Olav Hjulstad. Landbrukstidende nr. 19. Sidene 145-147, 1942

Vaksande interessa for kulturbeita i Nord-Trøndelag

 

Olav Hjulstad

Det vert og arbeidd med tiltak for bedre utnytting av fjellbeita. Samrøda med Beiteutvalet om aktuelle beitespørsmål

Nord-Trøndelag - eit rikt og vakkert fylke. Dette inntrykk sit ein att med etter ei ferd gjennom dei breie, romslege bygdene. Her er jord nok, god næringsrik jord, og ho er veldriven. - Her er og rikeleg skog, som strekker seg innover åsrygger og langt opp mot fjellet, i god vokster. Men beite, korleis er beite tilhøva i fylket? Vi rettar spørsmålet til sekretæren i Beiteutvalet, landbrukskandidat Olav Hjulstad ved landbrukskontoret i Sunnan.

Nord-Trøndelag - eit rikt og vakkert fylke. Dette inntrykk sit ein att med etter ei ferd gjennom dei breie, romslege bygdene. Her er jord nok, god næringsrik jord, og ho er veldriven. - Her er og rikeleg skog, som strekker seg innover åsrygger og langt opp mot fjellet, i god vokster. Men beite, korleis er beite tilhøva i fylket? Vi rettar spørsmålet til sekretæren i Beiteutvalet, landbrukskandidat Olav Hjulstad ved landbrukskontoret i Sunnan.

Dei naturlege beita, på innmark og i utmarsk, skaffar det meste beite i NordTrøndelag. Men dei naturlege beita, serleg i utmarsk, er heilt utilstrekkelege for den avdrått ein må krevja av mjølkefeet. Oftast er dei for ringe for andre beitedyr med. Ein har derfor dei fleste stader vore nøydd til å drive beiting på gjødsla eng, serleg har håbeiting frampå hausten vore mykje brukt.

Men vilkåra for beitebruk er vel i røynda gode?
- Ja, Nord-Trøndelag har gode vilkår for beitebruk. Ofte kan det nok vera litt tørt på føresommaren, men ellers høver verlaget godt for grasvokster. Vi får såleis store engavlingar. Vi veit og at det går an å få store avkastingar på beite, om ikkje så store som på Vestlandet. På kulturbeite er det målt avkastingar på opp mot 400 forverd pr. dekar i Trøndelag, men vi er som oftast nøgde med avkastingar på kring 200 f6rverd pr. dekar.

Korleis står så fylket med omsyn til kulturbeite ? Og interessa for beitedyrking i fylket?
- Tidlegare har interessa vore lita, stort set. Det er føregangsmennene som har drive beitebruket fram, og andre har teke etter. No er interessa voksande i dei fleste bygder. Einskilde bygder står likevel noko att enno. Det er serleg mellom kystbygdene og fjellbygdene.

I det siste har det vore ytt tilskot til beitedyrking, og tilskotet vart som kjent utvida for vel så eit år sidan. Ein heil del har planlagt beite siste året. Del fleste anlegg er i Sparbu, Snåsa, Stod, Kvam og Inderøy. Dette er bygder som og før har etter måten bra med kulturbeite. I Ytre Namdal, der det finst minst kulturbeite, og der det mange stader er svært gode vilkår for dyrka beite, er det dessverre få nye anlegg. Eit unnatak er Fosnes, der det er planlagt nokre nye beite no. Beitene på Val jordbruksskole viser at det er gode naturlege vilkår i Ytre Namdal.

Har så folk høveleg jord til å laga beite på ?
I dei fleste bygder er det nok jord å ta av. Unntak kan det vera for bygder som t. d. Frosta, der jorda er så godt utnytta til andre føremål. Mange stader kan det og vera einskilde bruk, mest småbruk, som har for lite eller som vantar jord til beitedyrking. Stort set har ein likevel jord nok.

I samanheng med spørsmålet om jord til bruk som har for lite, t.d. beitelause småbruk, kan det nemnast at slike bruk kan skaffast nok beite gjennom litt samarbeid. T. d. ved å kjøpa eller ved å leiga høveleg jord som så vert dyrka og brukt sams. Vi har nokre døme på slike sambeite for små bruk her i fylket, og det bør bli fleire.

Med omsyn til høveleg beitejord kan det elles nemnast at i mange bygder finst det mykje myr som det kan lagast beite på. Røynsler som hittil er gjort på mosemyr viser at slik myr kan gjeva gode beiter. Elt demonstrasjonsbeite på Lensmyra på Røra er døme på det. Omlag 25 dekar der vart tilsådd i fjor vår, og det teiknar bra. Men slik myr vert noko dyrare å dyrka, sidan ho må påkøyrast sand eller leir.

Elles kan det lagast beite på ymse jordtyper, og mange stader har ein jord som ligg lagleg til, utan at ein treng å hogga skog for å skaffa plass til beite.

Korleis ser De på beitedyrkinga som lekk i matauken no i krisa?
- Det kan vel vera vanskeleg å få så stor avkasting ved nydyrking at det forslår noko no i krisa. Så lageleg kan sjølvsagt jorda vera at ho gjev bra avkasting på stutt tid, men på del fleste stader er beitedyrkinga elt arbeid på lang sikt.

- Det som forslår mest for mataukinga er å auka avkastinga på del beita vi har. Her er det mykje å vinna. Gjødslinga kan t. d. betrast i den mon rasjoneringa tillet det. Og så kan det - og bør det - bli betre nytting av beitegraset, betre beiteteknikk, med høveleg skifteinndeling. Beita bør og haldast meir fri for kratt og ugras.

Krisa medfører vel og vanskar for beitedyrkinga i fylket Dykkar?
- Ja, den største vansken er at vi ikkje kan få nok gjødsel. Men noko kan rettast på her dersom folk brukar den gjødsla som er på rette måten.

Skort på gjerdematerial gjer og at det blir verre å få gjennomført skikkeleg beiteteknikk. Ein må prøva å hjelpa seg med heimelaga gjerde så langt det er råd, skigard, bakhungjerde o. a., og så bruka elektrisk gjerde der det høver og i den mon slikt gjerde kan skaffast.

Skort på arbeidskraft verkar og inn på farten i beitedyrkinga. Likeeins skort på beitefrø. Det er no ei viktig oppgåva å avla beitefrø sjølve. Det kan avlast på eldre vollar med kvein og svingel, mest muleg reine for ugras.

Og fjellbeita i fylket?
- Vi har store vidder med fjellbeite i Nord-Trøndelag. Dei granskingar vi har over avkastinga på fjellbeite syner og at vi også der kan koma høgt. Såleis er det målt ein vektauke på 80 kg hos kviger på fjellbeite.

Har De sett i verk serlege tiltak for å utnytta fjellbeita?
- Ja, med stønad frå landbruksselskapet har beiteutvalet med landbrukslærar Vardehaug prøvt å få eit oversyn over fjellbeita i fylket. Det er fare over mange fjellstrekningar, men mykje er ufare eno. Som døme kan nemnast at vi reknar at i Meråkerfjella er det beite til minst 14,000 sauer, I Frol-Verdalsfjella 15,000 sauer, i Sparbu-Ogndalsfjella over 2000 sauer og i Snåsafjellet 15,000 sauer. Endå har ein berre førebils oversyn. Vi vonar at det skal verta høve til å halda fram med desse granskingane, og etter kvart gå grundigare tilverks.

Det er i dei seinare år kome i gang nokre samdrifter med ungfe, oksar og sauer. Siste sommaren var det omlag 3000 sauer med i slike drifter. Fylket har omlag 70,000 sauer i sommarhalvåret, og sjølv om det kjem ein del sauer på fjellbeite utanom driftene, så er det dessverre enno ein liten del av sauene i fylket som kjem på gode fjellbeite.

Kva oppgåver arbeider De med i beiteutvalet for tida?
- Vi har set det som ei stor oppgåva å få med flest muleg sauer og ungdyr i samdrifter i fjellet. I dei fieste høve må ein rekna med gjæting av slike drifter, men her vantar vi gjætarar som kan.

Vi har derfor tatt opp spørsmålet om å få utlærd sauegjætarar, Vi har no fått tak i ein ekspert frå Rogaland som skal vera gjætar i ei stor drift i Klenningen til sommaren, og denne gjætaren skal ha med seg 5 lærlingar her frå fylket. Dessutan skal 5 lærlingar frå fylket reisa til Rogaland for å vera med på liknande kurs der. Staten yter no stønad til slike kurs. Når det vert utdana gjætarar skulle det vera mykje lettare å skaffa dugande karar til dei driftene som kjem i gang.

Drifta i Klenningen-Meråker er eit nytt tiltak som beiteutvalet står i brodden for. Sauehamna er meint for Stjørdalsbygdene, Frosta, Åsen og Skogn. Utvalet har sikra seg beiterett, og når vi nå får ein flink gjætar, skulle denne planen gå i orden.

Tilslutninga til denne drifta ser ut til å bli god frå mange bygder. Nokre få bygder syner likevel mindre interessa. Vi reknar med at tiltaket i Klenningen vil få stort verd for dei bygdene som blir med. Det er meininga at når tiltaket er korne godt i gjenge skal seaueeigarane sjølve overta heile drif ta.

Elles vil beiteutvalet arbeida for at alle bygdene etter kvart får høve til å senda sauer og ungfe på fjellbeite. Men dette tek nok ei tid enno, m. a. fordi vi enno vantar gjætarar.

Nyttinga av fjellbeita er sers viktig for sjølvberginga med kjøt og ull, og det er å vona at folk vil slutta opp om dei tiltak som er i gang og som etter kvart vert skipa.

Kva voner har De elles om beitesaka i fylket?
-Målet for beitedrifta må vera: Alle sauer, geiter, ungfe og unghestar på fjellbeite. Til mjølkefe, kalvar og arbeidshestar må det skaffast nok og rikeleg beite, kulturbeite, heime, anten i heile beitetida, eller som vår- og haustbeite til utfylling av gode seterhamningar.

Vi har gode naturlege vilkår for å nå dette målet her i fylket. Vi får og vona at pristilhøva og andre tilhøva blir lagt slik tilrette at målet kan nåast om ikkje så lenge.

Beiteutvalet vil så langt det er råd hjelpa til å arbeida beitesaka fram på båe desse frontane, fjellbeita og kulturbeita, sluttar herr Hjulstad.