0. Th. Engdal. Landbrukstidende s257, 1939

Auking av lammetalet

 

0. Th. Engdal, Statens sauealsgard, Edøy

Der lamsøyene ikkje kjem på godt fjellbeite eller har sers godt haustbeite (håbeite), får dei fåe tvillinglam. Kleinast er det i kystbygdene, der sauene går ute natt og dag på skrale beiter heilt til paringa tek til i november. Desse letnar i tida før og under paringa. Dette er ogso kjendt i andre land; men praktikarane meinar at skal det verta mange lam, so lyt søya auke i vekt denne tida, ho lyt vera i vokster og god trivnad i tida før og under paringa.

Serleg på dei skrale kystbeitene og ute pa øyane seinihaustes lyt ein hjelpa på med litt kraftfor attåt beitet om ein vill hava auke i lammetalet om våren. Det same gjeld truleg ogso for skogsbeitene. Her på garden har me i 4 år gjort prøve med dette i samråd med prof. Tuff ved Veterinærhøgskulen.

Det var om å gjera å få med mest mogeleg like søyer til denne prøva. Me tok til å granska ættebøkene på garden og tok med 2223 lammingar, heilt frå første tida. Det synte seg då, at 318 sjeviotsøyer har havt berre eit lam dei 2 første lammingsår. Seinare har desse søyene i 610 lammingar utetter åra i medeltal for året havt 1,3 lam kvar. Dette lammetalet har ogso vore mykje jamnt for kvart år, soleis etter kvarandre i 7 år vore 1,22, 1,34, 1,36, 1,26, 1,24 og 1,23 lam pr. søye. Ein ser av dette at lammetalet har auka frå eit lam båe første åra til 1,22 tredje, og auken held fram til femte året, men minkar seinare. Omlag sameleis har det vore med sutherlandssøyene. 256 har havt berre eit lam, dei 2 første lammingsår, og seinare i 469 lammingar i 7 år etter kvarandre 1,28, 1,39, 1,42, 1,32, 1,35, 1,40 og 1,33 lam pr. søye. I medeltal vert dette 1,36 lam mot 1,3 hjå sjeviot.

Tabell

Me skall merka oss, at ein går ut frå lammetalet dei 2 første lammingsår. Denne tida gjev bedste regelen for lammetalet dei seinare år, og er ein mykje pålitande faktor for nederving av lammetallet hjå avkomet. Difor granska me og dei søyer som hadde 2 lam eit eller båe dei 2 første lammingsår.

85 sjeviotsøyer hadde dei 2 første lammingsår havt 3 eller 4 lam, i medeltal 1,58 lam kvar pr. år. I 173 lammingar åra etter hadde dei i medeltal 1,59 lam, nokso jamnt deilt på åra med 1,49, 1,67, 1,68, 1,65, 1,44, 1,56 og 1,50.

116 sutherlandssøyer har havt det omlag sameleis. Dei 2 første lammingsåra har dei havt 1,61 lam p.å. Seinare har dei i 196 lammingar for 5 år havt 1,57 lam i medeltal, deilt med 1,55, 1,60, 1,54, 1,56 og 1,57.

Det ser ut til at arvefaktorane har gjort mindst skiple for dei sjeviotsøyer som har havt tvillingar eit eller båe dei 2 første lammingsåra, med di at dei har havt 1,58 lam dei 2 første åra og seinare 1,59 i medeltal p. å.

Det vart difor hausten 1933 utteke 22 sjeviotsøyer som hadde havt tilsaman 50 lam dei 2 første lammingsåra til ein p r ø v e f l o k k og 21 sjeviotsøyer som samstundes hadde havt 50 lam del 2 første lammingsåra til ein k o n t r o l l f l o k k. Det var ikkje mogeleg å koma det nerare, då dei ymse åringar i båe flokkane ogso skulde hava same alder og vera i same hold eller hava same levandevekt om hausten. Mogeleg skilnad vart ellest utjamna, meddi flokkane vart ombytt kvart år.

P r ø v e f l o k k e n fekk første hausten 0,2 kg. blanda kraftfor med mineralnæring om dag pr. søye og var ellest på beite ilag med kontrollflokken som ikkje fekk kraftfor. Prøveflokken fekk våren 1931 i alt 30 lam eller 1,36 pr. søye og kontrollflokken 26 lam eller 1,23 pr. søye.

Andre hausten vart kontrollflokken prøveflokk og fekk 0,6 kg. kraftforblanding og ellest beite o. a. for tilliks med den andre. Våren etter vart det i prøveflokken 1,6 og i kontrollflokken berre eit lam pr. søye.

Tredje hausten vart flokkane ombytt att, og prøveflokken fekk 0,5 kg. kraftfortilskot. Ellest var for og beite likt for dei båe. Våren 1936 fekk prøveflokken 1,5 og kontrollflokken 1,25 lam pr. søye.

F j o r d e h a u s t e n vart kontroll- og prøveflokk ombytt for sidste gong, og med 0,5 kg. kraftfor til prøveflokken. Våren 1937 vart det 1,83 lam i prøve- og 1,5 i kontrollflokken. Til dette kjem at kontrollflokken i heile prøvetida hadde 2 gjeldsøyer, men prøveflokken ingen.

For alle 4 åra har det vore 44 søyer i prøve- og 43 i kontrollflokken. Prøveflokken har ialt havt 66 og kontrollflokken 52 lam. Dette vert i medeltal pr. søye 1,50 lam i prove- og 1,21 i kontrollflokken. Om ein ikkje reknar med gjeldsøyene, vert det like vel 29 % fleire lam i den flokken som har fått kraftfor enn i den andre.

Dette er noko betre resultat enn ved forsøk t. d. i Amerika. Etter "Buletin nr. 996" frå landbruksdep.tet i U.S.A. har et forsøk med 209 ekstraforederede søyer gjeve 147,4 % og 143 søyer utan kraftfortilskot 128,7 %, ein skilnad av 18,7 %.

Der haustholdet er for klent, eller søyene vert gangande ute seinhaustes og magrast før paringa tek til, kan ein truleg auke lammetallet med optil 29 % eller meir, når ein gjev kraftfor attåt beitet i 2-3 veker før paringa tek til.

Mange trur å kunne auke øksleevna ved å settja på tvillinglam til livsmale; men dette er ikkje so sikkert. Gransking av ættebøkene syner ikkje det. Sikraste måten er å setja på lam unda søyer som har havt tvillingar første og eller andre lammingsåret. Lam etter slike mødre får oftare tvillingar enn andre, anten dei sjølv er tvillingar eller ikkje. Statskons. Wriedt fann dette for mange år sidan ved å granska ættebøkene her på garden og på sauealsgarden på Hodne.

Dette kan og vera verdt å tenkja på, når ein utetter Ihausten skal setja på livsmale.

Statens sauealsgard, Edøy.

0. Th. Engdal