Rasestrid i Trøndelag - Dette innlegget stod i Landbrukstidende nr 1-1938, side 2

Det gleder meg

 

Arne Vardehaug, Levanger

Det er ikkje berre i «Landbrukstidende» at ordskifte om sau går høgt no. Mann og mann i millom pratar dei om sau no her i Trøndelag som aldri før. Det gleder meg dette; det kan bera frukter for sauehaldet. Og sau og saueehald er verd å verta grundigt påakta her i beitelandet Norig.

Men at mitt vesle stykke i nr. 49 skulde setta den gamle sauehaldsmannen Endre Haugen i slikt harnisk, det skynar eg ikkje . Lønsomhetsforsøk skulde vel vera bra å ha for sau og. Sauen trur ikkje eg tapar på det, og rasane kunde verta vist til strøk og vilkår der dei best gjorde rett for seg. Eg har slett ikkje sett meg blind på den eller den rase, so for meg kjem det på eit kven som vinn i ei tevling. Haugen hermar Sæland sine ord: «Me treng dei båe». Men eg vil utvida dette: Vi treng fleire raser, men kvar på sin plass. Det må forsøka visa oss. Vi treng heller ikkje gå noko langt attende for å finna småhøy og fjellslåtthøy. Vi har mykje av det endå, men eg ser ikkje anna enn både dalasau og oxford greiar det høyet og.

Ja dette har ikkje med saka, som eg vilde peika på å gjera. Eg vilde berre i sauehaldet og ha noko pålitande forsøk å halda meg til. Ellest må ein gjeva orakelsvar når folk spør. Forresten er det vel mykje det at den maten kvar einskild likar best, er best for den mannen.

Men likevel har eg mitt ynskje: både med forsøk med sau og meire utgreiding om geiterasen, som eg våga å nemna for snaut eit år sidan. Eg trur ikkje småfeavlen tapa på at vi og der gjorde både praktiske og vitskapelege etterrøykingar.

Det ser ut som fleire med meg har same syn; eg vil berre visa til utgreidinga frå Hodne sauavlsgård i «Norsk Landbruk» nr.49 for, 1937.