Røynsler om kystbeitedrift

 

O. Th. Engdahl. Landbrukstidende s221, 1927

Det er diverre kjent, at kystbygdene mange stader har dei småaste og magreste krøter av ku, sau og hest. Slakt derifrå er, ofta mykje ringt og vert selt til lågaste prisar.

Når ein veit, korleis dei naturlege beitene ser ut på dei låg og våtlendte øyar og yttste fastlandsstrender, skynar ein, at det lyt so vera. Det er mest lyngrabbar eller myrar. Kan henda er der sume stader ei smal grøn grasstrimla heilt nede i fjørekanten, so langt opover som sjøen årvisst legg tang og tare. Dette vert so sterk gjødsling, at korkje lyng, siv eller halvgras veks, men saftig tirgrønt fint gras, og der går sau og hest og gneg jorda fleinskalla.

Men dette er so lite, at det mest inkje av dei store beiteviddene, som ligg langs Norigs kyst og venter, at mannaand,og mannahand skal gjera dei alle til feite grasbeiter. Som no dei ligg, er dei sveltebeiter, anten det er sur myr eller sur lynghei.

Kystmyrane er mange slag, det meste truleg sokalla grasmyr. Men ein ser ikkje gras eller grønt strå på dei. Istaden er dei brune heile året som pelsen på rein og hjort. Det er storr og anna halvgras og siv (carex-, eriophorum-, scirpus- og juneusarter), som mest veks på desse myrane. Dei plantene rotnar so seint, at dei stend som daudfynd frå år til år og gøymer den grøne årsvokster. Difor vert myrane so gagnlause til beite.

Men halvgras og siv er ikkje gagnlause, når daudfynda kjem vekk. Då gror dei grøne tidlegare om våren enn noke anna og er rike på næringsemne. Sume av dei blomstrar i april-mai. Dette vert tidlegare vårbeite end noko anna.

Forutan storr og siv veks det lyng, mest beitelyng (Calluna vulgaris) på myrane. Men denne veks mest heilt åleine opover haugane. Der kan den verta so tett, at det ikkje finst anna og so, høg, at det vert vondt for sau å koma fram. Og då riv den ulla av dei. Ung lyng er frisk grøn sumar og vinter og blomstrar i august. Då vert den bedste slag vinterbeite og um sumaren naudturveleg krydder attåt grasbeitet. Men vert den 30-50 år gamal, so er den ikkje grøn lenger, men brun eller grå og nyttelaus. Sameleis med ung lyng, om den vert skada av frost, so han døyr.

Det er enno lite røynt, korleis ein skal laga gode beiter i kystbygdene. Men detta lyt gjerast. Kystbygdene kan verta dei bedste beitebygder i landet. Det løner seg betre å laga beiter i kystbygdene enn andre stader, avdi dei kan bruka beitene mest året rundt. Målet lyt vera, at kvar gard har nøgda med god lyngmark til vinterbeite, so noko godt myrbeite å bruka tidleg vårs; men det meste lyt vera friskt og godt grasbeite til vår, sumar og haustbruk.

Ein sumar prøvde me på sauegarden lyngmark, myr og kultivert utmarksbeite til sumarbeite åt vaksne verar. For kvar gong letna verane på lyngbeitet. Det gjekk jamt og snøgt nedover, anten dei var der stuttare eller lengere tid. På myrbeitet gjekk det litevetta opover, og det kom seg av, at det var grasmark ein og annan staden, og der gnog verane; men sjølve myrgraset (siv og storr) røyrde dei ikkje. På grasbeitet vart det ein annan dans. Kvar gong verane kom dit, auka dei i vigt like snøgt som dei letna på lyngbeitet, anten dei var der ei eller fleire veker. Soleis går det og med dei andre krøtera. Finn dei nøgda grønt gras, veks dei snøgt; men vert det berre lyng og myr, so fær me ikkje stort anna end skinn og bust og bein på dei.

Eit døme på korleis ungoksar kan veksa snøgt på dei feite grasbeiter utmed kysten, skal nemnast. 2 små ungoksar vart slept på kultivert utmarksbeite 15. mai 1926 og vog då, den eine 205, den andre 163 kg. Dei gjekk heilt til 22. oktober, natt og dag utan, å få noko anna, og hadde då lagt på seg, den største 116 og den mindste 120 kg. Dette vert god betaling for godt beite.

Skal krøtera veksa og verta feite på sumarbeite, dugar berre gras. Litt lyng attåt til krydder er naudturveleg, so beitedyra ikkje vert magesjuke av det saftfulle næringsrike kystgraset.

Om vinteren er det annorleis. Då og kan grasbeite vera grøne heilt til jul some år ute i kystbygdene; men seinare lyt sauene nytta lyngen, og den kan verta halve føda heile vinteren.

Forrekneskapen på sauegarden syner at vinteren 1922-23 sparte me 6792 kg. høy med å hava sauene på eit lyngbeite kvar dag, når veret ikkje var for ufyse. På dette stykket var det ikkje sumarbeite åt meir end 30-35 lamsauer med lam sumrane 1909-12. Sumaren 1926 gjekk der 120 sauer og lam, 2-3 hestar og nokre storfe, og dei greidde ikkje snaugnaga alt graset.

Mange råder har vore prøvd her på garden, og det var om å gjera få nøgda graset til sumarbeite og nøgda frisk lyng til vinterbeite. Der attåt laut vatshola veitast ut, so ikkje sauene gjekk seg nedi eller vart fengde av søtt. Først grov me opne: veitor (0.5-0.8 meter djupe og breide) gjenom myrsig og våtlende, i ollo 33,000 m. Dei kosta 6-8 øre pr. m. føre krigen. Me rekna med, at det på jamnan vart 1/2 m. grasbeite på kvar sida åt veitone, somstad mykje mcir. Dette vert 33 mål grasbeite.

So prøvde me gjødsla vekk lyngen med kunsthævd, so det skulde verta meir grasbeite. Dette gjekk for seint og vart for dyrt. Mykje betre gjekk det med tang og tare eller skjelsand og dynd frå fjøra. Omlag 200 bikvognlass (kjerrelass) tang og tare på målet røytte vekk den sværaste lyng og gav same året eller året etter endåtil so mykje som 2000 kg. doggfritt gras. Dette var i 1914; men sumaren 1925 var det enddå 575 og i 1926 520 kg. gras på målet etter same tang- og taregjødslinga. Vert middelavlingane rekna for alle åra, får me 15,120 kg. gras eller 5040 kg. høy for denne taregjødslinga. Sjøgras (Zostera marina) duger ikkje. Det lyt vera tare, eller tang og tare i blanding.

50-60 lass skjelsand. på målet eller dynd frå fjøra har sorne stader laga mest like mykje grasbeite som tang og tare; men det har verka mykje seinare og meire ojamt.

No har me slutta å gjødsla lyngen vekk for å få grasbeite. No brenner me først allstad, der me vil laga grasbeite, både på myr og lynghei. Men brenninga er naudturveleg, der det trengs friskt lyngbeite og. Etter brenning greider det seg med mykje mindre gjødsling for å få gras. 50-60 lass tang og tare gjer då same gagnet som 200 lass utan brenning. Sameleis er det med kunsthævd. So har brenninga den store fyremon, at ho reinskar vek kalt daudfynd og truleg gjer reint for mykje sjukesmitte og. På snaubrent myr og lynghei vert det liggjande att eit tunt lag sot og oske. Detta verkar som gjødsel. Endåtil tidleg vårs vert myrane frisk grøne av sprettande storr og siv. Då er det god sauemat burtetter alla myrar, kor det før var inkje slag sovore, men berre daudfynd. Brenninga åleine har gjeve 300 kg. beitegras på målet første sumar og frå 200 til 250 dei 2 år etter. 60 lass tang og tare etter brenning har gjeve 1375, 1300 og 950 kg. gras i 3 år etter. Av einsidig kunsthævd har 20 kg. kali åleine verka inkje. 50 kg. tomasmjøl åleine har gjeve 325 kg. og 20 kg. salpeter åleine 462 kg. gras. Tomasmjøl og salpeter saman har gjeve 650 kg. Alle 3 slag ihop har gjeve 750 kg. på målet.

Dette har vore prøva i turkeår, so dei vilde truleg gjort meir av seg, om det hadde vore regn nok. Like vel vert det bettre å bruka større mengder kunsthævd med ein gong. 1924 vart soleis bruka 100 kg. tomasmjøl + 40 kg. kali + 50 kg. salpeter (salpetret i 2 vender) på målet; men dette var slag som gjorde av seg. Før brenninga var her overlag stor og tett lyng, 40 år gamal; men etter kunstgjødslinga vart det same sumaren 1375 kg. doggfritt gras. Seinare har det ikkje vore gjødsla; men lell var det året etter 1095 kg. gras og 1926 enddåtil 1637 kg.

Den sterke kunstgjødslinga har med ein gong lokka fram voksterskifte. Dei kleine sortane kom heilt vekk og istaden vart det mest berre kvitkløver, vikke og gul rundbelg, og desse vil truleg halda seg mange år endno utan ny gjødsling.

Etter den veikare gjødslinga vert det og voksterskifte; men det gjeng mykje seinare. Det vert mest gras og kvitkløver. Kvitkløveren vert mesta for tett sume stader.

Der det er altfor lite grasrot, kan det vera gagnleg etter brenning å så ut opsop frå høylåven tidleg om våren. Ein lyt så det tjukt og horva det ned med ei kvass fjørhorv eller kvasstinda valshorv. Fosfat og kali er det naudturleg å horva ned samstundes. Ein lyt køyra tung åkerrull etterpå. Ein tunn flo rota mardynd (sjøgras) frå fjøra hjelper til halda på væta åt frøet. Seinare får ein sjå om det opspirande graset treng ein kveik av salpeter.

I staden for opsopfrø frå høylåven kan ein sjølvsagt bruka reint grasfrø. Men ein treng ikkje vera so redd ograsfrøet i opsopet, berre det ikkje er høimol og soleifrø. Når beitedyra slepp til, snøyder dei frøograset.

Brenninga vert soleis det ein lyt byrja med; men ho lyt gjerast rett, til rett tid, på rette stadane og på rette måten. Rettaste brennetida er februar og mars. Det lyt vera turr og rimfri berrfrost, so daudfynd og lyngstillk brenn, heilt ned, og sopas frose i jordskorpa, at ikkje røter og rotknoppar verta skadd. I april kan ein brenda, sjølv om det ikkje er frose, men turt nok, det som brenna skal og like vel sopas væta i jordskorpa, at jord og røter ikkje fatar. Det er ikkje mange velskikka brennedagar for vinteren, so det gjeld passa på å nytta dei. So lyt ein akta seg, so det ikkje brenn, der det ikkje skal brenna. To mann bør altid fylgjast åt. Til å sløkkja med har kvar ein våt mattesekk. Vert det stor varme, er det rettast hava sekkjene festa på lange stenger, helst 2 våte sekkjer festa til enden på kvarstong eller staur. Dei skotske lyngbrennelamper er lugum å tenna på med; men ein kan hjelpa sed med turr lyngkvist eller neverkrullar på ein stav.

Ein må aldrig brenna i sterk vind. Då tek varmen berre toppane, og so kan den verta umogeleg og styra. Stilla er bedst eller svak vind. Rettast å brenna mot vinden og imot den vegen lyngen ligg. Då brenn han lettare heilt ned. Vert varmen for sterk eller tek galen veg, lyt ein bruka sløkkjestengene. Først slær den eine, og so kjem den andre med slaget på same staden. På denne måten fyl dei kanten av elden. Lyt passa, so eldlina ikkje vert for lang, serleg der vinden stend på. Der det trengs, kan ein først brenna ei grenselina rundt eller slå ein skår med ljå fyreåt, om vågnaden med brenning er for stor.

Når det først er påtendt, gjer resten seg sjølve, om alt er lagleg. Difor vert brenninga billegaste og snøggaste måten. Ein gjer likevel rettast ikkje å gange ifrå varmen, før den er godt sløkt. Minnste rjyk frå ei tuva, har somtid vorte til stor vådeeld.

Kvar skal ein so brenna? Allstad, der ein vil hava grasbeite, soleis alle myrar, der det ikkje vert eller ikkje trengs lyngbeite, men er for mykje daudfynd. Lynghaugar, som ikkje trengs eller er for lite skikka til lyngheite, lyt brennast, skal det verta von om gras. Er jordskorpa på berga tunn eller mykje lyngsur, er det lita von det vert gras etter brenninga. I so høve kan det verta ny lyng; men er jordlaget alt for tunt, vert det ikkje noko etter brenninga, og då er det betre lata vera.

Til beitelyng sett ein att bedste lyngplassane, der lyngen er eit grønt tett teppe, frå tomehøg, til han rekk mest opunder buken på sauene. Seinare vert han for gamal, og da spørst det om rette tida å brenne han vekk, so det vert ny lyng. Ellest vert han so høg, at han riv ulla av sauene.

Etter brenning av slik lyng vert det ikkje eit grasstrå, om jorda er mykje lyngsur. Jorda ligg brunsvart første surnaren. Ser ein vel etter seinhansta, vil ein finna ei mengd med snaut ein centimeter høge små grøne frøplanter av lyng. Dei sit so lause, at saukjeften riv dei lett op både første og andre vinteren; men lel går det utrulég fort, at dei som vart att, breider seg utover. Ein lyt beita varsamt dei par første vintrar på slike stader. Om 3-4 år er då den brunsvarte flata tett lynggrøn att, og no vert nylyngen betre og betre i 5-10 år og meire.

I Skotland skyt det somtid ny lyng frå røtene av den brente lyng. På sauegarden her har dette kkje synt eg. Har granska tusenvis av nye skot; men det har altid vore frøplanter. Me har og prøva kunstgjødsel for å få spirande lyng til å veksa snøggare. Dei gjødsla rutone vert grønare og lyngen lengre og tettare end der det ikkje vert gjødsla. Til dette bruket duger ikkje tang og tare. Dei gjer bere skade på lyngen.

På sauegarden har me og prøvd dyrka op myr til grasbeite og slått. Kring 60 mål er ferdig og noko har vore bruka på båe måtar i over 10 år. No gjer me det billigast på den måten, at myra vert grøfta og pløgd om våren i håballa. Med 3 hestar og 14-16" plog pløgjar og jamnar 2 karar 1-3 mål om dag. Det vert då pløgd so djupt, at unnersida av plogvelta kjem op med rota myr. Ho ligg då sumaren over og vert horva på telen vinteren kjem. Med eggslipa spissar på fjørhorv og kvasstinda rullhorv vert myrpløgsla finhorva sopas, at me sår engfrøblanding med same om våren. Dei siste åra har me bruka berre kunsthevd,og skjelsand, og det vert fin ograsrein kunsteng.

Både kløver og grassortar trivst med ein gong. Hundegras og reverompa har me slutta med, då dei vert so skadd av rust, lid på sumaren at dei ikkje vert brukande beite. Me let so myra liggja til slått og beite 5-6 år og meir, til torva er møyr og lett å bearbeida. Denne dyrkemåten høver truleg fleire stader.

Første sumaren og hausten kan ein sjølvsagt ikkje beita myra, lyt slå avlinga og helst med ljå. Andre året treng ein og vera varsam med beiting og tråkk.

Medan grasfrøet var på det dyraste, sådde me i høyfrøopsop frå låven. Attleggingsåret vart det lite gras; men seinare har det vore tet grasrot og overlag godt beite, som tidlegare og, betre toler tråkk av beitedyra end etter grasfrøsåing. 1125 kg. doggfritt gras på målet har vore slege andre året.