Jon Sæland. Landbrukstidende nr. 26. Sidene 201-202, 1942

Um saudriftgjætaren

 

Av statskonsulent Jon Sæland

Trøndelag har vakna upp og vil auka sauflokkane sine, serleg har dei vorte lystne på dette i Nord-Trøndelag, der som saualet lenge har liggje svært lågt; men samstundes med auking av sauflokkane er spursmålet um å få sauen til fjells, få han gjætt i driftor, vorte varmt. Soleis er eg beden um å skriva ånyo um saudrifter til fjells. Men dette er helst lite turvande. Både eg og andre har skrivi so pass mykje um dette spursmålet i denne tidningen at det greider seg ei stund. Mannjamnt er folket klåre yver at det vil vera bra å få sauen til fjells i drifter, men vansken er å få det til. Fjellbeite skortar det ikkje på, sau ikkje heller, men det skortar på røynde driftsgjætarar. Det er so mykje for lite av slike kring um i landet at det ikkje ein gong er ein å få for kvar 10 ein skulde havt. I år er det soleis mange saudrifter som ikkje er komne til fjells einast av den grunnen at det ikkje har vori røynd gjætar å få tak i til nokon pris.

Søyer med gilde lam, fra Ihøa.

I same landslutar er det mange røynde og gode driftgjætarar, men alle som ikkje er rivne burt frå gjætarlivet med eventyrleg høge dagløner på anleggi, er upptekne kvar i dei landsluter der dei høyrer heime. Ikkje i framtidi heller må nokon rekna med å få leiga driftgjætarar frå andre landsluter. Dette vert for utrygt. Alle som vil hava drift til fjells, må sjå til å få lært upp folk frå eigne bygder.

Driftgjætaren må fyrst og fremst vera ein kunnig, velrøynd saurøktar som kjenner saunaturen ut og inn. Dertil må han vera glad i fjellet og fjelllivet. Han må ikkje vera av det slaget som brukar 8-timars dag, men av dei som når det røyner på, kan gå dagen lang og natti med for å berga drifta si. Han må vera trugen som jordi og helst rask til fots, men dette siste er slett ikkje noko vilkår for å bli dugande gjætar. Eg kjende ein mann som gjætte saudrift i 65 år etter einannan og gjorde det so vel, at han aldri vart arbeidslaus. Denne mannen var ikkje av dei som vi kaller lett på foten. Mange vilde helst hava det til at han var seig og sein eller jamvel latvoren. Denne mannen sa ein gong: "Eg hev aldri sprunge, men aldri kome for seint". Det var nok sanning i dette. Han kjende saunaturen so vel at han ikkje kom for seint dit det røynde på. Driftgjætaren må tola hard påkjenning stundom, men når han har fått drifti si inngjætt gjenom fleire år, soleis at sauen han har um hender kjenner seg heime og går fredsamt i beitet, då kan ingen hva det friare og friskare og betre enn driftgjætaren. Dette er nok grunnen til at mange driftgjætarar kan ikkje vera, annan stad enn i fjellet når fyrst dei er kome i draget med gjætarlivet.

Fritjof Nansen på sauelægret Loftsdolli på Haukelidfjell.

Saugjætaren må hava lag til å læra seg upp ein buhund til hjelp under gjætingi. Han må helst byrja med ein liten kvalp, gjera denne glad i seg, læra han å kjenna ut og inn, læra han lydnad og sidan smått um senn, steg for steg få han til å gjera det som gjætaren ynskjer at han skal gjera. Mannen må gjera fyri det hunden skal gjera etter.

Når ein driftgjætar er vorten velrøynd og glad i arbeidet, bør han helst sjølv leiga seg beite og sanka seg drift. Når han har heile ansvaret sjølv, vert det mest ålvor i arbeidet. Dette vert best gjort på dette viset, og på dette viset kan gjætaren få størst betaling. Når han har fått det til å gå bra, so kan han taka so høg grasleige for sauen at han tener minst like godt ved å vera saugjætar som å vera timberhoggar eller jordbruksarbeidar eller fiskar eller jamvel anleggsarbeidar. Han kan finna seg næringsveg med å vera driftgjætar. Han bør få det slik til: Fyrst då blir det hugsamt å vera driftgjætar. Men ingen når fram til dette utan å syna truskap og stor dugleik i arbeidet sitt. I Trøndelag er det enno svært få røynde driftgjætarar, difor lyt beitelag, jordbrukslag, småbrukarlag eller andre lag taka fyrste støyten med å få drifter til fjells, men størst von um at det skal gå bra i lengdi har vi når driftgjætaren står fyri det heile.