J. Byrkjeland. Landbrukstidende s250, 1931
J. Byrkjeland i Vestl. Landbruk
Det har alltid vore styrken i det mindre jordbruk at ein har kunna nytta ut dei hjelpemidlar som var for hand. Det er kanskje so at det ikkje alltid vert livt etter denne læresetningi, men lat oss segja med Paulus, at me strævar etter det.
For mjølkekyrne sitt vedkomande er det gjort serleg gode framstig i avdratt etter ein forlet det runde skyn over godleiken, og gjekk over til mål og vekt både for for og avdrått. Ei mjølkekyr å 2000 kg. mjølk um året er ikkje noko vidunder lenger som for 30 år sidan, då speil og mjølkebåror var det ein mest festa seg ved.
I sauehaldet er me som ventande kan vera ikkje komne so svært langt endå, når det gjeld å døma um det viktigaste, nemleg avdråtten. Vel er der, som røynsla viser, ei veldig innteressa for stor smale. Men er det no so avgjort at stor smale og stor avdrått følst åt? Etter den røynsla eg har, er der ikkje større samanheng her, enn der er millom store kyr og store mjølkemengder. Det som tykkjest ha mest å segja når det gjeld kyr, er at mjølkeevna er i orden, og at dei får rikeleg for til avdråtten. Akkurat dei same lover gjer seg gjeldande for lambsøydor. Men gjer dei det, er det truleg at me ogso i sauehaldet må innføra mål og vekt, um målet er å vinna den størst mogelege avdrått av våre saueflokkar.
Som ein veit er veging no innført for verene sin del ved våre saueutstillingar. Og den har ført til eit slikt jag etter store dyr, at det er berre rimeleg det fører med seg mykje åtått. I dei indre fjordbygder der beiti er betre, kan dette jaget kanskje vera fyremålstenlegt, men i dei ytre bygdene kan ein koma i tvil um dette. Beiti i dei ytre fjordbygder er knapt so gode at det er noko vinning med å auka storleiken på søydone over medeltalet for cheviotrasen, som ligg kring 50 kg. Og då skulde vaksne verer på 80 kg. høva so nokolunde til. Når då ytrebygdene legg seg etter 60 kg. søydor og 110 kg. verer, so er det rosverdigt for so vidt, som det er ein stor kunst å nå desse tal men um det tilfører sauehaldet noko varande verd, er ei onnor sak.
No, det var ikkje tanken på å koma inn på utstillingstellet vårt her. Med dei fåe og småe upplysingar som no ligg fyre må verdsetiingi der verta heller lausleg.
Eg vilde heller slå til ljod for ei sak som er lettare å gjenomføra, og som har mykje å segja um ein vil skaffa seg nærmare kjennskap til sin eigen saueflokk. Og det er veging av lambi. Det er lambi som er viktigaste avdråtten me får av lambsøydone, eg ein veit ikkje kva lambsøydone duger til, fyrr ein veit kva lambevekt dei skaffar i året. Veg ein no lambi nyfødde so snart dei er turre, og dinæst dagen fyrr ein jagar til fjells, og noterar seg dei tvo datoane, har ein godt material til verdsetjing av kva lambsøydone mjølkar. Skilnaden millom dei tvo vekter i gram delt på dagatalet gjev då den daglege tilvokster rekna i gram. Rimeleg nok vil ein då finna at den daglege tilvekst vert større for dei einstaka lamb. Men reknar ein tilveksten for kvar søyda, skal ein sjå at tvillingsøydone kjem ut med dei høgste tal. Framifrå tvillingsøydor bør dei fyrste 5-6 vikone klara ein tilvekst på lambi tilsaman av 500-600 gr., medan dei søydor som har einstaka lamb berre sjeldan rekk upp i 400 gr., oftast berre godt og vel 300 gr. Dei tali som her er nemnde, gjeld når søydone går på god engjabø. Går dei på ringare beite, vil dei vanskeleg nå upp i so stor avdrått.
Det er dei tal ein soleis finn, ein venteleg bør leggja til grunn ved avlsdyrutvalet. Går som sagt lambsøydone på godt engjabø, må me kunna rekna med maksimumsavkastning. Me må kunna rekna med at her får søydone syna kva dei duger til. Naturlegvis kan der for ei søyda koma til serumstende eit einskilt år, som gjer at ho ikkje får koma til sin rett. Men ser ein burt frå dette, so har me her i desse tal eit materiale som fullvel kan samanliknast med eit kontrollrekneskap for kyr.
Ei kontrollveging av lambi um hausten, som eg har freista i mange år, synest ikkje endra biletet frå um våren. Er nemleg juret i orden, og søydone kjem på tolleg gode beite tun sumaren, vil tilveksten halda fram, men i jamn minking etter som lambet aldrast.
Mange vil truleg segja at haustvekti er meir litande, og at dei vil halda seg til den. Eg kan vera einig i det ifall lambi er jamaldra. Men er ikkje lambi jamaldra, segjer haustvekti lite um kva søydone duger til. Eit einskilt døme vil nærmare leggja dette upp i dagen. Samanlikningi er gjord millom tvo fireårssøydor, Kveio og Kjærlaug, og gjeld siste sumar.
Kveio hadde berre eit lamb og lembde 17. mars, lambet vog ved fødselen 4.6 kg. Det vart vege dagen etter det kom or fjellet og vog då, 190 dagar gamalt, 37.5 kg. Medeltilveksten pr. dag i 190 dagar er 173 gram.
Kjærlaug lembde tvillingar 8. mai, og tvillingane vog då tilsaman 8.5 kg. Då me tok dei or fjellet no, var dei 138 dagar gamle og vog tilsaman 57 kg. Medeltilveksten for tvillingane i 138 dagar var 351 gr., eller godt og vel det duble imot Kveio.
Um ein samstundes ser desse søydone og desse lambi for seg og held seg til det vanlege runde saueskyn, vilde Kjærlaug få karakteristikken: småe lamb, altso dårleg mjølkesøyda. No syner vektkontrollen at Kjærlaug i dei fyrste tri vikone etter lembingi gav em dagleg lambetilvekst av 611 gram. Eit resultat som er so, godt, at eg berre ein einaste gong har havt det betre, og det var med ein trillingsau.
Ifall me vilde arbeida etter dei same grunnsetningar i saueavlen som i feavlen, vilde Kjærlauglambi vorte valde fyrst, og framum eit 45 kg. lamb som er vorte so stort avdi det var åleine, og avdi det var født fyrst i mars.
Um ein samanliknar same søyda frå år til anna, det eine året kanskje med eitt, det andre året med tvo lamb, ser ein stor skilnad på samla lambevekt. Samhøve vil gjerne verta noko slikt som 4: 7. Når søydone har berre eitt lamb, synest det ikkje vera so serleg um å gjera med mjølkeevna. Mjølkeevna til lambsøydor kjem ikkje til sin rett fyrr dei har tvillingar.
Det som då fyrst og fremst vil auka avkastningi av sauehaldet er ikkje 60 kg.s søydor og 100 kg.s verer, men det er høgtmjølkande tvillingsøydor, og einast dei rådgjerder som fører fram mot dette mål, har førsterangsverd i avlsarbeidet.