Jon Sæland. Landbrukstidende s229, 1939

Saudrifter til fjells

 

Jøn Sæland

Trøndelag har vakna for denne saki no. Det er mange nye upptak gjort ifjor og iår. Men det er ikkje gjort på ein dag eller på ein sumar å få slike nye upptak til å gå verkeleg bra. Difor treng dei fyregangarane som slit fram denne nye og gagnlege saki, dei treng skynsemd og hjelp og høgvyrdnad for strævet sitt. Men diverre ser me at dei tidit ikkje fær noko av dette.

Staten har hjelpt dei litt ifjor og iår med små tilskot i dei fyrste vanskelege åra. Iår er det soleis lova til Beitstad bondelag 300, til Raubeinsæter saubeitelag 100, til Ranum saubeitelag 300, til Namdalseid bondelag 250, til Budal og Singsås sauvaktarlag 300, til Grong sambeitelag 450, til Landego saubedtelag 50, til Kvam bondelag 125 og til Ålen saubeitelag 300 eller ialt for Trøndelag kr. 2475. Med retten er dette mykje for lite til ei so viktig sak, men noko er betre enn inkje.

Som døme på kor småskorne og utan skynsemd summe heradstyre har vore mot dei nye saudriftene vil eg nemna at det er sume heradstyre som har nekta saubeitelaget skattefridom for gjætarhunden sin.

Heradstyret (lensmannen) kann gjeva dette og vi skulde tru at alle herad med glede vilde gjeva denne vesle hjelpi til eit nytt, gagnleg upptak.