Jon Sæland. Landbrukstidende s185-187, 1938

Vinterlamb løner det sig best å slakta um våren etter at dei er gjødde

 

Av statskonsulent Sæland

På Austlandet og Trøndelag fall det for kring 20 år sidan titusundtal med vinterlamb kvart år. Det var fæl uorden i avlen. Storparten av sauen tok seg lamb um sumaren og lamba av og til ut etter vinteren frå juletider til april. Men etter at det i 1919 vart sett forbod mot å sleppa vaksne verar og tidlegfødde gralamb på sams beite, hev vinterlambingi minka mykje. Mange bygdelag fær no berre vårlamb etter paring um hausten med kjende verar. Det er vorte orden i avlen. Men framleides kjem det sume stader ikkje lite vinterlamb avdi det er so som so med vyrdnaden for "handyrlovi". Serleg er det ille enno ymse stader i Nord-Trøndelag og på flatbygdene austanfjells.

Med den vanlege driftsmåten klein vinterforing og slakting berre um hausten er sauhaldet ulønsamt når søyone lambar um vinteren. Foringi vert for dyr eller avdråtten etter måten for liten etter foringskostnaden.

Men på Austlandet og i Trøndelag er det ikkje lett å bli heilt kvitt vinterlambingi. Endå um ein hev fenge søyone i tur med vårlambing, so kjem det attimillom eit og anna år då mange søyor tek seg lamb um sumaren og kjem med vinterlamb likevel. Grunnen til dette veit me ikkje, men me ser at de t er so. Truleg spelar v e r e t inn, like eins beitelendet. For godt som aldri ser me dette t.d. på Vestlandet - endå um sauslaget er det same.

Sumaren 1936 var soleis at mange søyor blesma i utid og kom med vinterlamb. Yver 30 søyor hadde dette året teke seg lamb innan dei kom av høgfjellet. Austmannfjellet( Hauklid), den 10. oktober. Dei lamba i februar-mars endå dei var vane med å lamba i april (etter 15.) og i mai.

Tidt hev eg halde fram for folk på Austlandet og i Trøndelag, at dei skulde gjøda vinterlambi og selja dei som sugarlamb (dilamb) um våren istaden for å lata del leva til hausten. Men det er få som kjem seg i vegen med dette. Dei kann ikkje med å gjøda korkje vaksen sau eller fjorlamb eller nyfødde lamb. Dei fær dei ikkje feite nok. Men dette må dei læra alle som enno fær eller vil halda på vinterlamb, for desse løner det seg mykje betre å slakta um våren enn um hausten. Men då må me taka med det skilordet at lambi må vera feite når dei vert slakta, for berre då vert kjøtprisen so høg at slakting svarar seg.

I eigen sauflokk fekk eg vinteren 1937 i heile 40 lamb i februar og mars. Det var karakulblanding. Alle vart gjødde og slakta millom 19. mars og 14. mal då lambi berre var millom 35 og 55 dagar gamle og hadde ei slaktvekt (medel) på 8 kg.

Dei vart selde av kommissjonær på Oslo kjøtthall. Her tek eg med ein tabell(er ikke med i dette dokumentet) som syner salsdagen (i Oslo), vekti på lambkroppane, prisen pr. kg. bruttopris, utlogor med salet og nettoprisen. 40 sugarlam (dilamb) slakta 30-55 dagar gamle. Selde på Oslo Kjøthall frå 19. mars til 14. mai 1937.

Dei tyngste kroppane var velso 9 kg., dei lettaste berre 6,3 kg., men jamvel um del er so små, går dei til høg pris berre dei er feite.

Slaktprosenten sveiv kring 51-52, høgst 55 pct. Som ein ser av tabellen var kjøtprisen på dei tvo fyrste lambi som vart selde (19. mars) 5 kroner pr. kg., soleis at berre kjøtet av desse gjekk upp i kr. 82,96 netto. Seinare sokk prisen litt, men heldt seg likevel i 4 kronor pr. kg. heilt til 20. april og i 3,75 til midt i mai.

I utlogne er frakti til Oslo ikkje teken med. Frakti på slike små kjøtsendingar er elles svært rimeleg. Utlogone er soleis salsprovisjon (21/2 pct.), køyring frå stasjonen, vekt og sjau, retufrakt på sendingskrakken og skatt til Kjøt- og fleskesentralen. Utlogone vart i medel 19 øre pr. kg. kjøt eller kr. 1.64 pr. lamb.

Nettoprisen på alle 40 lambi vart kr. 1168,08 eller kr. 3,59 pr. kg. kjøt lik kr. 29,23 i medel for kvar lambkropp.

Skinni var selde (lodne) til skinnhandlaren i bygdi for 2 kronor stykket. Hovud, lunge, lever, hjarte og feita vart bruka heime, småtarmane selt til Oslo for 50 øre stykket og resten av innmaten (hovudskinn, vombskinn, endetarm og føter) gjekk til revmat for 40 øre pr. kg. Innmaten pluss skinn av kvart lamb kom upp i fire kronor, lågt rekna.

Desse unge lambi på 30-55 dagar med 8 kg. kjøtvekt vart soleis alt ialt gjort ut i kr. 1328,08 eller i medel for kvart lamb kr. 35,23.

Dette er ikkje so lite meir enn ein kann nå um hausten for lamb som hev suge mor si helle sumaren og er minst dubbelt so tunge som desse var. Og endå hev ein her den store fyremunen, at mødrene til vinterlambi vert mykje feitare til hausten, um dei går gjeld, enn slik som er lambsogne. Alt i alt skulde det soleis beint fram vera meir lønsamt med vinterlamb som vert gjødde og slakta som sugarlamb (dilamb) enn med vårlamb som vert slakta um hausten?

Jaha, det er det, solleis, som prisane er no og lenge hev vore. Men skulde mange slå seg på sugarlamb avl vilde prisen snart falla og lønsemdi bli negativ.

Ein må elles her koma ihug at det ikkje er alle byar i landet som herv so fine folk at dei gjev 4-5 kronor (stundom endå meir) pr. kg. for fint dilambkjøt. Det er helst berre Bergen, Oslo og Stavanger som er med på dette. Men andre kunde vel koma etter når dei fekk smaken på dette reint uvanle gode kjøtet.

For folk som med vilje vil leggja seg etter å få vinterlamb til dilamb, er det um å gjera å hava gode mjølksøyor og desse må vera i god stand når dei lambar soleis at dei orkar å mjølka mykje. Dei bør elles vera lambdigre med ein ver som gjev store foster. Her er sume ætter av karakul eller dalasau fremst av alle som eg hev røynt ut.

Korleis ein skal få sugarlambi til å veksa fort og bli feite i ung alder (di yngre di kvitare og finare vert kjøtet) ?

Ja, det er um å gjera å få mødrene til å mjølka mykje. Ein gjøder lambi med å gjøda søyone. Lat dei få grisforing medan dilambi syg dei. Altso mykje mjøl og rotvokstrar attåt det dei vil hava av godt høy. Då vert det mjølk og då vert lambi feite. Lambi bør elles få kraftfor dei med (t.d. havregrøyp) frå dei er 12 dagar gamle. Men dette må dei få i ein garde ved sida av mødrene sine og i denne garden bør dei vera heile dagane soleis at dei ikkje plågar mødrene sine. Berre um nettene kann dei vera hjå desse. Men sjølvsagt må ein sleppa dei fram til mødrene 3-4 gonger um. dagen so dei fær suge.

For å "setja mjølk" i søyone som skal hava sugarlamb er det framifrå godt å lata dei få nokre havre kvar dag ein månads tid fyre lambingi. Men inkje av slike kunster var bruka med dei søyone som ol dei lambi som er nemnde framanfyre.