Jon Sæland. Landbrukstidende side 292, 1929
Av statskonsulent Sæland
Småfeet gjeng fram i landet, både i tal og avdrått. Det høpp ikkje høgt i veret på eit år eller tvo so som gris og høns og anna som storvegjes lever på mat som er innført frå utlandet. Og so dett brått nedatt. Sau og geit held seg meir til jordi enn so, til norsk jord. Både sumar og vinter lever dei av det som norsk jord gjev av seg. Ein velsigna ting er dette. Iminsto no då folk hev so lite å kjøpa for. Det er lett å ause ut pengar. Verre er det å få dei innatt -- for mange då. Serleg for desse er småfeet velsigna. Fyrst hjelper det ein til å berga seg sjølv med god heimeavla mat og med gode, vakre og varme klæder. Di nest til kontante pengar.
Enn so høveleg det er med smale på mang ein gard og i mang ei bygd. Det er solesi ikkje underleg um sauen (sume stader geiti og) sig fram med tyngd både i tal og i avdrått. Etter 1918 hev det vore so.
Men etter den lange nedgangsbolken fyrst i dette og sist i fyrre hundradåret, skal det tid til å retta på alt som er rangt.
Ein ting som er rangt må nemnast idag: folk er jaint yver alt for like sæle med kva dei nyttar til alsverar og -bukkar. Eg vil ikkje tala um dei (mange) som er so attamed alt som er rim i, at dei let paringi "ordna seg sjølv" i skog og mark utan at dei veit kva tid det gjeng fyre seg eller kva det er for handyr som vert nytta.
Ein kann ikkje framsteg venta med sovore eit stell. Men dei som hev herredøme yver avlen, er for det meste reint for stake og slepphendte dei og når det gjeld valet av handyr.
Det tek til å verta ikkje so få småfesjå kringum i landet. Her møter dei med dyri sine som hev ord for å hava gilde dyr. Dei beste av desse vert sette i premi og utpeika som høvelege alsdyr. Dette arbeidet er ikkje lett å gjera rett.
Stundom vert det gjort feil, det veit me vel. Like vel er visst og sant dei verar og bukkar som vert gjevne premi jamt yver av det beste som er i landet og mykje betre enn dei som vanlea vert nvtta som alsdyr. Her er soleis grunn til å beda folk jamnt yver å freista få seg tak i premieverar eller -bukkar.
Fell det noko dyrt å kjøpa einsleg, kann ein skipa eit lag (3-5 mann) og få statstilskot -- 20 kronor året for fostring og halve kostnaden (upp til 40 kronor) til kjøp. Da kann ingen klaga på kostnaden. Då er det staten som held gilde verar eller bukkar. Ja, ikkje heilt, men ikkje langt ifrå heller.
Dei beste (premi-)verane og bukkane er elles ikkje urimeleg høgt i pris. Stundom kann ein få dei for 10-15 kronor meir enn slakteprisen. Dette er helst for billegt. Kven vil leggja seg hardt i selen for å ala sers gilde dyr for so liten yverpris? Ikkje mange. Difor er det i ymse strok av landet ingen som fer med det hell. Kjøparane er for knipne. Det er grunnen. Men etter kvart som folk lærer å verdsetja dei gode dyri, vil nokre fem- eller jamvel tikroningar hava lite å segja frå eller til berre ein kann nå i eit framifrå gildt dyr.
I grender der folk maanjamt er komne so langt, ser me at framgangen er rask. Rettno lid det til at småfesjåi vert haldne. Her er retet staden til sjå seg ut gilde verar og bukkar.