O. F. Landbrukstidende side 14, 1942

Tang og tare til gjødsel

 

Tang og tare kan vera for dersom ein haustar det friskt. Men kvart år driv stormen store massar av daudt tang og daud tare opp i fjæra. Slikt er ikkje høveleg til for, men derimot til gjødsel.

Serleg mykje tang driv det i land på slike stader som ligg ope mot havet og stormane. Men det kan driva noko tang i land i viker innover fjordane og. Dette laussliti, daude tanget vert lagt opp i flodmålet øvst i fjæra, så det oftast er lett å få tak i.

Det er ikkje så lite gjødsel i dette tanget (flostrenget). Men det er litt uhandterlig å bruka beinveges, fordi plantene er sterke og seige, heng seg fast på reidskapen og er noko vanskeleg å få mylda ned på åkeren. På eng vert det liggjande og turka, og til slutt må ein raka av det som ikkje har smuldra opp. Somme brenner tanget og brukar aska til gjødsel. Men da misser ein alt kvelstoffet, og det er det verdfullaste. Det greiaste er å leggja tanget saman i litt store haugar nede ved sjøen. Det vil da støtt halda seg fuktig inne i haugen, og det vert gjæring og rotning. Har haugen legi over ein sommar, har tangen rotna så mykje at han smuldrar opp når ein brukar han som gjødsel, og da er han høveleg til bruk. Ved bruk av tang til beitedyrking på lyngmark kan ein leggja så tjukke lag frisk tang beinveges på marka at han. kan rotna der. I år kan ein og bli nødt til å nytta haugar som er opplagde i vinter, fordi det vert så lite gjødsel.

Slik rotna tanggjødsel inneheld litt meir kvelstoff og kali enn vanleg, husdyrgjødsel, men berre omkring 1/3 av fosforsyra. Dersom ein brukar berre slik tanggjødsel i mange år etter kvarandre på same jordstykke, kan det bli lite verknad av han, fordi det vert for lite fosforsyre. Ein bør derfor helst bruka litt fosfat-kunstgjødsel ved sida av tanggjødselen. Har ein ikkje høve til det, kan ein bruka 1/2 gjødsling av tanggjødsel og 1/2 gjødsling av fast naturgjødsel. Da greier det seg med fosforsyre.

Tanggjødsel inneheld heller ikkje kalk, og attåt det tærer han litt på kalkinnhaldet i jorda, fordi han inneheld så mykje alkalisalt. Der ein brukar mykje tanggjødsel, bør ein derfor kalka litt meir enn på annan jord. I dei strok det er lett å få tak i tang til gjødsel, er det og som regel etter måten lett å få tak i skjelsand, så det vert ei råd for kalkinga. Å blanda fiskebein i tanggjødsla skaffar både kalk og fosforsyre.

Tanget inneheld mest alle dei stoff som finst i havvatnet, og det er fleire av desse stoffa som kan vera til nytte for plantene enn dei vi til vanleg reknar med ved gjødslinga.

Når vi framleies skal ha mykje åker og det vert lite kunstgjødsel å få kjøpt, så gjeld det at dei bønder og småbrukarar som bur attmed sjøen, nyttar ut tangen som driv opp i fjæra, til gjødsel. Tek ein det på rette måten og nyttar vinteren til å leggja isaman tangen, er dette eit sers nyttig arbeid for å auka avlingane.