Jon Sæland. Landbrukstidende s235, 1936
Av statskonsulent Sæland
Eg var ei reis i Skottland i sumar. Der er det mykje å sjå for ein sauemann, for Britland hev 27 millionar sau medan Noreg ikkje når upp i tvo millionar. Det vrimlar av sau alle stader, jamvel inn på husveggane til store byar. Og ferskt, godt sauekjøt et dei der burte kvar dag heile veka, mange då. Svært mange. Men kvendi treng ikkje koka kvar dag. Dei et for det meste kjøtet kokt, men k a l d t, med varme jordeple attåt. Herleg mat. H e r le g, segjer eg ein gong til. Men spekekjøt fins det ikkje i Skottland.
Kjøtet er ikkje gamalt og seigt og magert; slett ikkje det siste. Kjøtet er f e i t t. Det er ein stor skildnad å sjå i so måte på sauekjøtet heime og der. Og stor skildnad å sjå på den levande slaktesauen. I Skottland er denne stødt ruggeleg og feit soleis som han er um hausten frå dei beste fjellbeiti våre. Dei tek han ikkje fyrr. Det er skrinne beite i Skottland som her og soleis stundom skrapen sau. Men innan han vert slakta vert han stødt teken inn på feite beite, so han fær holda seg upp. Han fær for det meste gå på dyrka mark eller godt kulturbeite nokre månader innan han vert slakta. Som no sist i juni månad gjekk det millionvis av sau på f in dyrka mark og etter kvart som lambi vart feite nok og vog 12-14 upp til 20 kg. vart dei sende på slaktemarknaden.
Ein dag var eg på slaktemarknaden i Newcastle. Då var det kring 3000 slaktesau der. Alt vart selt på fire timar av fire auksjonarusar som ropa upp garde for garde. For det meste var det 8-10 smålog i kvar garde. Slaktarane kjøpte kvar til seg og hadde då kjøt ei vike. Det var slaktemarkned og sal berre kvar måndag. Kring 80 pct. av dei 3000 sau var lamb, og dei var alt so store at del vog frå 12 til 20 kg. (kaldt kjøt). Farmarane fekk kring 1 skilling pundet (nestan 2 kronor pr kg.), men ingen korkje selde eller kjøpte etter vekt. Alt vart selt og kjøpt på rus (på auksjon yver levande slaktesau). Det gjekk smeiseleg greidt og godt.
Kva slag lambi var av? Det var mest inkje av rein rase. Godtsom alt var blanding (cross) og mest alle var meir eller mindre grå- eller svartflekkute i annlitet. Dei hadde Half Bred (halvrase) møder og Suffolk eller Oxford down far. Ja ein stor part hadde elles Blackface (svartfjæs) møder og Border Leicester far. Men det var mest av dei fyrste no, so tidleg på sumaren, for dei vert fyrst store og slakteferdige. H a l f B r e d-sauen er halvrase med sjeviot mor og Border Leicester far.
Dei f i n a s t e skrottane, på kjøtthallane fekk ein stødt av sjeviot eller av svartfjæasauen (lamb). Han er stuttføtt med breid rygg og runde, store lår. Sjeviot like eins. Men blandingssauen gjekk godt han med endå han var meir lang og slak i låra og skranglebygd. Berre han var høveleg feit og breidryggja, so gjekk han godt.
Uppetter Møre og Fosen-strendene vert det avliva mykje sau som er for s k r i n n til å slaktast. Han hev fenge reint for ringt beite. Ein må til i storom med kulturbeite her. Eller må sauen sendast til feite fjellbeite. Eller so må del feite jordbruksbygdene innetter Trøndelag kjøpa upp båtlaster med skrinn fosnasau og gjøda han upp innan han vert slakta. Gjøda han på feite kulturbeite eller på håbeite eller med rotvokstrar og kraftfor. Lamb er best til dette. Men den sauen dei kjøper må ikkje vera s j u k. Då munar det lite med gjøding.
Eg nemnde Fosen. Du spør kva saueslag dei i Skottland brukar på skrinne utegangarbeite med lyng som det er mest av i Møre-, Fosen- og Namdalsstrendene. Mest svartfjæs (Blackface), ja mykje meir av dette slaget enn av andre. Det var no 17 år sidan eg hadde vore i Skottland. Men på den tidi såg det ut til at svartfjæssauen hadde auka. Han var no å sjå alle stader. Ikkje berre uppe i skrinne lynghøer (hills) der han var einaste saueslaget, men jamvel nede i låg-Skottland og i England i store og små hagar på fin dyrka jord. Millionvis er det truleg av dette saueslaget.
Me hev det i Noreg og, men ullkjøparane hev so lenge rakka ned dette saueslaget for skuld den raggute ulli, at det hev minka mykje burt det seinste sneis år. Men ein betre lyngsau enn denne er det truleg ingen stad å finna. Det skulde um so er vera den stuttrova norske og islandske.
Eg hev nokre gonger set ein liten flokk svartfjæssau på Smøla. Men elles er han ingen stad å sjå på Møre eller i Trøndelag.
Du ser biletet av veren her. Ein hardtolug stabbe. Ragg? Ja, ulli er ikkje å kyta av, men seljande er ho likevel, og um prisen er liten, so er det so mykje av ho, at sau for sau av dette slaget gjev på lag like mykje ullpengar som finulla sau. Det er so - både her og i Skottland. Amerika t.d. kjøper mykje svartfjæsull.
Um det er sanning, at denne veren vart betala med yver 3 0 0 0 k r o n o r. Det er sanning. Og dette er ikkje høgste prisen me veit for gilde verar av dette slaget. Ifjor t.d. vart ein annan risbit (den dyraste det året) betala med £ 250 (5 0 0 0 k r o n o r) . Dei er ikkje blaute i Skottland når det gjeld um å få tak i dei gildaste alsverane som er. I 1920 vart soleis ein risbit sjeviot ver betala med 1200 £ (2 4.0 0 0 k r o n o r), men so er det den høgste prisen som det nokon gong er gjeve for ein ver i Britland.
Men ein kann få fine dyr billegt med i dette landet. På slaktemarknaden i Newcastle såg eg ei ung feilfri sjeviotsøye, den finaste eg hev set, trur eg. Eit yndeleg fint og sterkt dyr. Eg kunde få ho for £ 2 og 6 s (50 kronor). Sjølvsagt hadde eg teke ho med til Noreg, men eigaren kunde ikkje skaffa med vitnemål um at landsluten hans var fri for smittsam sjuke. So vart ho slakta. Enno gjer det meg vondt.
Jau, um Herlofson eller strindingane hadde havt ein kunnig mann til å passa på på ein eller annan slaktemarknad der burte, so kunde dei fenge seg fin Oxford down til slaktepris. Men eg ottast at det ikkje hadde gagna stort. Um f å år hadde dei vore like skrantne og stygge som det dei hev um hender. Eg såg risbit verar av Oxford down som visseleg vog 150 kg. levande. Det skal mat til slikt noko. Dei trivs "alt inte utan på kløvervallarne" som den gamle svenske statskonsulenten (Hofman Bang) sa.
Fin smale på auksjonar eller sjå (Show) er gruvsam dyr i Skottland. Skal det vera noko umframt er det sjeldan dei krev mindre enn tventy pound (400 kronor). Men se, hev dei 27 millionar sau i bakhand. Det e r noko det. Og ein ting til hev dei: monny. Me kann soleis ikkje fylgja med dei her i landet. Men endå vilde visseleg saualarane her med tena på å tøygia seg lenger enn dei vanleg gjer når det gjeld um å få tak i gode alsdyr.