Jon Sæland, Landbrukstidende nr 14, 1923. Side 155.
Eg spurte kor mykje sauen i Morseths styringstid hadde faatt av alle dei hundradtusind som var nytta av offentlege pengar til framhjelp av husdyra og skreiv so at ,,Han (Morseth) kan daa vel ikkje ha drive med det som han no, lenge fyrr det trengst, vil tukte andre for" . Men dette er med "tukt aa melde noget vrøvl" seier Morseth. Han har ikkje med eit ord nemnt korkje utvallsmøter eller utstellingar for sau. Rett, rett. Men kva var det Morseth vilde tukte ,,enkelte av sauavlens forkjempere" for? Jau for overdriving, for urimelegt einsidugt arbeid for sauen. Det var altsaa det eg spurte um - um det kunde vera tenkjeleg, at Morseth, som var so snar til tukt og formaning mot sauen verkeleg sjølv kunde ha overdrive med heste- og kuinteressune, um han verkeleg naar det kom til stykket ikkje sjølv hadde vore mest einsidug.
Eg hadde verkeleg ein tanke um at det var so. Og skynar eg Morseth rett, går han no ogsaa med paa dette. Berre "de siste 1 ½ år var det anledning til å gjøre noget serskildt for denne avl" (saueavlen). ,,Anledning?" . Var det ikkje "anledning" til å gjera noko for sauealet sjølv um statstilskota til vera lag fyrst kom i 1916? Enn for ei underleg orsaking. "Efter iherdig arbeide" endeleg statstilskot for verar som andre husdyr, seier Morseth. Men kven var so hardt imot dette avdi det laut slikt eit "iherdig arbeide" til for å få det i sving? Var landbruksdepartementet eller stortinget imot? Det har noko landbrukshistorisk interesse dette, sidan Morseth har havt det frampå. Folket kunde venteleg ikkje vera imot desse tilskota. Sjølv hadde eg fra n. Østerdal vore med paa krav um at sauen i dette spursmaalet maatte jamstellast med dei andre dvra.
Enn eg som ikkje visste av anna enn at departement og storting gjekk med paa desse tilskota med ein gong statskonsulentane gjorde framlegg um det. Men statskonsulentane hadde arbeidt i lang tid med tilskot til hingst, ukse og gris fyrr dei "endeleg" som Morseth seier, i 1915 - fyrst etter sterke paakrav fra folket - gjord upptak til aa faa smaafeet med. Eg trur dette skal vera rett, men er takksam for retting uni det ikkje er so.
Iminsto er det sikkert at sauen har vore ille medfaren av det offentlige - av jordbruksskular, av landbruksselskap og jordbruksfunksjonærar. Og difor tykte eg, at Morseth var noko snar med sitt varsku - imot sauen. Og tenkte det maatte vera merke paa, at han hadde lite sauehjarte. For seinast av alle stader i landet er det i Trøndelag, der sauealet ligg so meiningslaust nede, grunn til aa døyve smaatt vaknande liv med - vantru.
"Me skulde difor tru, at det no var rette tida for fjellbonden til aa slutte med den mjølkeproduksjonen som det hev synt seg tydeleg, at det ikkje vert noko av like vel, og slaa heitt over til kjøt" og "Eg vil ikkje segja noko um fjellbonden hev so mange kyr, at han held sit eige hus med matmjølk. Men meir bør det ikkje vera. Resten av buskapen bør vera sau og gjeit". Jau dette har eg skrive. Men Morseth skriv no, at ,,i sitt siste svar benekter hr. Sæland at ha ment eller skrive noko slikt". Det er ikkje so. Desse orda staar eg ved. Men der er ikkje liten skildnad millom desse og alle dei busemenn Morseth vilde ha innpaa meg, "-som uten videre betenkning gaa over til sauavl" ensidig sauavl - komme som en herlighet - bare strekke ut armene efter, ,,utelukkende" sau" o. s. v.
I det heile ser det ut til Morseth gjerne vil diktere meg sine meiningar, Han burde difor tala lågt um "forvrengningar" . No sist tillegg han meg dette - vrøvlet: Nu skal Fjellbygderne holde samme kuslag som flatbygderne, selv urri dette maatte vise sig mere fordringsfuldt og dermed ogsaa mindre lønsomt". Det har eg aldrig skrive. Men eg har skrive, at det har vorten verre aa klare seg for fjellbygdane med feavlen sin etter at dei styrande har funne ut og sett iverk, at fjell- og flatbygder ikkje kan ha same kuslaget. Og her hadde det etter mit skyn vore overdriving, skreiv eg, til skade baade for den eine og andre, men serleg for fjellbygdane. Korleis utjamninga kunde setjast iverk no, skal eg ikkje leggje meg upp i, for det har eg ikkje noko med. Men for meg og mange til ser det ofte noko underleg ut med det sterke skil som er sett upp i feavlen millom fjell- og flatbygdar" og millom ulike statskonsulentdistrikt. Kva er t. d. grunnen til, at fjellbygdane paa sudbakkane av "Dovre" (Tolga, Kvikne, Tynset, Alvdal, Folldal o. s. v.) skal ha cit anna kuslag enn nordbakkane, (som Opdal, Rennbu, Soknedal, Singsaas, Holtålen, Ålen, Røros o. s. v.) At milllom anna dette er til skade for dei bygdar som el upp fint livfe til sal, kan det vel ikkje vera tvilsmaal um. Og naar soleis ikkje berre fjellbygdar er sett imot einannan, men at flatbygdane snart samla staar imot fjellbygdane, sovort det verre og verre for desse og klare seg med det fe-uppal dei fraa gamalt har drive attåt mjølkeproduktionen.
Millom anna er dette grunnen til, at fjellbygdane no vil staa seg paa å slå meir over til smaafe.
Gvarv 23. mars 1923.
Jon Sæland.