Arne Vardehaug, Landbrukstidende nr 31-32, 1944. S 132

Fjellbrev

 

Arne Vardehaug

Har hatt ein inspeksjonstur på fjellet, og då folk kanskje gjerne ville vita litt om korleis det er med sauene i Klenningen o.l. skal eg melda litt om dette.

Vi nytta den 19. og 20. juli til gjesting på Glonka. Sauene gjekk roleg og hadde det serleg bra. Beite var godt. Veret var litt kaldt, men det er no det beste beiteveret. Udyr var ikkje merka. Det gjorde mun at dei fanga og skadde nokre vargar i vinter. Ei ørn vart skoti i fjor sumar, og ei vart fanga i vinter; det og gjorde mon. Får vona vargane også held seg borte utpå hausten. Gjætarane i Klenningen har gevær og har skoti nokre haukar. Smellane gjer mon for vargane no, då det vart skoti på dei i vinter og dei vart skadde. Men Glonka ligg verst utsett, så det skulle vori nokre smellar kring "Snasa" og, så no og då. Får då vona vargane vart så skremde i vinter, at dei og held seg borte når tingane vert større, og det vert myrkt om natta.

Frå Glonka tok vi over om Vigvatna og oppover Funnsjødalen til standplassen for gjætarane i Klenningen. Eg visste at beite frå Sillar-vollen og til Valdsvollane var godt; men det var endå likare enn eg hadde funni ut før. Det er berre syrgjeleg at det ikkje er krøtter der. Det er berre ein. og annan forvilla sauskokken frå Klenningen som no og då kan koma dit. Men det er ikkje som sauhamn dette måtar best, det er for storfe og hest. Hegra og Stjørdal har der ei oppgåve å løysa. Få til ungfe- og hestedrifter deroppe! Der er plass for hundrevis av dyr. Dyra går no i bygda og et opp for mjølkekyrne, ja kanskje og tar vintermaten både for seg sjølv og for andre dyr. Kan nemna nokre standplassar: Voldsvollane (både for ungfe og hest), Vingstenesvolllen (kviger) og Sillervollen (oksar). Dette er eitt framlegg, men det kan gjerast på fleire måtar.

Oppi sauhamna i Klenningen var alt vel. Sauene gjekk ogso der roleg. Dei hadde no spreidd seg i småskokkar, som ein møtte her og der innover fjella. Det vert andre saker for sauene dette enn å gå i små, sjukdomsmitta trøer og i skog med blaute myrar. På fjellet vert sauen frisk, feit og fin. Kjem ikkje udyr utpå hausten, så er sauhamna her no kome i fast gjenge. Dyra har vorti kjende med trakta og likar seg; så no skulle del verste barnesjuker for dette tiltaket vera overvunne. Det kan då med tida verta mykje sau på feltet. Men vi har også "Blåstøyten" M. M. som kan nåast frå same standplassen. Heilt nye skokkar burde vel, kanskje, heilt frå neste år dit og då gjætast og drivast i natttrø dei første par åra. Sjefgjætaren og eg såg litt på dette.

Gjerde hadde dei fått i og no, så alt som var planlagt i første omgang var ferdigt . Men med utviding melder det seg fleire krav, så ein må vera budd på fleire anlegg.

Heimturen la vi om ungfehamnene for Frol. Det er berre kviger på Roknesbudstaden, og både oksar og kviger på Munkebybudstaden. Det var ein 80-90 dyr på kvart stelle. Brørne Hagen, som har kvar si drift, ser ut som dei har godt lag for gjætaryrke. Alle dyr var tilstades, men endå vart dei ikkje blåhelt. Og best av alt, dyra fekk gå og eta langt utetter kveldane - ja, når det måta, heile natta.

Som ein skyna, lika eg meg godt på turen. Folk vil vel vita korleis moltehausten teikna. Det var ikkje å skryta av. Nokre spreidde kartar var det då; får vona at nattkjølda ikkje tok alt. Det var kalt på fjellet om nettene, og eg såg frosen moltekart (potetgras og i bygda). Blåbær såg det ut til å verta noko av. Rype og storfugl var det ikkje så lite av. Men eg såg ikkje korp; det er teikn på at udyra var borte. Får vona dei vert borte heile hausten og.

Hadde nesten gløymt det mindre gode med turen. Det har no i nokre år komi mykje små furuplanter på rabbane innover fjella. Dei er no kring ein halv meter høge. No merka eg at mange planter, både på Reinsjøog Elvafoss statsålmenningar, hadde tørka bort. Kva er grunnen? Skogfolket får svara på dette.

25. juli 1944