Reglar for sams saueleiting

 

O. Th. Engdal. Landbrukstidende s261, 1925

Nordmør sauavlsutvalg har laga nokre stutte reglar, som truleg vil verta til hjelp for dei, som slær seg ihop om saueleiting. No er tida koma, da folk rundt bygdene skal leita sau. Høyr difor med grannane, om I ikkje kann verta samde om å prøva dei! Det går an å brigde på det som ikkje høver.

Her er dei: "Unnerskrivne sauegarar i N beitestrekning forpliktar seg til å halda desse reglane for åra _____.

  1. Saueeiarane vel i allmannamøte ein sauebas, fastset tida for leitinga og korleis kvar saueeigar skal vera med å leita sau eller betala for leitinga.
  2. Vert eigarane ikkje samde, fastsett basen korleis eigarane skal vera med, og når leitinga skal gjerast. Basen fastsett, hvor leitarane skal møta, korleis leitinga skal gjerast og ordnar ellest hermed det som trengst.
  3. Vert ikkje alle sauer fundne første leitardag, pliktar samtlige leitarer eller eigarar vera med, til alle sauer er fundne, eller basen finn vidare leiting gagnlaus. Vert det for mange leitarar, kann basen ved loddkasting, eller eller tur frita dei som ikkje trengst.
  4. Vert leitar eller eigar ikkje med, pliktar saueigaren betala ei bot stor nok til a leiga ein annan istaden, og som vert fastsett av basen.
  5. Trengst ikkje boterne til betaling av leigefolk, kann dei deilast ut som betaling åt leitarane eller brukast p.a. måte etter vedtak i allmannamøte.

Allmannamøtet fastsett, om basen skal ha løn og kor mykje, og om han skal vera kassastyrar og føre sauelister in. v.

<Statens Sauavlsgård, Edøy"

0. Th. Engdal