Arne Vardehaug, Landbrukstidende nr 43-44, 1944. S 193-194

Hjelpefor

 

Arne Vardehaug

Det er i dag om å gjera at vi nyttar alt, som kan nyttas, til for; ikkje berre til dei større husdyr, men også til dei små.

Eit forslag som gamle folk nemnde då eg var barn og ungdom, er "Geisk-rot". Det er rota av ymse bregnearter. Del hadde nytta den til å gjøda sauer og geiter med om haustane. Ja dei hadde og nytta den mykje til grisen. Eg kan og minnas at geitene, ja sauene med, seinhaustes og tidleg om våren gjekk oppi bregnebakkane og grov opp røtter som dei åt.

Eg har i fleire år tenkt på om vi og no ikkje kunne nytta dette forslaget. Eg fekk hausten 1940 Meraker bruk ved forstmeister Løchen til å senda nokre røter inn til Den kjemiske kontrollstasjon for analyse.

Vanleg Strudsevinge viste:

Protein 2,05 %
Feit 0,28 %
Plantetrevler 12,48 %
Kvelstoff-friekstrativemner 17,54 %
Aske 1,79 %
Vatn 65,41 %

Det var 7,24 % stivelse i prøvene. Eggekviten var heilt umelteleg, det var så vidt spor av meltbar amider. Det var ikkje tatt noko meltingsprøver med dyr; men ein kunne tru at det vart 29 fe, av 100 kg røter. Dette ser ikkje verst ut. Men det er eit heilt einsidigt noko i likheit med potet.

Skogburkne som og var innsendt, var ikkje fullt so god. Den er dessutan noko giftig. Synet kan verta skadd, og avføringa kan verta svært laus. Skogburkne er forresten lett kjenne då blada nede ved rota har nokre tagger, som ein godt kan kjenna når ein tar i stengelen.

Jens Holmbo nemner i eit skriv frå 1925 at både Skogburkne og Ormetegl har vore bruka mykje som hjelpefor, serleg i Nord Norge.

Som vi ser har vi eit godt forslag her, som ein serleg no med lite for (serleg lite av potet) kan og må nytta til dyra. Det er nok Strudsevingerøter i skogane våre.

For å sjå om kaninane tålte dette foret var eg oppi skogen i haust og fekk i nokre røter av Strudsevinge. Rå var det berre ein kanin som tok noko. Men koka og blanda med litt koka småpotet eller litt kli tok alle kaninar det godt. Men rota må kokast godt. Alle kaninar tolde det, like til tri vekers ungar, og ungar som nyss var tatt frå mora. Grisen var og svert glad i rota, når den var stampa i lag med litt potet.

Sjølv om desse prøver er tynne, og langt ifrå noko forsøk, tykkjer eg no som fortilhøva er at folk må verta kjend med dette hjelpeforet. Det ser ut til å vera godt brukande. Og før i tida har dette forslaget vore mykje nytta og høgt akta.