Lars Mogstad, Landbrukstidende nr 51-52 1944. S 231-232
Lars Mogstad
Den som har fylgt med i aviser og tidsskrifter dei siste åra, vil sikkert ha lagt merke til at det har vore stor interesse for sambeiting med sau i Nord-Trøndelag fylke i det siste. Selskapet for Norges Vel har nyleg sett i gang arbeid med å granska fjellbeita på ymse kantar av landet, og vi som har drive med dette arbeidet i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, hadde interesse av å ta ein tur til "Nordfylket" for å få eit inntrykk av kor mykje beiteviddene der kunne tola av beitedyr på ei viss vidd. Beiteutvalet der nord ville gjerne få turen i stand, og vi som kom frå sør, møtte herrane Vardehaug, Hjulstad og Skjervold på Hell den 5. september. Den siste karen høyrde i grunnen kompaniet vårt til også, då han har reist saman med oss ein stor del av sumaren.
Med Hjulstad med rattet bar det så oppover til Meråker, heilt inn til Funnsjøen. Så bar det over vatnet til Leirvollen, og dermed var vi midt inne i riket til driftegjætar Abel Foss, som no har drifta i Kliningen for eiga rekning. Han tok godt i mot oss, og overlet oss 3/4 av sengeplassen i den nye hytta på Leirvollen. Det var stupniørkt då vi kom fram, så det vart berre saueprat den kvelden.
Morgonen etter starta vi frå Leirvollen, rodde over den "kunstige" enden av Funnsjøen og sette til fjells for å sjå oss om i Kliningen. Vi var heldige med veret. Praten gjekk om sau, beite, beitegras og beitegrånsking. Blåtoppen, romen, smyla og sølvbunka vart nøye granska, for no galdt det om å nytta tida vel for å læra av kvarandre. Vardehaug påstod at det skulle vera omlag 1600 sau i det stroket vi gjekk i, men både han og vi andre syntest det var merkeleg at det var så lite sau å sjå. Likevel var nok sauen der, om han ikkje gjekk og synte seg fram i store flokkar.
Etter kvart kom vi opp i sauebeitet. Om sumaren når veret er godt, likar sauen seg best der snøen har lege lengst utover våren, her vekst det beste og næringsrikaste graset, om det ikkje alltid er så langt at det går oppunder buken på sauen. Oftast finn ein sauer på desse fonnelægja, og finn ein ikkje sau, så finn ein i alle fall sauemøkk, som vitnar om at sauen har vore der. Når ein kjem opp i høgfjellet og ser alle dei store viddene med godt sauebeite, kan ein ikkje anna enn tykkja synd i alle dei sauene som går på låglendte og våte beite, på skitne myrar og i ruskut lauvskog, for ikkje å snakka om barskogen, der det mest ikkje veks grønt strå. Her oppe i fjellet er det fast grunn under føtene, ungt, grønt og friskt gras, og velsigna fritt for sjukdomar og avåt som sauene er så ille plaga av i låglendet mange stader.
Her i Kliningen vil dei no ikkje ta i mot noko større meir sau enn det som kjem til på den måten at dei einskilde eigarar sender fleire sauer enn det har hatt her før. Ein del av området vert nytta til sæterbeite for storfe, og her vert sauen halden borte. Det er serleg i austre delen av beitet at storfeet går. Resten av området har sauen fullt rådvelde over. Vi gjekk over høgdedrag og dalar, opp den eine skråninga og nedatt den andre, alt til vi var på høgste toppen av Kliningen, 941 m. o. h. Her er det godt utsyn vestover mot Trondheimsfjorden, og i alle andre leier er det fjell i fjell. I nord og nordvest såg vi bort i eit nytt, stort beiteområde som vi skulle vitja dagen etter, nemleg strekninga mellom Glunkvollen-Hermannssnasa. Snart hadde vi sett det meste av beitet i Kliningen og hadde gjort oss opp ei meining om det. No bar det ned att til Leirvollen for å samla kraft og styrke til ein ny dag.
Dagen etter drog vi tilbake over Funnsjøen og bort til Færsdalsvegen att. Her skilde vi lag, då det var berre Vardehaug og eg som skulle draga vidare til Langsåvollen, over Færen til Guddingsvollen, derifrå over Færsvola og Glunkvola til Glunkvollen og vidare ned til Frol. Her i dette store beiteområdet som soknar til Glunkvollen, er ikkje heile vidda utnytta enno. Det er berre den delen som ligg nærast vollen det går sau i. Det er såleis enno plass for mykje sau i Glunkvola, Færsvola og Snasa, og del som det høver for å senda sauene sine dit, vert nok mottekne med opne armar av beiteutvalet. På Glunkvollen tok vi inn til driftegjætar Margido Gotås og frue. Dei tok også godt i mot oss, og vi vart der til fredag. Om fredagsmorgonen regnde det fælt, og det var ikkje onnor råd enn å ta det med ro ei stund. Etter middag vart det betre med veret, og vi la turen om Salthammarvollen og til Vulusjøen. Det ligg føre store planar om vegbygging her, og no er Fjellvegen ført fram heilt til Vulusjøen. Vi fylgde no nyvegen nedover til vi møtte bilen som skulle ta med Vardehaug heim og meg til Levanger stasjon.
Seinare har eg hatt kontakt både med Vardehaug, Foss og Gotås, og etter som det høyres ut har det godt bra med driftene i sumar også. Del aller fleste dyra er komne til rette att, og dei som eig sauene er sikkert også godt nøgde med resultatet. Det er å vona at enno fleire kan få sauene sine til dei gode beita i høgfjellet neste sumar, både i Nord-Trøndelag og andre stader. Då fyrst vil ein fullt ut få gagn og glede av sauehaldet.
Surna i oktober 1944