Arne Vardehaug. Landbrukstidende nr. 20. Sidene 153-155, 1942
Arne Vardehaug
Men tiltaka må vera velskipa. Interessa er jamt aukande for samdrifter, seier landbrukslærar ARNE VARDEHAUG
Interessa for samdrifter i fjellet har vakse fram jamsides interessa for å kunna nytta betre dei store fjellviddene og kravet om å skaffa sauer og ungdyr eit godt og helsig opphald om sommaren. Det er t. d. ei vanleg meining at skal ein få skikk på sauehaldet, så må sauene på godt fjellbeite sommarstid. Men det fører ofte ikkje fram med små og spreidde tiltak på dette omkverve. Det vert for usikkert og dyrt. Det må samdrift og gjæting til. Fjellomkverva er og ofte slik laga at dyra må ha stendig tilsyn for ikkje å koma på vidotta. Omsynet til rovdyra krev det og.
I Nord-Trøndelag har ein no ei tid hatt fleire slike samdrifter i gang. Når ein i dette fylke er komen så godt i veg som tilfelle er, skuldast det i fyrste rekkja ei n mann, landbrukslærar Arne Vardehaug, Frol, som lenge har vore ein varm talsmann for fjellbeitesaka, og ein føregangsmann på dette omkverve. Vi vender oss derfor til herr Vardehaug for å høyra litt om røynslene hans med samdriftetiltak.
- Når fekk De ideen om å gå i gang med slike tiltak?
Alt som gjætargut på Fersdalen i 1903 og 1904 hadde eg stor interessa for fjellhamningar. Sommaren 1919 tok eg ein tur til Vang i Valdres for å studera driftetiltak i beiter opp mot Jotunheimen. Men det var fyrst i 1928 at eg fekk i gang eit tiltak med kvigehamn i Steinsdalen i Verdalsfjella, der det og vart teke inn omlag 30 sauer. Dette forsøket lukkast svært godt. Med dette tiltaket fekk eg og stor interessa for samdrift med sau. Aret etter byrja eg med ei oksehamn i Kverndalen, ei drift som seinare er overteken av landbruksselskapet i Nord-Trøndelag. Seinare er det vorte igangsett drifter med så vel kviger, oksar og sauer fleire stader i fylket. Landbruksselskapet har*og støtt godt oppunder dette arbeidet.
- Og kva røynsler har De gjort med omsyn til avdråtten?
Medeltilveksten på kviger i Steinsdalen i 1928 var 39 kg på ei beitetid på 73 dagar. Den beste tilveksten som er målt var på ein ungokse under eitt år som auka vekta si frå 144 kg til 219 kg, d.v.s. 75 kg. Det var i Kverndalen. Tilvekst for sau på fjellbeite har eg ikkje målt sjølv, men andre stader frå har ein fleire oppgåver som syner stor vektauke. Såleis syner ei oppgåve frå ein dugande sauehaldar i Snåsa, at i 1940 var tilveksten 14 kg for vaksne sauer og 20 kg for lam på ei beitetid på 81 dagar. Elles syner meldingane frå statskonsulent Sæland ut gjennom åra at så vel storfe som sauer legg på seg overlag mykje på fjellbeite. Dette er og ei vanleg røynsla.
- Kva røynsler har De elles gjort med slike tiltak?
Ja, for det første må hamneretten for beite vera godt ordna i førevegen. Dessutan må det vera full ordning med natt-trøer og gjætarbuer. Og sist men ikkje minst må ein ha dugande gjætarar og gode gjætarhundar. Som gjætar sjølv i nokre år gjorde eg den røynsla at det alltid går bra når gjætaren gjer det han kan.
- Korleis har så interessa mellom folk vore for slike tiltak?
Ja, interessa var tidlegare skiftande. Det synte seg t. d. at når eit tiltak ikkje slo så godt til, så var og interessa minkande. Alt var då gjerne ikkje førebudd så vel som det skulle. Det viser seg at tiltak som er velskipa som regel går bra, og ein må sela at interessa har vdre jamt aukande dei siste 10-åra. For tida er det stor. interessa for slike tiltak fleire stader.
- De nemnde såvidt gjætarspørsmålet. Korleis stiller det seg med å få gode gjætarar?
Det er svært vanskeleg. Både fordi det er få som har anlegg og fordi det er ingen som kan, dessutan fordi folk nødig vil betala full løn for folk som "berre" skal vera gjætarar. Det må gå opp for folk at gjætaryrket er eit strengt arbeid, som krev sin mann fullt ut. Når vi no får i gang den nye gjætarskolen i Klenningen, i samanheng med ei samdrift med sau deroppe, er det å vona at vi får fleire dugande gjætarar i fylket, og gjætarar som kan styra ein gjætarhund.
- Kva dreiar hamnepengane seg om i slike drifter?
Hamnepengane for oksar og kviger har svinga kr. 7,- til kr. 10,- pr. dyr for dei hamningar eg har best kjennskap til. Hamnepengane for sau var i fjor kr. 2,- pr. dyr for ei drift eg styrde. I år er det kalkulert med kr. 3,50 pr. dyr i hamnepengar for hamningane Glonka og Klenningen, men dyra er då trygda. Som hovedgjætarar er det og med fullt utlærde folk frå Rogaland.
- De meiner derfor at det er god forretning å senda dyra sine i slike drifter?
Ja, det meiner eg absolutt. Som eit lite døme på lønsemda vil eg nemna at det produserte kjøt på Steinsdals-hamna i 1928 kom på kr. 0,35, då kjøtprisen var omlag kr. 1,50 pr. kg. Ein må då her rekna med at dyra legg på seg ein god del meir på fjellbeite enn på vanleg skogsbeite, slik at ein får god dekning for hamnepengane. Dessutan må ein hugsa at opphaldet i fjellet gjer dyra helsigare og slike dyr nyttar betre det heimeavla foret om vinteren. Serleg sauen betalar godt for fjellopphaldet, og det er vel heller ingen annen som kan nytta fjellviddene så godt som nettopp sauen.
- Og Nord-Trøndelag har vel beiter nok og gode vilkår for slike tiltak?
Ja, fjellbeite har vi nok av, og etter det vi veit er og mange av dei svært gode. Dei naturlege vilkår elles skulle og liggja vel tilrette i Nord-Trøndelag.
- Har De elles noko De vil seia i samanheng med fjellbeitespørsmålet?
Ja, eg skulle ynskja at vi hadde fått vegar til fjellbeitene våre, så ein lettvint kunne koma fram til beite. Dessutan vil eg nemna at det for storfe ville vera viktig å ha så store natttrøer at dyra kunne få beita om natta. På eit kulturbeite legg ein stor vekt på at dyra må gå ute om natta, og dette gjeld ikkje i mindre grad på eit fjellbeite. Som gjerde rundt slike store trøer kunne ein då bruka elektrisk gjerde. Etter den røynsla eg hittil har gjort, syner det seg at elektrisk gjerde er effektivt i slike høve.