Redaksjon, Landbrukstidende nr 1-2 1943. S 1-2
Redaksjonen
1942 var på flere måtar eit vanskeleg år for jordbruket, ikkje minst her nordafjells. Verlaget var ikkje det beste. Våren kom seint, og det vart for det meste surt og kaldt i vokstertida, og altfor mykje nedbør. Åt kornet vart det i fleire fall for snaut med varmesummen. Det var berre så måteleg med mogninga, og kornavlinga vart i fleste fall lita. Halm fekk vi derimot rikeleg av.
Den seine og delvis ufullkomne utmogninga på kornet har skadd kvaliteten ikkje så lite. I sume bygder vart det jamvel frostskade på noko av avlinga. Berginga jamt over er derimot ikkje så svært mykje å klaga på. Det er ikkje alltid vassinnhaldet som er største vansken i år, men mykje av kornet har trass i bra berging, ring spireevne og kan difor ikkje brukast til såkorn. Verst har det sjølvsagt gått ut over slag som er i seinaste laget i kalde år. Det gjeld halvseine vårkveiteslag og halvseine og seine slag av havre. Det er vel difor fåre for at ikkje så få kjem til å ha vanskar med såkornet sitt av desse kornartane, dersom ikkje snare nok sortar er bruka.
Dette med såkornskorten må ein sjølvsagt rette på så snart som mogeleg, med kjøp eller med byte. Men aller fyrst skal det ein sjølv har avla spireprøvast. Set endeleg ikkje ut med dette til i siste liten. Brukande såkorn kan på den måten verte oppeti, og så står ein der kanskje med hendene tome. Dette vil vera det verste som kan hende oss. Det kan enno verte ein krigsvinter omfram denne, ja kanskje fleire med. Vi må difor ta av eiga jord all den avling som det er mogeleg ho kan gje, med hjelperådene som er til nyttings. Det.er ei kjær plikt for alle å leggje godviljen til her. Det vil vera til eigen bate, og det vil hindre naud så langt som råd er for alle dei som ikkje har noko beinveges med jordbruket å gjera.
Gras
Når det gjeld enga, vart avkastninga i 1942 mindre enn vanleg. Men kvaliteten er jamt over god. Det vart framifrå berging, der slåtten var unnagjord i rimeleg tid. Den litle godversbolken vi hadde, kom just i rett tid, så vi fekk inn høyet uskadd. I høve til utviklinga var nok og enga tidlegare slegen jamt over i 1942 enn i fleste år elles. Dette kjem av det kalde og råe veret og dermed seinka vokster, altså ikkje så mykje av eigentleg tidlegare utførd slått.
Så gjeld det då om at denne snaue, men gode, høyavlinga både er og vert nytta på fullt tidhøveleg vis i foringa gjennom vinterhalvåret. Vi må passe på at andre formidlar vi har, eller kan skaffe oss, vert gjevne i høveleg blanding med høyet, slik at dei gode eigenskapane hjå kvart forslag kjem til sin fulle rett. Det er sjølvsagt at ein må nytte cellulose så mykje som mogeleg, d. v. s. i tilsvarande mon som det kan skaffast eggekvitefor til å bøte proteinskorten i cellulosen.
Potet
Potetavlinga vart ikkje stor jamt over, og ho skal nyttast til folkemat så langt råd er. Dette er det sjølvsagt ikkje noko å seia på, slik som stoda er i dag. Vi kan difor ikkje rekne med noko serleg tilskot til husdyra frå den kanten. Kvaliteten er heller ikkje fyrsteklasses. Det er mykje både av tørråt og blautråt i potetbingane. Dette kjem sannsynleg av det våte og kalde veret på ettersumaren og hausten. Det vart mykje av stilkråt i åkrane og mykje blautråt elles. Denne synte seg jamvel alt ved opptakinga og har ikkje vorti betre seinare. Jamvel tørråten synest å ha breidd seg inne. Potetene må difor ha vorti fengde med tørråtesporer samstundes med opptakinga. Vi får vone at ikkje så altfor mykje av avkastninga går bort med råtning og anna svinn. Og vi må inderleg ynskje at det ikkje går slik som i fjor vinter når det gjeld frosten. Dette m å stort sett kunne hindrast med omtanke og med bruk av alle rådgjerder til å stengje skadefrosten ute.
Rotvokstar
Rottvokstrane gav slett ikkje så verst avling i 1942. D. v. s. der det vart gjødsla godt og stellet elles ikkje er noko å utsetja på. Men hjå altfor mange vart avkastninga lita, avdi gjødseltilgangen var for snau. Det skorta og på kunnig arbeidshjelp. Dette gjekk ut over både tynninga og ugrasreinhaldet, som ikkje vatt utført på beste måte i det vanskelege veret vi hadde. Noko av dette burde kunne rettast på komande voksterår, allvisst når det gjeld arbeidshjelpa, slik at vi så langt råd er kan få full nytte av rotvoksterviddene. Og så har det mykje å seia at røtene ikkje får fryse for hardt eller ta skade på annan måte i lagringa. Det er ikkje lite det som år om anna kjem bort med meir eller mindre ufullkomen rotvoksterlagring.
Elles må alt som kan nyttast til for i husdyrproduksjonen takast vare på, slik at ingen ting går til spille. Husdyravdråtten må av all makt haldast oppe så langt som hjelperåder ,til dette finst. Det vil ha umåteleg mykje å seia for folkehelsa i denne tida. Og den nedslaktinga som må til, den skal ein utføre slik at buskapen etterpå er kvalitativt betre enn før. Det finst nok enno kyr i sume buskapar som gjev for lite att for foret. Desse har vi no endå mindre råd til å fø på enn før.
I det nye året som vi no går inn i, må alt planleggjast på beste måte for å halde produksjonen oppe. Det gjeld om å velje jorda på høvelegaste måte til vokstrane, at jordarbeidinga vert godt utførd, og ein må gjødsle så rasjonelt som råd er. Framleies er det nok slik mange stader at ei høveleg kalking vil løyse noko av den bundne fosforsyra i jorda. Men bruk ikkje for store mengder, det kan gjera meir skade enn gagn. Vidare er det om å gjera at ein har høvelege, follrike og sjukdomssterke slag. Bruk såleis ikkje for seine kornsortar. Det vil vera altfor stor vågnad i desse tider.
Vi vil gjerne minne om at ei godt planlagd, vel førebudd og vel utførd våronn langt på veg er eit godt avlingsår for jordbruket. Vi vonar og at våren ikkje må verte så sein som dei to siste åra, og at det vert bra med dragkraft og arbeidshjelp. Med von om og tru på at alt må lage seg så godt som det etter tilhøva er niogeleg, ynskjer vi alle som steller med jord og husdyr:
Godt nytt år!