Jon Sæland. Landbrukstidende s 200, 1930

Til framgang for småfeet

 

Statssjå for verar og bukkar i Nord-Trøndelag ihaus

Stortinget gav i vinter pengar til eit statssjå for verar og bukkar i Nord Trøndelag. Dette fyrste året vert sjået halde på tri stader soleis: H e g r a 4. september, Å s e n 5. og S k o g n 6. september. Dømingi tek til kl. 1,0 og då må alle dyri vera framme, iminsto alle verane - som vert tekne fyrst.

Etter samråd med Landbruksselskapet er det gjort av soleis at folk kann få møta med hodyr (søyor, gimbrar, geiter) og denne gongi og få desse dømde på vanleg vis, men pengepremi er det ikkje til hodyri (berre sløyfor) når ein tek unda 150 kronor som Landbruksselskapet hev gjeve og som vil gå til dei allra beste dyri. Men alle verane som når premi, fær pengar som vanleg nemleg 5 kronor når dei fær 3,., 10 kronor når dei fær 2,. og 1,5 kronor når dei fær 1. premi.

Det er ei krone i innmeldingspengar for kvart handyr, inkje for hodyr. Innmeldingspengane må fylgja innmeldingssetlane som må vera komne til Sæland, Gvarv, innan 15. august. Innmeldingssetlar kann ein få hjå formennene i jordbrukslagi eller hjå fylkesagronomane.

Ein fyller ut ein setel for kvart dyr og kvart dyr tevlar for seg sjølv. Flokkdømingi er slutt. Men vaksne søyor må hava med seg lambet eller lambi sine. Gimbrar treng ikkje hava lamb med. Gjeldsøyor vert ikkje dømde.

Ein kann møta med den sauen ein hev, anten det er av det eller det slaget (sjeviot, tauter, oxford down, sutherland, dalasau, gråsau, spælsau), men det er best med rein rase, og det må vera gild e dyr som skal hava von um å nå premi.

Folk som ikkje hev noko å syna fram, men vil kjøpa alsdyr, må møta på desse sjåi. Det hadde elles vore hugsamt um det hadde møtt mykje både folk og fe um det kunde hava friska litt i småfeinteressone i Nord-Trøndelag. For det var turvande.

Folk frå andre fylke som hev noko godt dei vil selja, hev full rett til å møta ved desse sjåi på vanlege vilkår.

Det kann vera dei som finn at sjået er for tidleg på hausten, men det let seg ikkje gjera å hava det seinare, iår då. Millom anna skal det tena som ut-taks-møte til jubileumssjået i Nidaros 3. og 4. oktober .

Sjåi vert seinare utlyste i dette bladet, men likevel bør alle interesserte gøyma dette stykket til rettleiding.

 

Gvarv 6. juli 1930.

Jon Sæland
Statskonsulent i sau- og geiteal.