L. Krigsvoll, Landbrukstidende nr 12, 1923. Side 131
I nr. 8 av "Landbrukstidende" er skinnhandlar ute med eit stykke, som leksom skal vera eit svar paa stykket mit ber i bladet. Det heile tykkjes heller vera "tunn åkost"; men det er jamnast det vert slik naar argumentene vantar.
Han trur eg er komen reint paa villspor i det siste. ja - tru det? Um so er -so vel møtt. So var det spursmaalet um det har seg slik at vaarlamma vert større enn skinna, og paa det spursmaalet krev skinnhandlar eit retvist svar. ja - eit retvist spursmaal krev eit retvist svar, og daa fær du aarsaka at eg ikkje veit mere høvelegt svar enn "øksskaft".
Eg held framleis paa at verlova ikkje paabød vaarlamming. Det staar berre at det er forbode aa sleppa graver paa sams beite. Paa eiga beitesmark kan du faa sleppa um du vil tjuge verar.
So fortel skinnhandlar um ein mann her i bygda som fekk tak i veren i jultiom aa at sauene tok til aa lamma ved nyaarleite.
Ja eg veit det og; men eg veit noko meir. Paa samme garden hadde dei og vaarlam. Baade vinterlam og vaarlam vart slakta i haust, og mannen fortilde meg, at vaarlamma vog like so mykje som vinterlamma. No kan skinnhandlar sjølv rekna ut kva for lam som var mest lønsamme. Eg vil takka so mykkje for at du minte meg um dette "tilfelle".
So var det desse vektene som fell skinnhandlar noko tungt for brystet. Som eg sa fyrr - vektene er vitnefaste. Er det ikkje nokk kan du faa sjaa uppgjeret fraa Bøndernes fellessalg - Kristiania.
Pratet um at eg deilde eit vaarlam i fempartar o. s. b. er berre noko vaas, som ingen stast høyrer heime. Det syner seg at skinnhandlar ikkje lenger er takksam for upplysingar og daa maa det eg skreiv ha verka utifraa godt. Eg derimot er svert takksam om du vilde gjeva upp sl.v -eller lv. paa vinterlam, For nokre dagar siden fortalde ein mann meg, at han i haust hadde kjøpt 2 vinterlam (tvillingar) og dei vog 18 kg. tilsaman. Er det av slike lam det vert so store skinn? Eller kanske det er verlova som er skuld i at vinterlamma ikkje vert større ?
Aanei, ein skal mest ikkje venta at vinterlamma vert store og trivelige naar dei ein halv vinter staar inne i eit kvalmt- saufjøs og trekker i seg turt høy. Det vert som aa gjeva nyfødde born "spekekjøtt".
Til hausten vil eg be skinnhandlar ta seg ein tur hit til bygda aa kjøpe skinn. Samstundes kunne du røgkja etter korleis folk likar verlova her. Endaa ein ting. Var det ikkje betre um du neste gong skriev namn unner stykke.
Budal 3. mars 1923.
L. Krigsvoll.