Fiel, Landbrukstidende s19-23, 1943
Sauen ja, "fælt til skrik det er om denne sauen", har eg høyrt seia. "Det blir skrive om han og tala om han både seint og tidleg". Ja, det er vel så, men det må til dersom alle skal få augo opp for kor verdfullt dyr vi har i denne sauen vår. Blir det ikkje skrike like mykje om mat og klær og, må tru? Å jau, det gjer det nok, og dei fleste saueeigarane utover landet har vel for lenge sidan skjøna at eit auka sauetal vil vera ein viktig faktor i klæ- og matspørsmålet, serleg i denne tida.
Men det kan vera mange vanskar bonden har å grunda på før han trur seg til å auka sauetalet. Det kan vera lite om hus, dårleg om for og vanskar med hamning, og sist, men ikkje minst, må han tenkja over om det kan vera lønsamt.
Husspørsmålet trur eg nok må lata seg løysa dei fleste stader. Har ein ikkje rom til meir sau i sauefjøset, så er det ofte å sjå i kufjøsa no at det står mange tombåsar ledige. Slike er det ei lett sak å gjera om til sauebingar. Har ein ikkje noko slikt, så kan det vera ei bu av noko slag som det går å flikka på, så det greier seg til "vinterherberge" åt sauen, - han er ikkje så kravfull som dei andre husdyra våre i så måte. Ein kan byggja atti, eller setja opp eit sauefjøs og. Har ein først viljen, så er det utruleg kor det går å få det til.
Når det gjeld lønsemda, så trur eg nok ein vil vera på den rette sida. Ein skal huggsa på at på eitt kufor, vinterfor, kan ein fø minst 6 sauer. Ein kan da berre rekna ut mjølkeinntekt av kua og samanlikna med ullinntekt av desse 6 sauene + ull, skinn og kjøttinntekt av ca. 9 lam etter dei prisahe ein kan få. Ein kan så trekkja samanlikningar mellom utgifter til arbeid, sumarforing, husvære og ymse anna mellom kua og denne saueflokken.
Eg vil ikkje med dette seia at kua skal vekk til bate for sauen, helst skulle sauetalet vori auka utan uttrengjing av andre husdyr. Men kor mange fjellgardar, og gardar ellest som ligg i utkantane, er det ikkje som har alt for skral foring åt kyrne sine? Dyra står der og heng med hovudet og sukkar etter meir og eggekviterikare foring. Garden er unnskyldt, - han ligg slik til at han ikkje kan skaffa anna enn høy, litt nepe og kanskje litt halm. Men bonden studde oppunder i dei "sju gode år" med kraftforsekkane som han køyrde heim frå bua. Og no når kraftforet kom bort, vil han enno fora på alle desse kyrne, lell om den stakkars mjølkeskvetten, som han skal køyra fram den lange vegen til meieriet, svinn inn til mest ingen ting. På slike gardar skulle nok kuflokken vori minka og saueflokken vori større. Eg er viss på at det ville vera lønsamt.
Foringa av sauen er og etter måten grei med dei fårslaga vi rår over. Frå førejulsvinteren og til ca. ein mnd. før hamning greier ein 50 kg.s sau seg med 0,6-0,7 f.e. med 45-50 g. melt. kv. pr. dag. Like før lamminga og etter lamminga må det til litt betre og e.kv.-rikare foring. Først på vinteren skulle det såleis greia seg med denne fåringa åt 10 sauer pr. dag:
Høy (vollhøy) 10 kg 4,2 f.e. 319 g. melt. kv.
Halm ell. hakk 4 kg 1,0 f.e 25 g. melt. kv.
Nepe 6 kg 0,5 f.e. 13 g. melt. kv.
Lauvkjerv 1,5 kg 0,6 f.e. 90 g. melt. kv.
Sum: 6,3 f.e. 447 g. melt. kv.
Til samanlikning kan nemnast at ei medelstor ku som mjølkar 8,5-9 kg 4 % mjølk også treng 6,3 f.e. med ca. 600 g. melt. kv. pr. dag.
Så er det sumarforinga. Her og har dei gardane som grensar mot skog og fjell dei beste vilkåra. Mange stader er det berre å lata opp fjøsdøra og jaga ut sauene om våren, og så reiser dei til fjells utan noko meir bry, og går der til dei anten kjem sjølv om hausten eller ein må taka seg ein tur for å henta deim der ein av røynsle veit at dei plar halda til.
Verre er det for flatbygdene der det kan vera langt til noko laglegt saubeite. I slike bygdelag er det at sauedriftene skal skipast. I dei bygdene som grensar opp mot fjellet greier det seg ofte med berre sams sanking om hausten. Men på fjellet må sauen dersom det skal bli noko av han. Beitene nedi bygda treng dei andre husdyra. Han er heller ikkje god å halda i eit inngjerda kultureller utmarksbeite. Men på dei store unytta fjellviddene våre, - der er det mat og plass for ein slik kar. Der trivst han og veks seg stor og feit til om hausten.
For flatbygdene må det som før nemnt skipast drifter. Men når ein skal taka til med ei slik sauedrift, så er det ikkje berre å velja seg ut ei hamning, senda ein gjætar i veg med saueskokken og dermed tru at alt skal gå knirkefritt. Nei, det må førebuing til, og det til gagns dersom ein vil venta seg eit godt resultat. Det er mange nye sauedrifter no, - og fleire er kanskje tenkt å setjast i gong no frå våren. Det er da om å gjera at det blir gjort eit godt arbeid føreåt, så ein slepp at det går overstyr. For går det gale det første året, så er det nok av pessimistar som skrik opp om kor meiningslause desse driftene er, og så blir heile tiltaket kvavt i fødsla.
Når ein har gjort seg opp ei meining om kva fjellområde ein kan ha drifta på, så må ein først og fremst skaffa seg leige- eller eigedomsrett til hamninga. Dernæst må ein få i nokon fagmann til å "sjå" på feltet, -d.v.s. gå over hamninga, sjå kva plantar som veks der, studera fjellformasjonen og dei naturlege grensene, - om det er slike, og gjeva ei fråsegn om kor mange sauer ein kan ha på feltet. Lagerplassen (ell. plassane) må ein og leggja slik at det blir laglegt. Ein ting må ein merkja seg her:
Det er fjellforma, storleiken på beitefeltet innan høvelege grenser som skal fastsetja sauetalet, - ikkje storleiken på saueflokken som skal fastsetja kor vidt beiteområdet skal vera.
Det skal vera ein mann som set seg i brodden for slik drift, - ein driftebonde, dei kallar. Han må da taka på seg alt arbeid og ansvar som vedkjem drifta. Men det kan og veljast eit styre av interesserte karar med formann og kasserar til same oppgåva, - eller det kan vera ein eller annan driftig kar som tek på seg både gjætinga, innkasseringar og utbetalingar, - ein driftekar. Han leiger da folk til å setja opp bu og kru, dersom det ikkje er oppsett for, og til driving av sauen fram og tilbake. Den siste måten er vel den beste, men det er få som trur seg til å taka på seg eit slikt ansvar. Difor blir det oftast skipa eit styre av nokre mann som skal taka seg av det, men det gjeld da om det er karar som vil gjera noko, - elles blir det til det at den eine skuldar på den andre, og så blir det berre rot.
Så kjem dagen da drifta skal til fjells. Så framt det skal gå bra med drivinga det første året, så må nok drifta jagast i småflokkar på ca. 30-40-50 sau. Di meire kranglut driftevegen er, di mindre bør flokkane vera. Seinare, når sauene veit kvar dei skal, så kan ein ordna seg med ei samlekru i skogbandet t.d. Eigarane får da sleppa sauene sine der kvelden føreåt, så dei er utkvilde til det skal berast i veg.
Gjætaren må helst vera til stades når sauene kjem saman for at han kan notera seg kor mange det er frå kvar, - antal vaksne og antal lam, om det er nokon svarte, om. det er store sauer eller små, kva slag bjølle dei har o.s.b. Dette er turvande dersom han skal greia kjenna og skilja dei åt seinare. Alle sauene må ha eit driftemerke så det går å skilja dei frå andre sauer som ikkje høyrer drifta til.
Når så sauen har komi fram til beitefeltet, er det gjætaren som får taka over. Er sauene vante til beitet frå før, så roar dei seg snart, men er drifta ny og er gjætaren uvant, så blir det eit svært strev å halda dei nokolunde saman. Det er sjeldan at det er så mykje mat i fjellet om våren når ein kjem dit. Difor søkjer sauen rundt for å finna dei beste liene, men det er ikkje verdt å sleppa han for vidt til å byrja med, difor må gjætaren og hunden stendig vera på farten for å driva saman. Seinare på sumaren kan ein gi deim litt friare taumar, men det er om å gjera at dei ikkje slepp lengre enn at ein veit kvar ein har deim, og slett ikkje lengre enn til dei grensene som er fastsette. Gjætaren må difor gå rundt feltet kvar dag for å sjå etter så ingen stikk seg vekk, og for å driva inn frå grensene. Men han må og gå gjennom feltet for å vita kvar den og den skokken held seg. Når ein går og driv inn frå kantane, brukar ein hunden, - gjerne litt hardt og, men bruk ikkje hunden meir enn turvande i feltet, - det straffar seg.
Dette er den gjætarmåten som kallast å "gå kanten". Det er og fleire måtar å gjæta på, men denne er den beste for sauen. Han får gå roleg utan noko mykje driving i feltet, og han blir feitare enn om han skal drivast i kru kvar kveld. Er beitet slik at det er mat berre her og der, så sauene spreier seg mykje, og er drifta stor så trengst det fleire mann dersom ein skal få deim, i krua kvar kveld, og dyra blir skrinne av all jaginga. Difor blir vel den første måten og mest bruka, - dersom det ikkje er for mykje udyr da. Men i alle høve er ei kru, som ein kan samla saman sauene i ein og annan gongen, god å ha.
Ei god bu til gjætaren må det og vera, så han kan få stella seg som folk med koking, klæturking o. a.
Saugjætaren må vera litt av det som stutttenkjande folk vil kalla ein særling, - ein som trivst i den store stilla som høgfjellet byr på utan å sakna skravlande og svallande menneske, men har nok med hunden sin og dei dyra han har ansvaret for. Han må aldri vera redd ein styggversdag, eller å gå heile dagen - ja natta med om det trengst, jamvel om svolten gneg under bringa og om gnagsåra verkjer både her og det. Han må læra seg til å kjenna dyra sine og vita kor kvar skokken vil halda seg. Hittil har det vori for få saugjætarar som har kunna sine ting, men ein får vona at det blir fleire med åra.
Den beste kameraten har gjætaren i hunden sin. Er det ein god og klok hund, så er han betre å vera i lag med enn mangt eit menneske. Her i landet -brukast no mest berre buhunden til sauehund, og han er utan tvil den beste. Han er klok, rask, lettfødd og har lett for å læra. Men ein må kjenna hunden sin og bruka vitet når ein skal læra han opp. Ikkje skjella og smella dersom han feilar, men heller ikkje fjasa og kjæla for mykje med honom. Begge ting er like gale.
Sauen plar gjerne vera i fjellet ca. 3-3 1/2 mnd. Frå første halvdeilen av juni til midt i sept. eller ut sept. - alt etter ver og beitetilhøve. Når så saueflokken skal heim om hausten, må det folk frå bygda oppover og hjelpa til med å samla saman i kru. Og når ein først har fått deim dit er det inga sak og driva jamvel ei stor drift framover fjellet til bygds. Ja, det er jamvel døme på at om ein heldt på 2 dagar med å jaga ei drift til beitet, så gjekk det berre 7--8 timar den same vegen til bygda att. Så kjem ein da til bygda att, og sauene blir drivne inn i ei kru som føreåt er oppsett til dette bruket - ei skiljingskru. Ho må vera høveleg stor til drifta og ha smågarder rundt om, så kvar eigar, med hjelp av gjætaren, kan få plukka ut sine eigne dyr av flokken og lempa deim oppi gardane. Best var det om eigarane attåt drifts- og namnemerket på dyra sine, også hadde eit eige øyremerke som kunne visast på litt lengre fråstand. Ein slepp da å handsama så mange dyr før ein har funne ut sine eigne.
Når så kvar har fått sine sauer, så ma utlogone med drifta liknast ut på kvar sau, og kvar saueigar betalar da etter sitt dyretal til kasserar eller vedkomande som har med det å gjera. Det er og vanleg at eigerane betalar inn litt når sauene blir slepte, og så resten etter skiljinga, når ein har fått oversyn over alle utlogone. Ein god ordning er og at det blir utbetalt ein fastsett trygdesum til dei som event. misser lam eller sau på beitet. Ålle blir da med og tar sin deil av tapet om det blir noko. Sjølvsagt kan ikkje denne trygdesummen setjast så høgt at det,dekkjer heile verdet, men noko bør det vera.