Arne Vardehaug. Landbrukstidende nr. 21. Sidene 165-166, 1941
Av småbrukskandidat Arne Vardehaug
Vi har store fjellvidder her i Trøndelag med fin-fint beite. Svært lite av desse gilde fjellbeitene er nytta. Dette er det inga meining i no. Beite i bygda må vera til dyr som må vera heime. Dei andre dyra skal opp på høgfjellet, frå dei altfor små kulturbeitefelta og frå skogen. Dette gjeld serleg ungfe og sau.Når ein skal ta til med slikt sambeite, er det ofte best at einskilde, dugande menn leiger fjellstrékninger, tar imot fe frå folk og gjæter dei for fastsett betaling. Men diverre - slike tiltaksame karar har vi få av, difor må ein ofte ordne seg med sambeitelag. Landbrukslag, småbrukslag eller jordstyrer må gå i brodden her.
Korleis skal ein få i måtesame hamnefelt ?
Det er mange ledige sætrar med god hamn som ein kunne få leige av sætereigarane; og så må ein få fjellstyret (eller i tilfelle privateigaren) til å godkjenna dette. Er det ikkje sætrar, men ledige hamnestrekningar likevel, må ein vende seg til fjellstyret eller eigaren av feltet for å få eliga ordna. ,
Eg skal her gi nokre praktiske vink om samdrift med sau.
Det første er gjætaren. Det må vera ein samvetsfull, fjell- og dyrevant kar som gjer alt for at dyra ikkje kjem bort, men at del likevel blir fine og feite. Desse to ting er ikkje gode å sameina, men det går. Det er ofte når folk skal velja gjætar at dei tar etter den billegaste. Større feil kan ein ikkje gjera. Velg alltid den beste. Ein høyrer ofte at dei som vil ha gjæting taler om fisking og bærplukking. Folk som resonnerer slik duger ikkje. Gjæting er arbeid, strengt arbeid og. Oftast står og fell alt på kor dugande gjætaren er.
Den andre faktoren er gjætarhunden. Ein god hund er umistande, Eg ser meg inga råd med fjelldrifter utan hund. Dei gjer ofte meir arbeid enn mange mann. Og betre vett har dei til å handsame dyra enn mange vyrdlausingar. Men få i ekte buhundar. Kryssingar duger ikkje. Diverre har vi ikkje folk her i Trøndelag som kan dressera buhund, serleg på sau da. Men likevel nokre få råd: Den som skal gjæta til sommaren, må straks få seg i ein buhundkvalp. Bli så vener med hunden no utover. Lær han til å stå ved sida av deg og gøy, lær han til å ta" sume ting, men først og framst lær han til å koma inn til deg heilt inn til deg når det blir kravd. Bruk ofte ros. Ris er det siste ein skal bruke til buhunden. Det er alltid betre å ta til med ein kvalp enn ein vaksen hund. Verst er halvdresserte hundar når ein sjølv er uvant.
Vil elles vise til statskonsulent J. Sæland sin artikkel i "Landbrukstidende" nr. 1 for 1941, der han gjev god rettleiing om bruken av buhunden.
Når ein skal velje plassen for saubeite, må ein straks tenke på høgder, der sauen får gå som ein stor sirkel kring høgste nuten. I slikt landskap trivs sauen best og blir lettast å gjæta. I skoglider kan det vera bra når det er tørr jordbotn, men ikkje så godt som på høgfjellet. Myrlende er uheldig for sau.
Har ein så valt plassen, må ein ordne seg med ei dugeleg samletrø på ein lagleg plass. Det må vera slik at sauen er lett å drive dit. Ei slik trø må ein ha for å driva sauene inn i dei første to åra. Ja, første året. kanskje kvar natt. Sauen får da som ein heim, og blir dei sidan skremd eller kjem frå kvarandre, søker dei til trøa.
Ein må ordne sauene til fjellopphaldet. Små og unge lam er det ingen fåre med, men små og gamle lam er,det verre med. Sauen må vera klypt i god tid (først i april) så det får gro til litt ull til han skal opp på det ruskute fjellet. Namneklave, øremerke o.l. må vera greitt ordna. Eit driftemerke - eit X e.l. - må målast på sida med tjøre eller maling på alle sauer i fall det er andre sauer enn drifta i nærleiken. Ein må ha ei bjølle for kvar eigar. Og sjølvsagt må ein la sauene gå ute ei tid før dei blir drevne til fjells.
Når ein skal drive opp, m å kvar eigar første året driva sine dyr heilt opp. Ellest går det gale. Det kan vera: er snaufjellet langt, at ein ordner seg med samletrø i skogbandet, og så driv samla derifrå. Men verre er det dei første åra, og vettet må dei som driv bruka. Det viktigaste er at ein går i spissen og held att, så ikkje drifta blir avslite.
Anten folk får levere i samletrøa på hamnestaden eller i kviletrøa ved skogbåndet, så må gjætaren stå der og ta imot sauene. Han må skrive opp alt om kvar flokk, som er å merka seg, så han sidan kjenner alle flokkar. Der blir det synda mykje - og ein får rot. I alle tilfelle: ei trø må det leverast i og gjætaren må ta imot.
Det er to måtar å gjæta på. Det eine er å gjæta og driva i trøa kvar kveld, som eg trur ein må gjera første året, slike fjell som vi har. Den andre måten er å gå rundt kanten av beitefeltet minst to gonger i døgnet, og så merka seg kor ein har "klikkane" og driva inn dei som har teke ut. Da bruker ein buhunden - og det litt hardt og. Den siste gjætemåten er den vandaste, men og den måten som sauene blir finast og feitast av. Difor når sauene har vore på ei trakt eit par år og udyra ikkje, er for slemme, så må ein gjæte med å "gå kanten".
Om hausten trenkst berre få til å drive ei heller stor sauedrift ned frå fjellet, sauene kan gå ilag da.
Og så til slutt: Tenk ikkje på sauedrift berre for eit år. Første året blir kostbart, og sauene blir slett ikkje feite. Men åra sidan gir att mange gonger for slit og kostnad det første året.