O. Th. Engdal, Landbrukstidende s13-14, 1943

Beitekultur i krisetider - Hardbeiting med sau

 

O. Th. Engdal, Statens saualsgard, Edøy

Det er mykje skrive om at kulturbeita skal vera førsteklasses. Men det beste kan sumtid vera til skade for det gode. Ein møter ofte folk som har fått den forståing, at det ikkje er gagn i å gjera noko til betring av beita, om ikkje alt vert gjort etter den mest fullgode opskrift.

I krisetider som no kan dette på ymse vis verta til skade for beitearbeidet. Sanninga er, at mange klene beite vert betre med små påkostningar som t. d. noko skogrydjing, lyngslått, noko veiting, brenning av boss og kvist, hardbeiting med sau. el. a.

På mange gardar, endåtil på beitelause småbruk, er det tørrlendte bakkar og haugar so attvaksne med skog og kratt at dei ikkje kan nyttast til beite. Dyra vil ikkje smaka graset som veks i heilskugge.

Ein tok til å skogrydja ein slik haug på eit småbruk våren 1941. Der var stor og små bjørk, or, selje, rogn, hatl og einer. Storbjørkene vart næver- og borkflekte. Der attåt vart det mange hundra kjerv lauv og mykje god bjørkeved. Dei største hatlekjerr med optil 50 skot frå kvar rot, gav og so mykje lauv til vinterfor. Bork og næver betala meir enn arbeidet med alt dette.

Dei snauhogde flatene fekk kring 15 kg fullgjødsel pr. mål, og alt første sumaren vart det beite til ei mjølkeku. Men ho tok ikkje rotskota (tennungen) som kom serleg tett frå bjørk- og hatlstubbane.

Tidleg våren 1942 vart slept lamsøyer med lam, men det vart for lite beite åt flokken frå våren. Dette var ogso meininga, so dei skulde nøydast taka tennungen. Først tok dei alt av rogn og osp, dinest selje og bjørk, men dei vart ogso nøydde taka hatl- og oreskot. Då det var gjort, vart det nedhogd meir lauvskog, etterkvart dei åt op lauvet. På dette viset vart ogso skogen nytta til beite, og sauene reinska beitet for ukrut og hjelpte til å auke beitevidda. Seinare på sumaren vart det so tett grasrot at det vart uturvande å hogga ned meir skog. Det var no mest inkje kunsthevd å få, men beitegraset heldt seg grønt og frodigt til seinhaustes. Truleg kom dette av at sauene gjev frå seg smårasjonar av fast og flytande mest alle stader, so det vert mykje jamnare gjødselverknad enn etter storfe, som mest drep grasrota med dei store kladasane og det sterke vatnet sitt.

Der ein brende boss og kvist, var det ikkje nytta anna enn oppsop frå låven etter natureng til isåing. Dette grodde villig, og trass i saugnag og sauetrakk, vart det tett grasrot til hausten. Spirande ugras av ymse slag tok ogso sauene etter kvart-.

No vil folk tru, at sauene fekk for lite mat under hardbeitinga og lauvetinga om våren. Det såg ikkje slik ut. Lamma voks meir enn ventande snøgt. Ein såg at dei ogso ofte fekk suge og lenge kvar gong. Det var soleis mjølk nok, og søyene var spreke og i godt hald. Alt i august vart slakta ei gjeldsøye, og ho var sers feit. I septbr. vart ei lamsøye slakta, og ho var ogso uvanleg feit. Seinhaustes vart lamma vegne samstundes med lam frå gode fjellbeiter, og dei frå hardbeitinga heime, fødd i mai, var tyngst.

Ein trur at hardbeiting med sau er for lite nytta ved anlegg og betring av beiter. Det vore difor turvande, at fleire til våren prøver dette, so ein fekk allsidig røynsle. På denne måten kunde ein ogso meir lettvindt få til vår- og haustbeite til sau utan å gjera skade på innmarka. So lenge slike beiter ikkje vert for mykje fengde med innvollssnyltarar, kan dyra vera like gode som pa fjellbeita.