal gjerast, sett han sauen på ende, står sjølv attanfyre han og byrjar kløppinga rundt halsen. Han lyt læra seg balancera sauen imillom kneane sine. Dinæst kløpper han bringe og heilt ut millom framløtene, tek so å smetter denne ulla over haudet på sauen, so all lauskløpt hals- og bringeull vert hengande ihop attum nakken på sauen, kløppar so vinstre framfot og bog og heilt rundt ryggen frå vinstre sida på sauen, soleis at heile bakulla vert med vinstre eller høgre kløppesida. Kommen ned til vinstre lår, legg ein sauen på sida, og kløpparen legg vinstre leggen sin varleg over halsen på sauen. So fer sauen ikkje røra seg, medan ein kløppar vinstre lår, millom kjøt og spæl. Dinæst snur han sauen varleg rundt og tek høgre lår og det som att er på rova. Under alt dette lyt ein varleg akta seg, so ikkje den lauskløpte ullfelden vert tøygt eller sparka sund. Er sauen låk å spenna, kan ein binda føtene; men ein vant kløppar treng ikkje om det. Når hals og bringa er kløpt, kann ein og leggje sauen i fanget, medan ein kløppar vidare. Ein vert då ikkje so trøyt i ryggen. Sume -helst kvinnfolka - legg sauen på fanget straks dei byrja kløppinga og kløppar ei sida um gongen. Ein lyt då serleg akta seg, so ullfelden ikke vert sundsparka, når sauen skal verta snudd om på andre sida. Rettast å binda føtene, når ein kløppar på denne måten.,
Ligg so heile ullpelsen ferdigkløpt på presenningen, på rein grasbakke eller reint golv, skal den varleg breidast utover med kløppesida ned. Om han heng litt lausare isaman gjer ikkje noko. Ull med gjødselkladdar skiljer ein ifrå. Ulla tek ellest skade om slike vert hengjande med. Bukulla teg og surne frå. So brettar ein varleg ullfelden inn frå båe sider, legg lausulla i midten og rullar felden ihop attanfrå til ein noko fast rul, 60-80 cm. lang. Når ein kjem til halsulla, tøvgjer ein ho ut - men riv ho ikkje laus - og tvinnar ho til eit laust taug, som rekk rundt rullen og smetter enden under. Dermed er ullfelden ferdig til veging, pakking og sending, om det so er til ullmarknaden i sjølve Bradford eller andre engelske byar. Har ein mange ullbuntar, vert det rettast å pakke i sekk eller balle med det same. God ullsekk vert det av 2 glatte mattesekkjer, opspretta og ihopsauma etter eine langsida. So heng ein denne storsekken sovidt oppfra golvet i eit taug frå kvar snuten og går oppi på hoselestane og tråkkar ulla varleg nedi. Når sekkjen er fuld, dreg ein opningen at og sett kvartlange treplugar i, medan sekkjen vert attsauma. Det er både arbeid og konst å gjera alt på rette måten; men ein lyt prøva seg fram, so ein vert tevlefør på alla vis.
Vil ikkje fabrikkane her i landet betala rett pris for slik ull, kan ein sende ho til England. Landbrukskonsulenten vår, mr. Alib. Riple, 2 St. Nicolas Buildings, Newcastle upon Tyne, hjelper seljarane å bli av me ho på bedste måten.
I Newcastle fekk eg sjå ullagra hjå den kjende ullgrosseraren W. H. Woodman. Der låg skipslastar med ull; men alt ihop var samanrulla feldar, lagt op i store lad som skived, frå golv til tak.
I Skotland kløppar dei sauene berre ein gong for året. Det ger me her og i kystbygdene. Det er då meire arbeid end konst å læra kloppa ulla i heile felder. Verre er det i innlandsbygdene, der dei kløpper sauen 2 ganger for året. Ein lyt då vera godt vant for å greide det bra. Det vilde tent sauene i innlandsbygdene betre, om dei hadde kaldere fjøs om vinteren, og dei slap ut av og til vinters dag å gnaga bork, beit og bar i vedahaugen eller i heimeskogen. So fekk dei hava haustulla til mars månad og vart kløpt hoveleg tid føre lamming og utslepping. Då vert det berre ein gangs kløpping for året. Ulla vart lang og tevlefør med anna ull av same slag, og me slap den stutte og klene vårulla, som mest ingen vil kjøpe og lite er brukande. Me kunde då hava von om å få sopas av sams (einsarta) ull i dei ymse landslutar, at me fekk til samsal og jamne og gode prisar for alle som hadde ull å selja.
Som no det er, vert det truleg lita hjelp i å hava samsal. Ei hoprota vare får berre mindstepris. Kunde endda saueigarane i ei grend eller bygd verta samde om disse 2 ting: 1) ikkje blande kvit, grå og svart eller anna farga ull saman, og 2) for kvar sau sortera vekk all grovulla, medan ho er lett å finne att, og samle ho for seg og den andre for seg. Dette vilde og spara fabrikkane for so mykje vandt sorteringsarbeid, at man ved samsal av større parti fekk ein munaleg høgare pris.
Det vore gildt om ein og annan sauemanden i dei ymse bygder vilde fresta prøva seg fram med dette, og så spandera otyvask (dip) på sauene sine om hausten. So mista dei ikkje so ofte ulla om vinteren og slap ganga med lus, veiter eller anna oty. Slikt gneg holde av dei tras i god foring.
Når eg no minnest alt eg høyrde og såg på Bretlandsferda, m.a. på det store Northumberlands-sjået i Newcastle og verdsutstillinga i London (Wembley), so er det harmeleg å vita, at me enno har gjort so altfor lite for sauene og ulla vår.
Enddåtil på utstillinga i Wembley var fleire vender om dag framsyning av saukløpping med og utan maskiner og med sauer frå Kanada, SudAfrika, Australia, New-Zeeland o. a. koloniar. Ull av alle slag og tillaga og halvlaga på alle vis var den dominerande utstillingsvara både frå morlandet og dei store kolonier. I kunsthalla var eit stort målarstykkje, som synte saukløpping. Midt inne i London, i sjølve Hyde park, gjekk 400-500 store sauer på beite på ei indhegna grasplæn. Her var synt anna vyrdnad for sauen end me er vane med. Præsidenten i sjølve parlamentet sit på ein ullsekk, veit med, og engelskmennene segjer: "The sheep is best of all".
Vår landbrukskonsulent, hr. Riple, la ferdaruter for meg og hjelpte meg på alle vis. Eg er honom mykje takksam.
10. februar 1926, Statens saueavlsgard Edøy
Med høvyrdnad
0. Th. Engdal