Beiteutvalget i Nord trøndelag. Landbrukstidende nr. 43-44. Sidene 278-280, 1942.
Sauehaldet kan aukast ved at flest mogleg lam blir påsette om hausten. No når haustslaktinga tar til, gjeld det derfor å vera merksam på at fleire grunnar talar for å auke sauehaldet. Det er av stort verd nasjonaløkonomisk og forsyningsmessig at vi kan skaffe mest mogleg ull og kjøt av norske foremne.
Den einskilde må sjå privatøkonomisk på saka. Og da vil han finna at no er tilhøva lagt slik til rette at det går an å auke sauehaldet. Det har alltid vore god økonomi å produsere ull og saukjøt til eige bruk. Med dei prisane vi har fått no, vil det også løna seg å ha so mange sauer at ein får noko til sal, dersom ein driv rasjonelt.
Rasjonelt sauehald bygger på at produksjonen skal gå for seg på beite om sommaren. Vinterforinga skal berre vera til livnæring. Og dei fleste stadene vil det ikkje vera vanskeleg å skaffe vinterfor til fleire sauer. Det går 5-6 gonger så mykje vinterfor til livnæring av ei ku som til ein sau. Foret til sauen kan vera heimavla (høy - som må skjerast til hakk når det er grovt - halmhakk og rotvokstrar). Han er dessuten flink til å nytta det urasjonerte hjelpeforet, sellulose. Der dei har høve til å ta lauv er også dette eit bra sauefor.
Vinterhuset til sauen kan vera enkelt og billeg. Til vegger greier det seg med tett bordkleing (t. d. god tømmermannskleing). Til golv er det praktisk å bruke lekter med omlag 1,5 cm. avstand slik at gjødsla fell gjennom. Det må da vera 60-70 cm. høgt under lektegolvet, slik at det blir plass til gjødsla, og lektene må vera festa saman til høvelege lemmar som er lette å ta ut når gjødsla skal utkjørast.
Sommarforet skal altså vera beite, og frå omlag 15. juni til ut september bør sauene få koma på fjellbeite.
Mange ser seg ikkje råd for å ha sauer avdi dei vanter høveleg beite. Og ein kan nok segja at sauehaldet er ikkje på sin plass når sauene skal gå i skogen om sommaren. Beiting i skogen kan ikkje sameinast med rasjonell skogskjøtsel, og det er heller ikkje så bra for sauene som fjellbeite.
Vi har nok fjellbeite her i fylket til større sauetal enn det som er no. Hittil har berre få sauer gått på fjellet. Men det tar til å betra seg no. Dei siste par åra har mange tiltak med sauer på fjellbeite kome igang. Det er nok mange vanskar å stri med første åra. M. a. har vi vanta kunnige gjætarar. Men siste sommaren var 8-9 ungdomar her frå fylket med som sauedriftslærlingar i Rogaland eller ved gjætarskolen i Meråker. Det skulle derfor snart vera von om å skaffe dugande gjætarar til alle sauedriftene i fylket.
Dei siste to somrane har ikkje vore gode beitsomrar,og dei nye fjellbeitetiltaka har hatt mange vansker å stri med. Dei første åra er vanskelegast. Tiltak som har vore igang nokre år har gått svært fint siste sommaren, trass i dårleg beitever.
Alle sauedriftene som no er igang vil sikkert halde fram, og arbeidet med å skipa nye drifter er i full gang i fleire av dei bygdene som enno ikkje har noko sauehamn i fjellet.
Dei som arbeider med fjellbeitetiltak og andre interesserte, vil få sendt fritt eit skrift om nytting av fjellbeitene ved å venda seg til Landbrukskontoret, Sunnan. Og Beiteutvalet, Landbrukskontoret, gjev råd og rettleiing til dei som bed om det. M. a. blir gjeve opplysning om statstilskott til fjellbeitetiltak.
Vi kan rekna med at beitespørsmålet for sauene vil løysa seg etterkvart for alle bygdene i fylket.
Dei som kan skaffe vinterfor og husrom må derfor no auke sauetalet. Alle friske sauelam bør setjast på i haust. Og avlssauene bør ikkje slaktast før alder eller sjukdom gjer det haudsynleg. For dei som ikkje har nok for eller husrom om dei sett på alle sauelamma skulle det no vera lett å selja livsauer, da det er mange som vil auke sauetalet meir enn dei kan med eige tillegg. Ofte kan det høve å byte sauelam med verlam.som skal Plaktast. Ved omsetning av livdyr må ein ha løyve fra forsyningsnemnda.
No når sauetalet skal aukast sterkt, kan ein ikkje alltid sjå så mykje på kvaliteten. Men det vil nok bli arbeidd for betre kvalitet etterkvart som folk får interesse for saueavl og etterkvart som frammøtet på småfesjåa blir større.
Noko av det viktigaste for rasjonelt og økonomisk sauehald, er at lamma ikkje blir fødde for tidleg. Høveleg lammetid er omlag 14 dagar før sleppinga. Sauene må da parast sist i november eller først i desember. Tidleg fødde lam blir dyre å fore fram og dei blir skrale til å greia seg på fjellet. Lam som blir fødde på fjellet sist i juni greier seg ofte betre enn lam fødde i januar-mars. Det har ein set døme på også denne sommaren.