Jon Sæland. Landbrukstidende nr28. S174-175 1940
Statskonsulent Jon Sæland
I nr. 26 av denne tidend skriv styrar Engdal atter um uppfrisking av tautersauen med Ryeland og, no hev han fenge med seg ein mann til som er med på dette: sekretær Hersoug - som ingen i Noregs land kjenner til er saumann.
Eg skreiv i nr. 13, at "Engdal på statens rekning i ein mannsalder hadde røynt ut tautersauen - inne og ute, på øyar og på høgfjell med reinavl og med blanding, med samanliknande kontrollrekneskap attåt andre norske sauslag o.s.b. Men han laut gjeva upp. Han fekk ikkje noko ut av det." Engdal tykkjer nog at denne siste settningen er urimeleg. Men kann eg då få spyrja kva Engdal fekk ut av Tautersauen i den mannsaldren han hev røynt han ut? At han hev funne ymse tal kring denne sauen, veit eg vel um. Men greidde han å gjera folk interessera i han? Er det ei einaste bygd i heile landet som hev teke dette sauslaget - som Engdal atter kyter av? Kvar er den bygdi? Kvar er det at Engdal eller andre hev fenge noko ut av det med tautersauen?
Ingen stad
Men no vil han redde stubbane med innblanding av Ryeland, Eg spurde kva det var i tautersauen som skulde gjera Ryeland betre, men fann ingen ting og dette er visst Engdal samd i. Men han vil hava snudd spursmålet um og spør soleis kva det er i Ryeland som skulde gjera tauteren betre og då finn han mykje: Ulli, kroppen og trivnaden, serleg det siste. Men vert ikkje dette det same på ein annan måte? Vert det ikkje so at Ryeland vert arbeidt nedyver um han kjem i samband med Tauteren. Var det ikkje då betre å halda Ryeland rein um ein fyrst skulde taka han inn i landet?
Men det hev vori og er framliels lite von i landet for eit sers finulla sauslag.