Olav Fjærli. Landbrukstidende nr. 20. Sidene 153-154, 1941. Første del av dette foredraget var i nr. 19 som desverre mangler i samlingen.

Alsspørsmål for Rødt trønderfe

 

Foredrag av statskonsulent Olav Fjærli på fellesmøte av Sør-Trøndelag landbruksselskap og Alsforeningen for Rødt trønderfe i Trondheim 22. april 1941 - del 2

Statkonsulent Olav Fjærli

Spursmålet om sammenslåning av Raudt trønderfe og ayrshirepræga fe på Hedmark.

Svaret frå trønderane på dette spursmålet må etter mi meining væra avhengig av om hedemarkingane heilt einsidig vil bruke oksar av svensk S.R.B. rase til dei har same rase som i Sverig, - eller dei vil fylje den vegen som er peika ut av den nemnda som landbruksdirektøren sette ned -den veg at dei bruka oksar av Raudt trønderfe, svensk S.R.B. og reint ayrshirefe og blandingar millom desse rasar til dei har fått fram eit fe der kyrne veg omkring 450 kg., eller 50 kg. meir enn Raudt trønderfe no.

Repræsentantane frå landbruksselskapa i Trøndelag og eg rår til at dette spursmålet står ut til ein får sjå kva det kjem ut av alsarbeidet med ayrshirapræga fe på Hedmark og Austlandet ellers. Går det i den lei at det vert ein rase som liknar mykje på Raud trønder, så får ein ta spursmålet opp igjen.

Eg trur dette er eit klogt standpunkt slik som stoda er.

374 Bella, S.R.B.

Bør ein friske opp Raud trønder med bruk av nye innførte ayrshireoksar for å få rasen litt større og prove å gjære han enno betre ellers?

Når folk på Austlandet no byrjar å vil halde ayrshirepræga fe, så skulde det ha vore naturleg at dei hadde vendt seg til trøndarane for å kjøpe alsdyr og da særleg oksar av Raud trønder. Trønderane byrja å drive med å gjennemøre ayrshirerasen med kryssing alt for 80 år sidan og har fått fram ein ayrshirapræga rase. Og det er ein god rase både for mjølkeproduksjon og kjøttproduksjon.

Når austlendingane kjøper oksar får Sverig og ikkje frå Trøndelag, så kjem det av at dei tykkjer Raud trønder er for liten og at han heller ikkje er så vakkert bygd som svensk S.R.B. Det siste er rett.

At Raud trønder og kunne væra litt større no etterkvart som det vert vanleg med kulturbeitar, kan det og væra noko i. Det er ikkje berre austlendingane som meiner det. Det er og mange trøndarar som vil kjøpe S.R.B. oksar frå Austlandet for å få storleiken noko opp og kropsbyggnaden betre på feet sit. Det er kome søknader om å få sette inn slike oksar i fealslag. Dette har eg enno ikkje gått med på. Men det kjem an på kor lenge eg bør nekte. Fylgjen av nekting er at folk kjøper slike oksar privat. Og det blir da helst dårlege oksar som dei kan få billeg. Og det kan bli kjøpt so mykje av dårlege oksar at det vert tilbakegong for fealen i Trøndelag.

Trøndelag står framfør eit viktig val av veg når det gjeld al av Rødt trønderfe. Det er fleire vegar å gå.

Tenkjer vi som så, at vi held på rasen uten noko innblanding av større og litt meir velbygd ayrshirefe, so kjøper folk likevel billege og heller dårlege private oksar frå Austlandet. Når dette har gått ei tid, vert vi så samd om at vi heller må kjøpe gode oksar frå Austlandet til fealslaga. Så vert dette etterkvart det mest vanlege, og so er trøndarane etterkvart vorte ein etterbåt etter austlendingane i ayrshirefealen. Dei som har dreve al med ayrshirefe i 80 år, har vorte etterbåt etter folk som nyleg har byrja. Det burde vel heller ha vorte heilt omvendt.

Vel ein å gå samen med austlendingane straks, går ein inn i det uvisse. Ein veit enno, ikkje korhen arbeidet med ayrshirepræga fe på Austlandet fører hen. Helst vert det vel til den svenske S.R.B.-rasen, der kyrne har ei medelvekt på ikring 500 kg. Det vert vel eit noko stort steg for trønderane - so med ein gong i allfall.

Ein tredje veg er at ein kjøper nokre gode ayrshirepræga oksar og brukar i fealslaga for å få storleiken litt opp og byggnaden betre. Gjer ein det kunde Raud trønder bli stor nok for austlendingane, og dei kunde kjøpe aledyr i Trøndelag. Trøndelag som har dreve ayrshireal i 80 år, vilde da kunne væra dei førande i alsarbeidet med ayrshirepræga fe her i landet istaden for å bli etterbåt for andre.

Repræsentantane frå landbruksselskapa og eg har funne at vi bør rå til at det vert gått denne vegen, men på ein sers varsam måte.

Tek ein dette på den måten at ein godtek oksar av svensk S.R.B. som fealslagsoksar, når dei berre greier krava til kropsbyggnad og avdrot, så kan fealslaga kjøpe av dei billegaste godkjendte oksane i Sverig. Og på Austlandet vil dei og bli dyre, når dei skal væra av det aller bedste slag. Å kjøpe oksar til 1000 kroner eller slik utanfrå er Raud trønderrase ikkje tent med. Det kunde bli slik at feet vart noko større og byggnaden litt betre, men avdrotten av mjølk og fett fylgde ikkje med slik som han skulde.

Eg har undersøkt kor mykje mjølk og fett dei regnskapsførte dyr av S.R.B. og Raud trønder gir for 100 kg. kropsvekt og for 100 foreiningar. Eg er kome til det resultat at det ikkje er nokon skilnad på rasane på den måten. Det er såvidt at det svenske feet vinn når ein reknar ut fett pr. 100 forverd, men skilnaden er ikkje større enn 4,96 kg. til 4,93 kg. For avdrotten er det da betre å halda fram med trønderoksar av bedste avstamning enn svenske av andre klasse avstamning. Heilt annerleis er det om ein kan kjøpe oksar med den bedste arv som fins i S.R.B. Det er stammar som står svært høgt både. i mjølk og fett.

Vi i nemnda er komne til det resultat at ein bør gå til ei oppfriskning med 3-4 framifrå ayrshireoksar i kvart av dei 2 trønderfylka og da kjøpa av det bedste som fins i grannelandet vort - uten å sjå på pengane. Raude trønderkyr med 1. og 2. præmie for avdrott måtte først og fremst få koma til desse oksane. Om nokre år vilde kanhende dei fleste fealslagoksar og mange av dei kyr som vart bruka til al være etter desse oksane. Arven etter desse oksane vart spredd over heile Trøndelag. Da er berre den beste arv god nok, og ein får i tilfelle ikkje sjå på pengane.

Det beste var at landbruksselskape kjøpte desse oksane og stasjonerar dei litt skiftevis i fylket, dersom oksane var så snille at det gikk an. Har ikkje landbruksselskapa råd, får ein vende seg til dei meieria som har mest råd til å væra med på eit slikt tak.

Om ein går denne vegen, så kan det bli et spursmål om ein skal kjøpa oksar av den gamle svenske "Rødbrokige ras" eller av den gamle "Svenske" ayrshirerase. (Som nemnt er dei no slege sammen til S.R.B.) Vi i nemnda er einig om at ein i tilfelle helst bør halde seg til Svensk ayrshirerase. Da har Trøndelag berre halde vidare fram med same lina som dei har fylgt i 80, år utan nokor vakling. Dei har berre teke ei ny oppfrisking med nokre nye framifrå ayrshireoksar.

Det er halde fram på Austlandet, at "Rødbrokig" både hadde betre byggnad og gav meir mjølk og fett enn svensk ayrshire. Det er ikke slik. Eg har sett igjennom både mål for stambokføring og regnskap for avdrott. Det er helst slik at Ayrshiren har dei beste mål. Rasane er like store. Kyrne har ei levande vekt på ca. 500 kg. i medel i båe rasar. Rødbrokig gir litt meir mjølk, men ayrshirekua har høgare fettprosent i mjølka, so fettproduksjonen pr. år står berre 1.3 kg. høgare for året hos Rødbrokig. Men so meiner eg at Rødbrokig har vore mest spredd i dei beste strøk. Det er 87 store "kontrollbesetningar" for S.R.B. i Sverig. Den beste av alle desse har i mange år vore ein rein ayrshirebuskap. Mjølkavkastning:

264 Dido, S.R.B

Om ein kjøpte 3-4 slike framifrå oksar til kvart fylke, so meiner vi at ein ikkje skulle gi løyve til at fealslag kjøpte medels oksar ved sida av. Dei fikk vente til dei fikk kjøpe avkom etter desse gilde oksane og dei beste trønderkyr.

Tek ein spursmålet på denne måten kan ein på nokre år få storleiken på Rødt trønderfe oppover til 425-450 kg. levande vekt (Ayrshirerasen i Skotland er på ikring 450 kg.). Kropsbygnaden kan bli noko betre og produksjonsevnen for mjølk og fett kan og gå oppover, når berre ein sprer god arv.

Ved ein innkryssing av svensk ayrshirefe i Rødt trønderfe, meiner eg vi vil få ein kryssingsvitalitet som vert like stor som ved kryssing millom "Rødbrokig" og "Svensk ayrshireras". Og eg meiner ei slik oppfrisking vil bli til varig gagn for Rødt trønderfe på fleiré måter.

-Det er vel dei som meiner at Rød trønder blir for stor med dette. Det meiner ikkje eg. Etterkvart som det no vert kulturbeiter til feet, bør Rød trønder bli like stor som ayrshirefeet i Skotland. Det bør koma på høgd med dette på alle vis. Det vil jordbruket i Trøndelag stå seg på.

Trøndelag har høve til å få det beste ayrshirefe i landet og bli den førande landsluten i ayrshireavlen.

Trøndelag bør nytte høvet!