Jon Sæland. Landbrukstidende s25, 1936
Av statskonsulent Sæland
Folk trår på jamnan etter stor sau. Men sauealsgardsstyrar E n g d a l skriv (nr. 2 av dette skriftet) imot dette. Han vil at folk skal hava s m å sau. Men med det same læt han so vel yver store v e r a r, at folk vert freista til å trå etter slike e n d å meir enn dei hev gjort til dessar. Og store verar fører i praksis fram til s t o r sau. Dei gjer det, - soleis som tilhøva er i Noreg.
Engdal set upp eit døme som dette:
100 lambsøyor på 50 kg. (som vert para med stor ver) gjev 150 lamb a 14 kg. tilsaman 2100 kg. lambekjøt, medan same vekt lambsøyor på 100 kg., det vert berre 50 av desse, gjev 75 lamb a 14 kg. tilsaman berre 1050 kg. lambekjøt.
Han gjeng ut ifrå at dei 100 små søyone (på 50 kg.) og dei 50 store (på 100 kg.) treng like mykje for um vinteren. Dei små søyone hev soleis gjeve d u b b e l t so stor avdrått som dei store.
Han ottast - med full grunn - at folk ikkje er so dumme at dei kann tru dette. Difor legg han til: "Nei helt so godt vil det neppe gå i praksis, men i det store og hele skal det gå omtrent slik, dersom den store veren er homozygot for sin rases vekstkraft".
Ja, etter dette tillegg vil truleg sume spissa øyro so mykje iminsto at Engdal til hausten vil få det annsamt med å finna dei slike store verar som "er homozygot for sin rases vekstkraft". Men endå um han kunde greida dette. vilde ikkje desse verane på jamnan gjeva n å m e n æ r dubbelt so stor lambeavdrått på små som på store søyor. For det er ikkje berre arven som er grunnlaget for store lamb. Fyrst og fremst er det bra med suge og godt beite. Men me veit ikkje av, at små søyor jamt yver hev etter måten større mjølkeevne enn store. Difor ser me ogso vanleg, at dei største søyone hev dei største lambi - um so er at dei fær metta dei då.
Og dette med verar som er "homozygote for sin rases vekstkraft" ser me heller lite til i praksis. Det som folk sier og veit um er, at skal det bli store lamb til hausten, so hjelper det ikkje berre å hava store verar. Søyone må og vera store, då det vanlege er å slakta l a m b i. Dette er ein av grunnane til at folk no trår meir etter stor sau enn dei gjorde i eldre tid då slaktingi fyrst gjekk fyre seg i risbitalderen eller enda seinare.
Her er soleis grunn til å døyva noko på Engdal sitt syn i denne saki. Men likevel kann ein fylgja han eit stykke på vegen og segja at småvoren, men triveleg sau er for lite påakta i landet, medan den store stundom vert sett høgare enn han er verd.
Den "rasjonelle halvblodsavl" som Engdal held for det ideelle og vil hava gjenomført her i landet, let seg ikkje setja iverk her soleis som tilhøva er med uendeleg mange små saueeigarar som ikkje kann eller vil sitja med fleire verar (av ulike slag) og som me ikkje kann venta vil makta ein planfast halvblodsavl. Difor må me vera glade for at desse kjem på lag like langt med reinavl eller med blandingsavl som ikkje er so uendeleg vel planlagt berre dei til alle tider el etter verkeleg gode dyr. I den s k o t s k e halvblodsavler brukar dei å para småsau som sjeviot og svartfjæs med verar av det store oxford downslaget, skriv Engdal. Men dette er truleg eit misstak. Dei brukar fyrst BorderLeicester ver til sjeviot og avkomet her (Half Breed) vert slett ikkje stødt slakta, men i s t o r t m u n bruka som avlsdyr. Og til halvblodsdyri nyttar dei vanleg ein downver. Å bruka ein slik ein beinast til småsau, det tore dei ikkje av umsyn til for digre foster og mange uheld under lambingi.
Gvarv, 15. januar 1936
Jon Sæland