Efter "Landbruk". Landbrukstidende s251, 1931.
Efter "Landbruk"
Smale som har gått på beite um sumaren, kjem alltid att med meir eller mindre avåt på seg. Anten no smalen vert fåra inne eller dei gjeng ute, so vil avåtet auka på um vinteren, og gjer dei stor skade. Og då foringa um vinteren i det heile vert knappare enn um sumaren, vil avåtet færa meir på holdet um vinteren enn elles.
Smale som ikkje vert godt passa med lauging mot avåt, vil og koma til å lida stor skade både på skinn og ull.
Smalen vil utvilsamt halda seg trivelegare både vinter og sumar, er han årvisst lauga. På den andre sida er det synd mot våre husdyr å ikkje fri dei for den utidige plaga avåtet er.
Både av dyrevenlege og økonomiske grunnar må ein difor sterkt tilråda årviss vask eller lauging av sauerne.
Det var sagt ifjor at der var bygder der halvparten av smaleskinna vart avrekna som vrakskinn. Og avåtet lyt bera brorparten av skulda for dette store tapet. Smaleskinna er ei billeg vare um dei er feilfrie, so får dei derattåt feil, vert det mest å gjeva dei burt.
No er saulauging vel kjend utover bygdene. Det er mange som laugar både haust og vår. Men endå fleire er diverre dei som ingen ting gjer til å fri smalen for avåt. Det er nok so at lauget kostar både umak og pengar. Men der er no so mange vaskemidlar å velja imillom, åt der er råd å leita ut dei som er so billege, at kostnaden er overkomeleg for alle. Dei velkjende vaskemidlane Aureka, Bigg, Cooper og Douglas, er etter det ein har røynt vore og er brukande.
Tillier tilråder i si bok: Avåt hjå sau og geit og sauevask at ein nyttar arsenikklosing. Men em vil gjerne innvende, at når folk andfares skal sutla med ei fårleg gift, so er det ikkje lite ottesamt, ikkje minst for folka som skal arbeide med lauginga, og som med dei hjelperåder som vanleg er for hand på ein gard, lyt vera budde på å få lauget skvett utyver både hender, andlit og klæde. Ein må visst heller nytta andre vaskemidlar som det er mindre fåre med.
Vil ein gjera lauginga so billeg som råd er, skal em truleg helst nytta kreoin eller råkresol. Den siste lauginga kjem etter statskonsulent Sæland på ikkje meir enn 6 å 8 øre for kvart levande, og då skulde ikkje kostnaden verta so avskræmeleg for nokon. Det er ikkje nokon likande lukt av desse tvo sistnemnde vaskeslaga, so ein får i minsto ikkje driva lauginga på same tid som ein slaktar.
Har smalen gått i beite med mykje braka, plar ulla vera nokso ruskutt, og dei kunde for den saks skuld vel trengja eit laug fyrr dei vart klypte, men ulla minkar heller mykje i vekt då, og fabrikkane er lite huga på avrekna annen pris for denne enn den vanlege uvaska ulla.
Det vil då i regelen vera det tenlegaste å lauga straks etter at ein har klypt, dermed sparer ein og noko vask.
Til vasket trengst eit laugekjer: ein kasse, ei avlang stamp eller ein stor kjel, eller kva ein no har for hand. Kjeraldet må vera so stort at ein vaksen sau kan romsleg stå uppi, eller leggjast nedi på rygg. Når ein skal lauga set ein kjeret upp at med hauehuset. Em kan stella ein kjerekarm burt på kanten av laugekjeret, og lata han halle so mykje imot dette at lauget renn nedi kjeret att, når ein etter at sauen er lauga set henne uppi karmen, Ein sparer noko vask då.
Creonal sauevask "Rogaland" er ålment bruk på Jæren og er godt likt der. Kreolinløysing får ein på apoteket utan resept. Av kreolin brukar ein 2.5 liter til 100 liter vatn. Det går med ein 2-4 liter vask til kvart dyr etter so mykje eller lite em skamplar ned av vasket, Råkresol kan ein og få på apoteket på same måte. Av dette trengst det 1.5 kg. til 100 liter vatn og dertll 1.5 kg. grønsåpa. Ein rører fyrst ut grønsåpa, helst i lite, men varmt vatn. Når den tiletla grønsåpa er uppløyst, blandar ein råkresolmengda i, og tilset resten av vatnet.
Er ein ikkje vane å gjera dette arbeidet, kan det frå fyrst av vera bra at ein er 3 når ein laugar. Ein tek tak um framføtene, ein um bakføtene og ein um hovudet, og legg so sauen på rygg ned i lauget, men soleis at ikkje hovudet kjem under. Det kan og lata seg gjera å lata sauene stå i kjeret, og med eit spann ausa vatnet langs ry gen på dei. Men skal ein få dette til, må ein anten ha eit romsleg kjer, eller ha vasket i tvo bidne, so sauen står i det eine og ein auser or det andre. Er veret godt, kan ein sleppa smalen etter kvart som han er lauga, elles får ein lata dei stå inne. Men då bløyter dei fælt upp gardane i sauehuset, so det skal mykje strøy til.