Jon Sæland, Landbrukstidende nr 29-30 og 49-50, 1945. S 122-123 og 200-201

Sekslingsøye i Kvinesdal

 

Jon Sæland, statskonsulent saueal

Dei som har lese saubøkene mine vil vita at eg ikkje er av dei som likar at søyone kjem med meir enn tvillingar til vanleg, for har dei trillingar eller firlingar eller endå fleire lamb, so leitar det so hardt på dei, at søyone eller fleire av lambi tidt ryk med og i alle fall vert det forlite mjølk til so mange lamb og skal ein til med tåtflaska attåt so er det for brysamt for den vanlege saualaren.

Men for ein småmann som berre har ei søye eller 2-3 og har romsamt med hjelp so kann det vera både lønsamt og hugsamt å hava trillingsøyer eller firlingsøyer eller femlingsøyer eller jamvel sekslingsøyer. Dette siste har eg elles aldri råka på her i landet fyrr no i vår da Ånen Biktjørn i Kvinesdall sist i april fekk seks levande eg trivelege lamb etter ei litivori dalasøye som det er billete av her. Ånen fortel at søya er 7 år gamal og har tidlegare stendig havt tvilingar, men i år trudde han ho hadde trililingar, soleis som mor hennar av og til hadde. Mein då det leid til lambingstid og han kom ut for å sjå til søya var det alit kome 5 lamb. Då sprang han linn til kona for å fortelje det som var hendt og då dei kom utatt var det 6 lamb. Han kunde ikkje tru sine eigne augo, men talde upputt og uppatt, men 6 var det og 6 vart det, skriv Ånen. Mori er glad i alle 6 og alle fær suga og lever framleis i beste stand, men tilsaiman fær dei 1 1/2 l. nautmjølk attått av tåtflaska.

Søya gjekk i fjor sumar på beite i Hålandshagen (fjellbeite) i Fjoltland, kom heim i september og gjekk sidan på eit avgnaga heimebeite til ho, vart sett i hus ved joletider. Kraftfor av noko slag fekk ho ikkje smaka utan i vår etter at ho hadde kome med sekslingar, men endå hadde søya so stort jur då ho lamba at eigaren trudde det laut vera verk i det, men det var det ikkje.

Alt var vel.

 


 

(Fra Landbrukstidende nr 49-50 1945)

I denne tidningen for 25. juli i år fortalde eg litt um og synte bilete, av ei liti dalasøye til Ånen Biktjørn i Kvinesdal som sist i april i år fødde 6 levande velskapa lamb som alle levde og såg ut til å vilje leva. Mori var glad i alle seks og mjølka svært åt dei, men lambi fekk ut etter våren tilsaman 1 1/2. liter nautmjølk til saman um dag - av tåtflaske.

Den 21. september i haust var det statssjå for sau i Kvinesdal og der møtte Ånen Biktjørn upp med sekslingsøya ("Dondra") og synte fram både ho og alle seks lambi hennar som då var snaude 5 månader gamle. Alle levde framleis og fylgde (og saug) mor si. Det er so sjeldsynt eit tilfelle dette, at søya og lambi er verd å synast fram på dette bilete som vart teke av heradsagronom Halvorsen på sjået i Kvinesdal 21. september i år.

Eigaren hadde nett fenge lambi vegne levande. Det var tri verlamb og tri søyslamb. Her er vektene: Verlambi vog 36, 37,5 og 37,5 kg., tilsaman 111 kg. Søyslambi vog 26, 27,5 og 33, tilsaman 86,5 kg. Alle seks lambi vog tilsaman 197,5 kg.

Det må truleg leitast i mange land for å finna maken til dette. Iminsto har aldri eg i det lange livet mitt som saumann set eller høyrt geti noko meir sjeldfengt i sauvegen enn dette.