0. Th. Engdal. Landbrukstidende s 264, 1934

Karakulskinn og kjøttavl

 

0. Th. Engdal, bestyrer Statens saueavlsgård, Edøy

Dei dyre karakulverane er det snart slutt med. Dei har vorte til stort pengespild for mange, og vert slakta eller seld billeg. Det ser ut til at det kan verta bruk for billege karakulverar; men då lyt dei vera rasereine og homozygote for nederving av god krull og svart farge. Det er difor mykje verdfullt at statskonsulent Sæland no har laga ættebok for rein karakulverar og søyer.

Gamle lamsøyer av dei ymse slag er mange stader for magre til slakt om hausten. Det er ellest for mykje sau og lambeslakt den tida. Magre skrottar av gamle lambsøyer er mest, eller vert useljande, men kva skal me gjera med dei?

Her har me i fleire år gjødd dei til febr.-mars-april. Dei har vorte feite av høi og potet; men kjøtet vert seigt. Med ein prisauke på kjøtet av 30-40 øre pr. kg. har dei betalt gjødkostnaden, og sopas prisauke har det vore frå hausten til våren.

Dei 2 siste åra er det gjort på ein annan måte. Dei gamle søyene er om hausten para med karakulver og ellest gjødd som tidlegare. Mathugen veks etter paringa, so det vert ingen vanske med å få dei feite, om de går med lamb. Det ser ut som kjøtet vert meire saftfullt og møyrt, når de gå med lamb. Det har soleis vorte lettare og selja det når det lid bortimot lambingstida. Då høver det best ellest og, avdi kjøtprisen har vore 30-50 øyre høgre pr. kg. enn om hausten.

Men pointet er likevel noko anna. Del halvblods karakullam er pelsdyr i ein viss alder, nemleg kring 3 viker før dei vert fødd. Då har dei svarte, glinsande skinn med småkrulla ull. Dette er såkalla breitschwanz-, broadtail- (breidrumpeskinn). Eller dei kan verta meire storkrulla, som persian- astrakanskinn. Det vert då turvande å slakta søyene kring 3 veker fyre lambingstida, og so taka ut dei små lamba og slakta dei samstundes. Slaktar ein for tidleg, vert skinna glatte eller for småkrulla, og slaktar ein for seint, vert det for storkrulla skinn.

Enno er dette nytt og lite prøva. Difor vert det heldt fram både her og truleg andre stader, så folk kan få pålitande prøvetal og halda seg til. Men alt no vil ein beda folk venta med å gjera ende på karakulane sine, so dei racereine dyra me har, ikkje vert ryddja ut.

Hausten 1932 para me 14 gamle lambsøyer av sjeviot-, sutherlands-, dala- og tauterslag med karakulver Barkul frå statskons. Sæland. Dei vart slakta i april-mai og hadde 20 lamb med svarte skinn, ei søye hadde 3 lamb. Hausten 1933 para me 19 gamle søyer med same veren og fekk iår 28 svarte lamb. Iår hadde og ei trillingar. Korkje iår eller ifjor har det vore noko uheld med denne alemåten. Den er lettvint og grei å praktisera.

Men so spørs det om lønsemda. Som før nemnt har ein prisauke på saukjøtet av kring 30 øyre pr. kg. frå hausten til mars-april dekt forkostnaden ved gjødinga. Ein kan difor med prisauken dei siste åra rekna med skinavlen som rein netto eller derikring. Lambtunge søyer treng rett nok meire gjødfor enn dei som ikkje lamb har, og so spyrst kva det vert kostande å halda karakulver. Dei lyt verta billege, skal det nytta. Men ein treng om å rekna minst kr. 1.00 pr. lambskinn i bekreutlegg, anten ein lånar eller kjøpar ver. Kunde fleire vera ilag om ein ver, vart det sjølvsagt billegast.

Ifjor reidde me 14 skinn. Det kosta kr. 56.00. For dei og 7 ureidde fekk me kr. 16,0. Fråtrekt for reiding vert råskinnprisen i medeltal kr. 5.00. Iår selde me alle skinn ureidde, og medelprisen vart kr. 10.50, frå kr. 2.00 til kr. 20.00 pr. skinn. For dei 5 likaste vart det kr. 100, og dette vert storpris for so små skinnlappar. Ein ser likevel at det ikkje vert jobbeforretning av, og at skinnprisen er mykje ujamn.

Folk gjer difor rett i å venta til det vert so mange forsøk at ein fær nøkonlunde pålitande medeltal for lønsemda. Dei som vil prøva, kan likevel rekna med liten vågnad, om dei kan få tak i karakulverar av reint slag, på kjøp eller leiga for rimeleg betaling. Verar, som har synt homozygote nederving for svart farge og god krull, treng ein om å hava. Blandingsverar vert det truleg for vågsamt å bruka.