O. Th. Engdal. Landbrukstidende s129, 1939

Korleis ku og sau betalar foret

 

0. Th. Engdal, styrar Statens sauealsgard, Edøy

I årsmeldinga frå Landbruksdirektøren finn me fullnøggjande rekneskaper frå heile landet, for korleis 131.247 kyr i 12.1627 buskapar har betalt foret sitt år 1938.

Akershus står som ventande lengst framme. Der har kyrne i 1046 buskapar betalt kvar forverdi (f.v.) med 19,0 øre. Nerast kjem Austfold med 18,7 øre for 905 buskapar. Tek me frå andre enden, so er foret betalt med 11,4 øre pr. f.v. i Møre og Romsdal for 606 buskapar og med 11,8 for 289 buskapar i Nordland.

Slike rekneskapar har me ikkje for dei privalte sauebuskapar i landet. Noko so omstendeleg trengs heller ikkje for ei praktisk brukbar samanlikning. Det vore ei god rettleidding, om folk berre hadde vege søyene sine ved utsleppinga om våren og so vege både søyer og lam, når del kom frå fjellbeita. om hausten. Rundt rekna vart lammeavdrotten betalinga for vinterforet. Saueauken vert vektmink om vinteren og innsparing av vinterfor, og årsulla på lamsøya kan ein rekna salsvederlag for vår og haustbeite, arbeid, hus, renter o. anna. Det skal soleis ikkje mykje bry til å få noko greida på, kva sauene gjev att for vinterforet.

Slike vegingar har vore gjort ymse stader på Nordmøre av Nordmøre Jordbrukslag. Møre og Romsdal beiteutval har no teke over arbeidet. Me skal sjå kva retleidingar me kan få ut av dei og tek 2 buskapar frå dei indre fjord- og fjellbygder med gode sauebeiter. Me tek bedste og kleinaste resultatet, det bedste med 175 % lam pr. søye og det kleinaste med 100 % lam eller berre eit lam pr. søye.

I desse bygdene kostar sumarsbeita åt sauene inkje, og sauene kostar inkje bry heile sumaren, dei går på sjølvstyr i fjellet. So kjem dei heim i september, og då kan kjøtet verta selt til nedsalting eller til Oslo. Det vert då mest berre vinterforinga som kostar noko. Om våren vert lamsøyer og lam beinast slept åt utmarka.

Det er ikkje ført forrekneskap om vinteren. Men denne kostnaden kan ein nokso, nøggje rekna seg til. forrekneskapen for mange år frå sauegarden her syner, at det til god vinterforing åt lamsøyer går med 0,6 f.v. om dag pr. 50 kg. l.v. for heile vinteren, tida etter lamminga um våren medrekna. Vinterbeitet og allslags for inne er då omrekna til f.v. Dette er betre foring enn jamtover andre stader, serleg der søyene har rikeleg med godt hausthald å tæra på som i bedste buskapen me her nemner, der søyene på sumarsbeitet har lagt på seg 24,3 kg.

Tabell

I denne buskapen var 16 lamsøyer med 28 lam frå våren. Alle søyer kom heim om hausten; men 2 lam var vekk, og ei søye hadde fått jurbrand. Like vel vog alle lamma om hausten 1221 kg. levandevekt (l.v.). Det var soleis store og feite lam. Medelvekta. (mv.) var 47, og søyene hadde lagt på seg 21,3 kg. i mv., eit døme på ovanleg godt fjellbeite. Ein kan rekna med mindste 45 % slaktvekt av lamma. Det skulde difor verta 549 kg. lamkjøt. Prisen til nedsalting var kr. 1,45 pr. kg. rund vekt, ein heller låg pris, når skinn, ull og innmat er rekna med. Lamma kunde soleis vore selt for kr. 769,30. Dette vert betalinga for vinterforet.

Kor mykje høy o. a. vinterfor har so søyene i alt ete? Dette var store søyer, so det hadde gått med mykje. Mv. var om våren 49,7 og om hausten 74 kg. Tversumen av dette kan me rekna som m.v. for vinteren. Denne vert då 61,8 kg. Etter 0,6 fv. om dag pr. 50 kg. lv. vert dagsforet åt kvar søye 0,74 fv., og då kan ein bruka kva ein vil av dei ymse fårslag. I 220 inneforingsdagar vert det ialt for vinteren 162,8 fv. pr. søye, og for alle 16 lamsøyer vert det 2605 fv.

Kjøtverdet av lammene har da betalt 29,5 øre for kvart fv. vinterfor eller 9,5 øre meir enn kyrne i Akershus betaler for årsforet og 18,1 øre meir enn kyrne i Møre log Romsdal. Reknar me 2 kg. godt høy til 1 fv. har lamkjøtet betalt nerpå 15 øre pr. kg. for høyet, om vinterforet vert omrekna til berre høy.

Ja, dette var bedste resultatet for ein heil sauebuskap. Korleis vert det so for den kleinaste ?

Buskapen med berre einstaka lam var på 13 søyer og 13 lam. Både søyene og lamma var mykje mindre i denne buskapen. Alle lamma vog om hausten 394 kg. Mv. var ikkje meir enn 30,3 kg., men dei var i godt hold. Reknar me same slakteprosent, vert det 177,3 kg. lamkjøt og prisen for det heile kr. 257,09.

Lamsøyene vog om våren 35,3 og om hausten 44,3 kg. i mv. Dette var små sjeviotsøyer og tversumen eller mv. for vinteren vert 39,7 kg. Vinterforet utrekna på same måten i 220 dagar vert for heile buskapen 1372,8 fv., som altså er betalt med lammekjøt for kr. 257,09. Dette vert 18,8 øre pr. fv., eller om vinterforet hadde vore berre høy 9,4 øre pr. kg. høy.

Ein kunde venta mykje større skilnad i lønsemda millom små og store søyer, og serleg då dei små hadde berre eit lam mot 1,75 for kvar av dei store søyene. Det melder seg fleire problem av praktisk nytte i samhøve med dette. Når skilnaden ikkje vart større so kjem det mest av at dei små ikkje trengom so mykje vinterfor som dei store, då vedlikehaldsforet fyl levandevekta, (lv.). Det er difor ein tvilsam fyremun med store lamsøyer, der vinterforinga er kostesam. I samhøve med dette burde det vore granska nøgnare, om ikkje bruken av store verar til små søyer for al av s l a k t e l a m hadde vorte meire lønsamt. Denne alemåten (halvblodsal) er mest inkje granska eller prøva i praksis her i landet. Dette er ei sida for seg sjølv.

Framanfor ser ein soleis, at sjølv i kleinaste høve, berre enkeltlam, har små sjeviotsøyer betalt omlag like mykje for vinterforet som rekneskapskyrne i Akershus og 7,4 øre meir enn kyrne i Møre og Romsdal pr. fv. i årsforet.

Sjølv om ein hadde rekna heilt årsfor for søyene, vilde den bedste sauebuskapen ha betalt det omlag like godt som kyrne i Akershus, og den kleinaste sauebuskapen betalt det omlag like godt som kyrne i Møre og Romsdal og i Nordland.

Men fyremunane med sauene er mykje større enn so i bygder, der det er gode sauebeiter, som ikkje kan nyttast til andre krøter. Der er nemleg sauebeitet gratis, so det vert mest berre vinterforet å rekna betaling for. Og so den store fyremunen, at det er mest inkje arbeid å rekna for sauen i sumartida og sers lite om vinteren ogso i samanlikning med alt arbeidet og alle utlogor til mjølkestell og stor mjølkeproduksjon i kostesame kufjøs. Til beitekjøtproduksjon med sau trengs heller ikkje kraftforkjøp. Det vert optil 100 % heimeproduksjon.

No kjem dette til, at mjølkeflaumen veks altfor mykje, so ein kan ottast samanbrot for mjølkeprisane, medan me har so altfor lite sauekjøt i landet, at titusenvis saueskrottar vert ført inn frå utlandet.

Tida skulde difor vera lagleg for ei lønsam omlegging til meire sausal i bygder med gode sauebeiter. Då kunde det og verta so mange ihuga sauealarrar og organisasjonar for desse, at ingen våga sleppa ein einaste utalandsk saueskrott. inn i landet til dumpingprisar, og lønsemda for 100 % norsk produksjon var sikra for lange tider.

Statens sauealsgard, Edøy.

0. Th. Engdal