0. Th. Engdal. Landbrukstidende s271, 1939

Sauesal og avstamming

 

0. Th. Engdal, Statens sauealsgard, Edøy

På opmoding skal eg få segja noko om salet av aledyr herirå ihaust. Auksjonane i Trondheim og Kristiansund er kunngjort i blada. Men folk klagar over at det under auksjonane vert for knapp tid fil å få turvande greida på avstamning m. v.

Det vert sellt verar av sjeviot- og dalaslag. Av gamalnorsk eller spælsau har me enda ikkje vaksne verar å selja, og lam vert det truleg ikkje selt på auksjonane. Sume trur at spælsauen skal verta bedste sauen i kystbygdene. Me held no på og prøver slaget; men det er ymse som tyder på at sjeviotsauen kjem til å greida utegonga likeso godt.

Dei vaksne sjeviotverane veg no frå 84 til 109 kg. levandevekt (1.v.). Dette er 2 førstepremiverar, og den sidste er truleg største sjeviotveren i landet. Risbitverane (fjorsverlamma) av sjeviot vog midtsumars frå 55 til 70 kg. 1.v., og dei er etter verane Thomson, Busse-Hill og Vikingson. Dei 2 første er ført inn frå Skotland, og den eine kosta over 600 kroner. Den sidste ættar frå førstepremiveren Robson i Fana.

Dei vaksne dalaverane har vege 113,5 og 108,5 kg.; men dei var då brre i beitehold. Risbitverane iår vog midtsumars frå 64,5 til 77 kg., og alle er tvillingar so ner som den eine. Nokre vart slakta midtsumars og slakta vog frå 30 til 33 kg. Risbitane iår er etter verane Jarl, Rapp og nr. 1060 I (tvilling). Rapp er son til førstepremiveren Fyksin og førstepremi søye. Jarl er son til førstepremiveren Gutil, 481. Nr. 1060 ættair frå trilling søye og andenpremiveren Ådne.

Det vert no meir og meir avstamninga, ætta som avgjer aledyrverdet. Difor treng kjøparane skaffa seg greida på ættene. For dalaslaget har me alt offentlege ættebøker (katalogar for verar). Desse gjeld for heile landet og for fleire år. Ein kan få dei ved å venda seg til statskonsulent Sæland, Gvarv.