Statskonsulent Olav Fjærli. Landbruktidende side 1, 1942

Jordbruket i det gamle og det nye året

 

Statskonsulent Olav Fjærli

Det var store oppgåver som var gjevne til det norske jordbruket i 1941. Det skulle matberga folket i eit land som var blokert og som i vanlege år berre produserar ikring 60 prosent av den maten som folket treng.

Det kunne sjå ut som at det var vonlaust å ta til med ei slik stor oppgåve. Men bondefolket tok likevel til med tru og mot. Dei ville gjera plikten sin mot land og folk i ei kritisk tid. Og da det vart mindre folkehjelp enn nokon gong før for jordbruket, så gjorde dei mykje meir enn det som var plikt. Plikten er vel 8 timars dag det. Men bondefolket streva i 12-14 timar dei, og enno kneip det med å berga avlinga.

Resultatet vart ikkje så bra som det såg ut til midtsommar. Potetavlingane vart noko under middels. Kornet tok skade under innberginga, og noko dryssa ut og vart liggjande i åkeren. Foravlingane vart litt under eit middelsår. I det store og heile får ein likevel seia at resultata var bra etter tilhøva. Vokstervær og bergingsvær rår ikkje folk med. Det skiftar og kan bli betre neste år.

Og no får bonden venda augo framover mot det nye året. Det trengst vel at Noregs jord da bærer meir enn nokon gong før. Serleg gjeld det å auka avlen av dei vokstrar som er beinveges matnyttige -og da fyrst og fremst poteter, korn og grønsaker. Potetene gjev dobbelt så mykje næring på eit mål jord som korn og meir enn dobbelt så mykje i pengeverd. Vi må framfor alt dyrka mykje poteter. Har vi berre nok av poteter og fisk og sild, så vert det ikkje svolt i gamle Noreg. Men om vi aukar potetavlen munaleg, så bør vi likevel ha like stor kornvidd som siste året. Og samstundes må vi skaffa mykje av god mat for dyra av eigen avl.

Ja, oppgåvene ligg store framfor oss. Men vi set alt inn på å greia dei slik som i 1941. Det vil vera å ynskja at flest mogeleg av den ungdomen som reiste frå jordbruket i fjor, kan koma att i år. Plassen hans er på bondegarden sommaren 1942. Det er der han kan gjera mest for land og folk.

Trua kan flytta fjell, står det i skrifta. Det vil seia at berre ein trur fast og urokkeleg, så kan ein greia del største oppgåver. Det gjeld no fyrst og fremst å ha ei bergfast tru og så gå til arbeidet med eit ukueleg mot. Det norske folket vil leva, og det gjeld da å laga det slik at folket kan leva. 1942 må syna at vi både vil og kan.