Fra Edøy saueavlsgard. Landbrukstidende s257-258, 1937
Fra Edøy saueavlsgard
Vinterutgonga for lamsau er praktisert på ymse måtar langs heile kysten, og med meir og mindre nytte. Det kan ikkje vera tvil om, at mykje av "saudedauden" om vintrane og vårane kjem av for vidt driven utegonga og for skral foring og ringt stell. Det kan difor verta ei god rettleiding å få pålitande tal for formengda kvar dag til ein stor saudebuskap. Endå meir pålitande vert verknaden av foringa, når kvart dyr er vege ein gong kvar månad eller 30 dagar millom kvar gong heile vinteren.
Me tek difor inn noko av sidste årsmeldinga frå Statens saueavlsgard på Edøy, der det ikkje har vore "saudedaude" nokon vinter:
Vinterforing og vinterbeiting 1935-36 og 1933-36.
Vinteren var deilt i foringsbolkar på 30 dagar for dei ymse flokkar, og kvart dyr var vege fyrste dagen i bolken. Alt for var vege kvar dag og til kvart mål åt dei ymse flokkane, og for restane var vegne ifrå. Dette var myke arbeid; men berre på denne måten vert forrekneskapen rett.
Som åra fyrr er til ein forverde (f.v.) eller foreining rekna 1,1 kg. blanda kraftfor, 1,2 heil havre, 2,2 høy, 4,3 potet, 9,0 surfor (silo), 11,8 nepe (Dales hybrid), 15 kg. nepeblad og 5 beitedagar om vinteren (lyngbeite), men iår berre 2,5 kg. halm, av di denne var mykje høyblanda.
Vinterforing og vinterbeite til lambsøyene.
Kring 120 søyor av sjeviot- og dalaslag (gimbrar irekna) var fora saman heile vinteren. Dei var ute på lyngbeite ein tur kvar dag, når idet ikkje var for mykje snø eller veret altfor ufyse, men inne kvar natt i eit ope fjøs. Det vart ikkje meire enn ialt 5241 beitedagar i vinter, avdi det vart so mykje snø og lang snørid etter jul. Inne har dei ete upp i alt 22,922 kg. høy, 1134 halm, 8918 nepe, 710 nepeblad, 4602 surfor, 2653 kraftforblanding og 22 kg. heil havre. Omrekna vert dette 15,574 forverd (f.v.) for heile vinteren, frå 7. nov. til 4. mai. Dette vert på kvar søye og dag 0,7 f.v., og pr. 50 kg. levande vekt (l.v.) og dag 0,63 f.v. Denne siste utrekninga har no vore bruka her for samanlikning i fleire år. Levande-vekta for kvar søye er mykje ulik, frå 40 kg. for dei minste sjeviotsøyene til over 90 kg for store dalasøyer. Forbruket av for pr, søye vert det soleis, altfor stor skild på; men for kvar 50 eller 100 kg. l.v. vert det same storleiken alltid å samlikna med.
I fyrste forings-bolken, 30 dagar fyr og under paringa, har 0,59 f.v. pr. 50 kg. 1.v. auka levande-vekta 1,44 kg. pr. søye. Dette har soleis vore velso vedlikehaldsforing. I 30 dagar seinare har 0,44 f.v. om dag vorte for snau vedlikehaldsforing, og kvar søye har letna 1,6 kg.
Det syner seg difor som fyrr at vedllikehaldsforet for vaksne søyer ligg kring 0,5 f.v. pr. 50 kg. l.v. om dag.
I 30 dagar, 6/1 til 4/2, har 0,61 f.v. gjeve 3,26 kg. tilvekst. Dette er beste forverknaden i vinter. I siste månaden fyre lamibinga (6/3--4/4) har 0,73 f.v. auka den lambtunge søya, 2,86 kg. So kjem lambingstida (5/4-4/5) med ein vektmink på 10,03 kg. for kvar søye, medan foringa var 0,79 f.v. pr. 50 kg. l.v.
Det vert etter dette ikkje so stor skil som ein skulde tru på formengda fyrr og etter lambinga, endå om søyone i lambingstida får eta so mykje høy dei vil. Dei har ikkje greidd å få i seg meir enn rundt rekna 0,8 f.v. medan dei i bolkane fyrr trong kring 0,5 til, vedlikehald og 0,6 til 0,7 for å auke noko i vekt. Det er fyrst når dei vert ståande på inneforing etter at lamba treng eta og trakka i høyet at forforbruket vert for stort. Difor gjeld det om at søyene lember so seint um våren at dei kjem ut, til lamba treng meir enn morsmjølk.
Eit oversyn over foringa dei siste 3 vintrar syner at forstyrken for heile vinteren har vore 0,54 f.v. fyrste, 0,58 andre og 0,63 tredje vinteren pr. 50 kg. l.v. Meirforbruket siste vinteren kan koma av at det vart lenger inneforing, og av at beitedagane er rekna noko lågt i f.v.
Fyrste vinteren har søyone auka 6,41 kg. til lambinga, andre 7,3 og siste vinteren 7,96 kg. Etter lambinga er dei i same fylgd letna 11,26, 13,7 og 11,63 kg. Dei er solels letna kring det duble av vinterauken; men dette har dei told godt. Vekslingane frå år til år kjem kan henda mest av at nytten av vinterbeita ikkje er den same alle år, og av at tvillinglamb-talet vekslar noko.
Vinterforinga har vart frå 180 til 187 dagar. Sautalet har vore noko ujamnt i rekneskapen med di flokkar har vore med i ymse prøver ei tid på vinteren, men foringa då er merekna. Foringsdagane tilsaman for heile vinteren (dagetalet gange sauetalet) er lågast 1932-33, ialt 16,949 og høgst i 1935---36 md 22,102. Siste vinteren var sauetalet størst.
Talet av beitedagar er minst 1935---36 med berre 5241 for skuld lang snørid, og høgst 1933--34 med 8917 beitedagar. Den opfora høymengda um vintrane har veksla frå 11,572 til 22,922 kg., mengda halm frå 277 til 1134, nepa 9628 til 15,663, surforet, frå 4602 til 7639 kg. (ein vinter inkje surfor).
Potet, turt lauv og heil havre har vøre lite bruka. Blanda kraftfor har vore bruka berre til ekstraforing av magre søyor fyrr og til tvillinglambsøyer etter lambing. Siste vinteren. vart kraftforforbruket stort, avdi stråforet ikkje var godt etter regnsumaren fyrråt. Det var bruka berre 403 kg. kraftforblanding åt lambsøyene vinteren 193233 men 2553 kg. siste vinteren.
Medel, 1.v. om hausten har vore frå 53,8 i 1935 til 56,9 kg. 1934, og fyrr lambinga om våren frå 60,2 i 1936 til 66,1 kg. i 1933. At medelvekta ikkje er høgre kjem av, at gimbrane av både sjeviot og dalaslag er medrekna. Største dalasøye har vege 97,5 og største sjeviotsøye 72,6 kg.