Den nye driftsmåten i sauavlen - Karakulskinnavl i samband med gjøding av gamle tikkor eller tikklamb

 

Av Statskonsulent Sæland

Han munar seg fram denne nye driftsmåten. Han gjer det. Det gjeng smått, men det er bra. Då treng ingen forfjasa seg og tapa pengar. Men det gjeng frametter no og me er visse um, at karakulavlen vil få noko å seia for norsk sauavl.

Dei fleste som hev vore burte i karakulsau hev til dessar helst brent fingrane sine og drege seg attende. Iminsto er det so i Trøndelag. Men anna var ikkje ventande heller, for Trøndelag kann i det heile so lite når det gjeld sau, at dei ikkje kann vera fyregangarar i nye ting her, slett ikkje.

Men endå um det er so, kann likevel tidi vera inne til at ein og annan mann jamvel her freistar å setja seg inn i denne nye avlsmåten. For det fyrste treng Trøndelag mykje meir svart ull - til tvotrådbundingi enn det er no og med ein høveleg karakulver kann. ein på eitt år få alle bambi svarte og såleis få den svarte ulli som trengst.

Elles hev Trøndelag mykje rev. Og revavl i samband med gjøding av gamle tikkor som vert para med karakulver høver framifrå. Tikkone vert slakta 18-20 dagar fyre lambing og då fell det mykje og framifrå god revmat på ei tid av året (april-mai) då det serleg er um å gjera å hava forkunnmat til reven.

På ymse strok av landet vart det i vår truleg teke i alt kring 2000 karakullambskinn, det meste av ufødde lamb.

For nokre dagar sidan såg eg på skinnsankingi i Rogaland. Der hev dei eit karakullag og medlemene i laget samlar skinni sine ein sett dag kvar vår og syner fram kvar sit t. Og tek avgjerd um korleis skinni skal seljast. Skinni vart lagde ut på bord og benkjer i den store revhallen i Stavanger (Hillevåg) soleis at alle kann få sjå skinni til einannan og lære av einannan. Då vert det ordskifte og tevling. Det vart synt fram kring 600 skinn, mest alt var skinn av ufødde lamb etter vaksne tikkor eller tikklamb som var gjødde i vinter, fyre slaktingi.

Kring 30 av skinni hadde vore hjå Lampson i London og vorte verdsette for sal på verds.marknaden. Det var skinn av ulik godleik, frå dei ringaste og upp yver. Dei ringaste var verdsette til 5 skilling (kring 5 kronor), dei beste til 32 skilling. Medelprisen var 17 s.l.d. (kring 17 kronor). Alt var rå, men turre, skinn og mest alle hadde vanleg norsk sau utan karakulblod i til møder. Men karakul far. Mange av skinni var av tvillinglamb, sume jamvel av trillinglamb. Det såg soleis vonfullt ut.

Ein vanleg bonde som hadde kring 150 skinn hadde selt skinni sine fyre skinnsankingi og hadde fenge 18 kronor stykket jamnt yver for alle. Det sagdest det ja. Soleis kr. 2700,00 ialt - ein fin handskilling attåt alt kjøtet og all revmaten og alle sauskinni og ulli. Han hadde grunn til å vera i godlag.

Ein annan bonde som hadde kring 100 skinn vart bjoden 22 kronor stykket jamt yver for alle skinni sine, men enda selde han ikkje. Men denne bonden (Folkvord) hadde den beste skinnbundten av alle.

Du spør korleis vanlege bønder kunde hava so mange skinn til sal i eitt år? Jau dei hadde k j ø p t u p p gamle tikkor ifjor haust, para dei med karakul og gjødd dei. Alle, eller mest alle, skinnavlarar var etter måten store revavlarar og. All slakting vart fråseggjort heime på eigen gard. Kjøtet var send til Oslo og hadde gjenge i høg pris.

Skinnsalet? Ja, dette er ikkje so endetil. Det hev vore mange vanskar både med reiding og farging og med sal innanlands, enda det er stor innføringstoll på slike skinn. Rogalendingane rådslo no um kva dei skulde gjera med skinni sine iår. Endskapen vart at dei sende dei til Lampson i London for sal der på offentleg auksjon. Jaja, so fær me alle røynsle for korleis dette vil gå. Slike skinn skulde med retten seljast innanlands, men no fær me sjå um dei er tevleføre på verdsmarknaden. Det vilde vera herleg um. dei var det. Og i so fall kann me hugheilt driva på med karakulskinnavl. Vinn me fram i storum med denne avlen, fær me med det same ei regulering av saukjøtprisane som det er mykje større framtid i enn den reguleringi som Kjøt- og Fleskesentralen driv mot god betaling.