Rasestrid i Trøndelag. Hentet fra Landbrukstidende nr 2-1938 sidene 13-14
J. Byrkjeland
I nr. 49 har Arne Vardehaug ein artikkel der han tilråder å setje i gang forsøk som kann gjeva svar på kva sauerase som løner seg best. Det er mange som har vore inne på det same. Og det syner at det er ans for det avgjerande med heile drifti.
Um det no er mogeleg å få i stand eit forsøk som kann gjeva svar på eit so viktigt spursmål, er då noko eg gjerne vilde dryfte med nokre ord her i bladet. Det fyrste eg då må peike på er at ogso hjå sau er stor skilnad millom dei einskilde dyr. Um dei kann vera jamstore, kan ei søye vera ein god mjølkar ei onnor ein ring. Derav vil atter fylgje at den eine kjem med store lamb um hausten, den andre med små. No er det vekti av lambi som er det som har mest å segja på inntektssida. Men når det faktisk er slik at det er stor skilnad innan kvar rase i dette å gjeva store lamb, vert det liti hjelp i ei samanlikning millom tvo rasar. Fyrste vilkåret laut iminsto vere at dei søyene ein samanlikna var av dei beste ein kunde uppdrive av kvar. Men ein laut til å skaffe seg visse um dette, fyrst setje i gang eit forsøk til å ettervise um søyene låg over medelen for sin rase.
Det kann vere at folk ikkje so lett vil skyne dette. Får eg då peike på nokre eigne røynslor frå det eg har havt med sau a gjere.
I mjølkeproduksjonen med ku, ser me no ikkje so mykje på rasen, når spursmålet fyrst og fremst er um mjølkeevna. Der står det, som me veit, meir på kuslaget. For innan kvar kurase er storparten medelgode mjølkarar eller der ikring, dessutan er det ikkje so lite av skrap, so det er i grunnen berre eit lite utval som kann segjast vera utmerkt gode. Og vil ein granske sauen, kjem ein til at det er sameleis med han. Kva so mjølkeevna har å segje for sauen? Jau det er greidt. Det er dei gode mjølkesøyene som um hausten kjem att med dei store lambi. Det vanskelege med sauen er no å slå fast kven som er ringe, medelgode,og mykje gode mjølkarar. Eg skal der fortelje korleis eg dei seinste 13 år har freista skaffa meg vissa um dette. Eg har vege lembi ved fødselen, dinæst da sauene har vorte sende til fjells. Skilnaden i lambevekt er tilvokster, og tilvokster delt på dagetalet gjev dagleg tilvokster som eg da har rekna i gram, både for kvart lamb og for kvar søye. Ved slike vegingar har det då synt seg at den daglege tilvoksteren kann svinga frå ikring 200 g. og mindre upp til 7800 g. for kvar søye, alt etter kor gode dei er til å mjølke. Dette er i ein cheviotflokk. Eg har ikkje freista med dalasau, men eg er viss uni at det same vil syne seg der. No er det nokk au andre faktorar som kann spele inn for haustvekti av lambi. Sume kann eigaren ha herredøme over, andre ikkje. Det hender at søyor fær jursjukdomar, som vanleg fører til at søya gjeldnar av heller fort. Slike søyer kann ein gjerne slakte med ein gong um sumaren eller til den tid det best høver. Dei vil aldri bli fullgode mjølkarar meir. Det kann og henda at lambet kjem ifrå mori, og kor god mjølkar ho då er, kjem lambet lite att um hausten. Slikt ein kallar blålamb um hausten er jamnast slike som har kome burti dette, og det er ikkje rett mykje ein kann gjera til å hindre det. Derimot kan det vera at søyone på nokor vis kjem burti matløysa um våren. Ein føder dei for kleint etter dei har lamba, eller uver kjem til, eller dei kjem på eit svart beite, vert for tidleg jaga i utmarki, eller til fjells. Då gjeldnar søyone heller fort, og har mykje vanskeleg for å ta seg uppatt seinare når betre vilkår bydst.
Hjå ein flink sauemann spelar alderen på lambi og sterkt inn for haustvekti. Meir enn dei fleste veit. Hjå den som er mindre driven, har det derimot mindre lå segja.
Når eg har halde desse røynlege ting fram i denne samanheng, er det for å syne kor vanskeleg det vert å få søyone frå dei tvo rasane som skal samanliknast so jamgode at det vert vilkår for samanlikning. Eit slikt jamførande forsøk kann difor likso lett verta til villleiding som til rettleiding, um ulukka er ute, og ein fær gode søyor frå den eine rasen, men ringe frå den andre. Sume kunde der vilja segje at når ein t. d. tok 3.premiesøydor frå kvar side, måtte saki vera greid. Eg er ikkje so viss um det. Den dom prisdomarane feller på ein utstilling kann no berre verta ein dom um dyri slik dei ser ut utstillingsdagen. Men det er berre den interessera eigaren som har nærmare kjennskap til kva del duger til. Me har ikkje enda so mykje som vissa for at kvar søye moter med eigne lamb. Men den som vil frametter i saueavl, må iminsto ha dette klårt for seg.
Um det soleis er store vanskar med ei pålitande samanlikning millom tvo rasar, er det ein annan ting som er lettare, og som me bør ansa noko um. Det er vinterforingi, kva ho kostar for kvar rase. Men um dette vil ein finna god rettleiding i meldingane frå saue avlsgarden på Edøy.