Jon Sæland. Landbrukstidende nr. 1. Sidene 2-4, 1941

Upplæring av buhunden

 

Statskonsulent Jon Sæland

Det er mange som spør um dette, men det er ingi bok å visa til. Og med eit brev eller eit bladstykke, fær ein sagt mykje for lite.

Gild vakthund eller selskapshund vert buhunden tidt "av seg sjølv", utan lærdom, men god gjætarhund vert han ikkje utan god lærdom, stundom ikkje då heller. Det skil seg um det er gode anlegg i kvalpen og um læraren kann noko, og kor mykje ein vil krevja av hunden.

Dette må ein fyrst og fremst hava klårt fyre seg: kva vil ein krevja av hunden, kva skal han kunna?

Gode anlegg? Jaha, når den unge kvalpen syner hug til å springa etter og jaga "alt han ser" som ledar på seg, då er det eit godt merke. Og fær han noko til å røma undan skal han springa etter av all makt, helst ogso gøy attåt. Han jagar altso for hardt og for langt til å byrja med, han jagar vitlaust. Då er det upplæraren sin tur. Han må få kvalpen til å slutta jagingi straks han ropar på han. Gjer kvalpen dette eller anna som er rett, so må han hava kyt og gjerne klapp med. Gjer han gali, må han hava skjenning. Enn ris og svolk? Dette må ein vera svært varsam med. Mange buhundar er so lette å tukta at dei i det heile ikkje toler ris, langt mindre svolk, utan å mista vyrdnaden for husbonden, læraren, sin. Og er vyrdnaden burte er hunden "seld". Då er det mest rådlaust å få læra han noko. Når ein ropar han til seg spring han ifrå istaden for å koma innåt, so ein kann taka han. Men sume, dei som det er mest to i, kann vera so stride, at ein ikkje hjelper seg berre med hard tale, når dei gjer gali. Ris eller svolk lyt då til attåt.

I det heile må kvalpen fyrst og fremst læra lydnad. Han skal finna ei stor glede i å lyda husbonden sin og gjera han til viljes på alle vis. Noko buhunden må læra er t.d. å gøy på tilsegjing og utan at det er noko å gøy på. Når husbonden segjer til hunden: gøy, so skal hunden straks ramla på og gøy. Han skal stå attmed husbonden og gøy, ikkje flyge avgarde og finna seg eit eller anne (t. d. fugl) å gøy på. Han skal gøy avdi husbonden ynskjer det. Læra han dette? Det kann du gjerne gjera inne um kveldane når kvalpen er berre nokre månader gamal, men spretten og huga på å gjera noko. Då leikar du med han, legg deg på firekrabben og leik med kvalpen, so han vert gladd i deg. So segjer du: gøy - vuff, vuff. Å nei, han skynar ikkje dette fyrste venda. Du må taka det uppatt, kanskje mange kveldar. Kanskje du jamvel lyt syna han noko han gjerne vil hava (god kjøtbeta), halda det so høgt at han ikkje når det og segja: gøy - vuff, vuff. Då kanskje han knistrar og kanskje jamvel kjem med eit lite - vuff. Det var bra, no var du flink (kjæling), verso god. Tak denne øvingi uppatt. Kveld etter kveld um det tarvst.

Har då kvalpen lært å gøy inne, so ser du etter um han kann det ute med. Nei, då renner han rundt for å finna noko å gøy på. Men dette skal han ikkje. Han skal stå attmed husbonden sin og gøy. Då må du taka han i band og segja gøy - vuff, vuff. - Nei han fær det ikkje til ute. So kann du syna han kjøtbeten att. Då går det. Eller du kann syna han noko anna som han gjerne vil hava tak i t.d. ein sauflokk eller geiteflokk som spring. Passupp! Sjå her: Gøy vuff, vuff. Kvalpen vil då taka etter, men han er i band og slepp ikkje i vegen. Gøy, gøy, vuff, vuff! Ein må fyrst gjera (segja) som han skal gjera: vuff, vuff, og har han då brennande hug til å fara etter, men er i band, so han lyt lata det vera, so ramlar han gjerne på med gøying berre so det ausar. Då må han hava kjæling. No var du flink!

Same øvingi uppatt seinare, gong på gong inntil kvalpen, hunden, står attmed husbonden og nidgøyr berre på tilsetgjing.

 

Kva gagn det er i dette? Stort gagn:

Er du t.d. på sæteren og ser det kjem ein sauhop (geithop, reinshop) og vil inn på sætervangen eller ned i kubeite-fagerbakkane, so går du ut åt husnovi og segjer: Passupp! G ø y! Ja, hunden kjem drivande straks, spør ikkje etter kva som er på ferde, men berre steller seg upp attmed deg, ser deg i augo og gøyr so det gnell. Dette høyrer sauhopen og tek til beins attende der han kom ifrå. So er du fri han i dagevis, kanskje endå lenger. Sauen (geiti, reinen.) er var soleis. Likar ikkje hundglam. Men er gøying for veik jaging, so peikar du på hopen og segjer til hunden: tak dei! Og han etter til du hoys ar - hoy-hoooyyy - komat no. Det var bra. No var du flink. Kom no Passuppen!

Eller du jagar ein tung dyrhop (sau, geit, ku, hest) etter ein veg og vil raskare fram, so segjer du til hunden: Gøy! Meir: gøy, gøy. Dermed vaknar alle upp og går (spring) fortare. Eller du er i gjætleskog og skal finsanka ei lid for sau, du vil hava sauen upp, til fjells. Då byrja du nedantil, går burt og hit, burt og hit, frå aust til vest i lidi og stendig let hunden fotfylgja deg, men gøy gøy. Då dreg sauen upp.

På same visi kann ein få sauen ned (heim) um hausten. Då byrjar ein ovantil med gøying. Er det fleire gjætarar og fleire hundar som tek det på same viset, kann ein finsanka ei diger lid på få timar. For sauen veit for det mest um vegen heim berre det er noko som skræmer etter han nord i rustine.

Men du må vera varsam med å sleppa hunden inn på sauen. Då vert han tidt so redd og forvilla, at han skil seg i småflokkar og jamvel set avgarde motsette vegen av den du driv han. Ein annan skil er det med einskilde dyr. Desse kann det vera turvande å lata hunden halda etter til dei tråtar av so hunden held dei til husbonden kjem. "Held" dei på same viset som dyrhunden held elgen og bjørnhunden held bjørnen. Dyret står (tråta) pal og hunden står og gøyr på det, so husbonden høyrer kvar dei er og kann koma til.

Dette var litt um ein ting som buhunden skal læra, men han skal læra mykje meir for det meste. Men lydnaden og hugen er grunnlaget for alt. Og stendig må ein gå frå det mest einfelde, steg for steg til det vande. Er det stundom so, at hunden ikkje skynar kva ein vil han skal gjera, so må ein gjera det fyri han. Kvalpen er god til å taka etter. Ein ung arbeidshuga kvalp som var med borni mine i ugrasåkeren ein gong, tok straks til å plukka ugras han ogso. Han var so onnug at det var svært. Men det vart litt vanskeleg å få han til å gjera skil på kål og ugras. Ein annen (vaksen) buhund vart ein meister til å taka kålfivreld avdi han såg fyri seg, at borni fanga fivreld i ty-tut på ei stong (eller med hendene). Det er best um hunden har berre ein lærar eller so få som mogeleg og at alle brukar same språket til han.

Mange vil gjerne kjøpa ein "fullærd" buhund, men um dei stundom fær tak i slik ein, so kann det lett råka at dei fær sers lite glede av han. For mannen veit ikkje kva hunden kann eller kann styra han og tala åt han. Ein flink hund gjer ingenting utan tilsegjing. Han berre fotfylgjer husbonden sin og ventar på arbeidsuppgåvor (tilsegjing). Hunden skal m. a. læra å gå bak, liggja att, jaga hardt, jaga smått, gå på (t. d. sauer som biar), gøy, ti stille, ver att heime o.s.b.

Sume trur at buhunden kann gjæta på eigi hand, fylgja buskapen ut um morgonen og koma att med han um kvelden o.s.b. Men det kann han ikkje. Hunden må stendig vera under styring og skal han bli sers kunnig i mange ting, må han hava ein klok husbond (lærar) som legg stort arbeid på å læra hunden upp.