Jon Sæland. Landbrukstidende s15, 1934
I eit stykke um dette emnet i dette bladet vert dett sett store voner til sauekjøttsaltingi som skal organiserast. Jaha, me kann heretter salta meir til sal enn det hev vore gjort til dessar. Etter kvart som islandskjøtet minkar, kann me fylla ut med norskt. Dette vil sjølvsagt verta gjort. Men etter den urimelege nye islandssemja skal Island få halda på med innføring av 6000 tunnor salt sauekjøt årleg (etter 1937) etter ein grunntoll på 10 øre, medan det er ein grunntoll på 30 (tridubbelt so mykje) - og 25 øre for flesk for nautekjøt.
So ille hev stortinget stellt det for saueinteressone i landet. Og dermed for beiteinteressone. Me skal stødt hava 660,000 kg. billegt islandskjøtt (44,000 lambeskrottar) å tevla med. Attpå alt nautekjøtet og flesket som er gjeve store fyremuner!
Fyrr det kann verta t y n g d i sauekjøtsaltingi, må den urimelege islandssemia b u r t. Eller so må tollen på nautekjøt og flesk setjast n e d. Det er ikkje det slag for mykje um fjord og fjellbygder krev jamnstelling her at dei krev retten sin rett no. Då vil norskt salt sauekjøt få tolleg gode voner. Men kor lenge det vil vara veit me lite um, for her er ei sterk rørsle uppei landet som gjeng det salte sauekjøtet og salt kjøt i det heile imot. Det er vitskapen som stend attum denne rørsla. Vitskapen hev funne ut at salt kjøt er tyngre å melta enn ferskt og i det heile mindre helsugt. Denne lærdomen er alt komen inn på husmorskulane i landet. Her er han alt v a n l e g vorten, etter som ein kan skyna.
Og frå husmorskulane sig det kringum i landet ein motvilje mot salt kjøt. Gamalt attende var det vanleg alle stader, på landet iminsto, at dei slakta um hausten for heile året. Og m y k j e vart salta. Folk lika godt det salte og hadde godt av det med.
Men etter kvart gløymest saltingi. Unge kjeringar (menn med), som fyl med tidi kann ikkje eingong salta kjøt. Dei vil heller kjøpa ferskt av kjøtbilane frå byane som rett no krossar alle bygder. Soleis minkar sjølvbergingi og aukar kjøpingi her med. Vitskapen stend attum og skuvar på. Soleis kjem me burti det!
Vitskapen er bra, men stundom kann han vera fårleg. Um den rørsla han er far for når det gjeld det salte kjøtet er bra, det er ikkje alle klåre yver. Dei gamle visste vel og at det ferske kjøtet var lettare å melta enn det salte, men likevel brukte dei det lite. Økonomien kom i vegen her, for då som no var norskt kjøt billegare um hausten enn andre tider av året. Og soleis vil det verta l e n g e enno i eit land som Noreg. Men tek vitskapen og husmorskulane nok umsyn til dette når dei lyser krig mot det salte ( og røykte) kjøtet og den gamle bondeøkonomien her?
Garv 29 des. 33.
Jon Sæland