Ole Th. Engdal. Landbrukstidende s 216, 1930
Ole Th. Engdal. Statens sauegard, Edøy
Denne deilda var ørlita, men nett difor noko å skriva om. Dei tre store fylker Møre- og Trøndelagfylkene hadde inkje synt fram. Alt var frå Nordland.
Sauegarden her hadde feita kring 20 sauer og lam til dette kjøtsjået; men då det var skrive om lite plass, og styraren vart domar, slutta me av. Ein skulde trudd at det vart stor tevling iår, avdi Nidaros by får titusenvis av gjestar o. a. framande, og saukjøt og sauesteik ("fåresteg") skulde vera kost å bjoda fram. Men kan henda lyt det vera "stavangerlam" og ikkje trønderlam, om det skal vera fint nok. Slik er det i andre byer og.
"Fåresteg" er fint ja, både på hotell o. a. stader, og ein skulde tru, at det vart stor handel med sau- og lamskrottar i Nidaros by iår, at det netop skulde vera eit år til å syna fram, kva ein stor landslut kan produsera av sovore. Lammekjøt er finaste kjøtkvalitet og gjev høgste kvalitetspris og største fortenesta, om ein tek det rett og nyttar høvelegaste tida til sal, serleg våren og turisttida og so ei slik festtid som iår! Men produsentane forsømte framsyninga. Berre dei, som driv med storfekjøt var gilde karar. Sopas lyt sauekarane verta til næste gong! Den som liver, får sjå.
Saukjøtdøminga har havt noko å segja åt sauealarane på kvart kjøtsjå. Frå første sjået i Oslo for nokre år sidan og til og med iår på sjået i Nidaros er det eit og anna, saueeigarane gjer vel å merka seg, om dei vil ala til slik kjøtsau, som kjøtkjøparane betalar høgste pris for. I England og Skotland har det vore og er det so, at det er mest om å gjera å få til sau med tjukke og breide kjøt- og feitfyldige lår, bogar og rygg, og so ikkje for store skrottar. Dette gjeld her i landet og, og for kvart år vert prisskilnaden større. Alt no skal ein høveleg stor skrott ikkje vera over 15-20 kg., om han skal nå høgste pris. Prisskilnaden har iår vore so høg, at dei store skrottane har vore betala med kr. 1.40-1.50, medan dei små har nådd 2.40-2.0 pr. kg. samstundes i Oslo.
Men lår, bogar og rygg har minst like mykje å segja for saukjøtprisane. Det lyt vera mest mogeleg av det dyre steikekjøtet. Det har synt seg på kjøtsjåa, at den mest ideelle kjøtsau hertillands er cheviot, anten det er vaksen sau eller lam det gjeld. Dette slaget er i Skotland framale til ein velskapt steikesau, med lår, bogar og rygg som høver. Hertillands syner det seg, at sutherlanssauen eller nordskotten kjem nerast. Sutherlandssauene og lamma frå Nordland på sjået var difor jamt gode, men fjorlamma litt for store til å nå høgste pris. Det var berre ein blandingssau på sjået, (nr. 136) og denne synte nokre av dei feil, som gjer so altfor mange av dei norske sauskrottane so lite tevleføre til høg kvalitetspris. Den hadde for smale og tunne lår og bogar med altfor lange skankar; men mange skrottar er mykje verre. Ryggen var derimot ikkje verst i breidd og kjøtfylde. Oftaste vert ryggen altfor lang, smal og tunn.
Desse kjøtfeilane vert til stort tap for sauealarane, om det ikkje heretter vert gjort meire enn før til å retta dei. Sauen lyt ein døma som kvalitetsvara, og då gjeld det om, at opalarane ikkje sett på so mykje stygg sau, som no dei gjer. Ikkje ein for stor-, men ein velbygd sau, so nær idealet som mogeleg lyt det vera, anten han er av eit eller anna slag.