Jon Sæland. Landbrukstidende s305, 1928

Sauelaug

 

Av statskonsulent Sæland

I vinter var det mykje flott (krabbe) på smalen. På Jæren t. d. klaga mange yver al flotten denne vinteren var verre å verte kvitt enn han hadde vore i mannaminne.

I år og høyrer eg minningar um af det skal vere mykje flott på smalen. Då vert det turvande å lauge både for flott og anna avåt til hausten. Dette er ellers turvande kvart enda år. For stødt er det noko avåt på smalen um haustarne og vert ikkje dette drepe då, aukar det på heile vinteren og plågar dyri reint fælsleg. Dertil er det mykje kostesamt å fostre på so mykje smådyr.

Til hausten må soleis ingen gløyme saudelaugingi. Denne er det best å gjere frå seg straks etter klippingi. Her er mange vaskemidlar: Bigg, Douglas, Eureka, Munken o. s. b. Alt dette fær ein kjøpe eller tinge hjå næraste landhandlar. Og det er vel brukande. Bruksreglar fylgjer med. Men billegare vert det å laug i lysoleller arsenikvatn. Det siste drep best av alt, men ein fær det ikkje utan dyrlækjarattest og då vert det for dyrt, dersom kvar og ein saudeeigar skal lote betale sovoren attest. Men eit heilt grannelag kan greide med saudelaugingi under samt styring og soleis greide seg med ein attest for kvart hundrad eller fleire hundrad smale.

Vil ein nytte lysol er 2 1/2-3 % høveleg styrke (halvannan liter lysol til femti liter vatn). Fleire saudeeigarar burde ogso her lauge eller vaske i lag eller iminsto kjøpe lysolen i lag. Då vart han nemleg mykje billegare enn um kvar og ein gjeng og kjøper i grammevis. Tek ein nokre liter no, skal prisen ikkje kome yver 1.50 for literen. Ein hev soleis nok til femti liter laug med lysol for halvonnor krone. Og med dette kan ein lauge 30-50 sauder etter som ein er varsam til og etter som sauden er stor til.

Dei gamle laugekjeri er vel nok, men det vert dyrt å nytte desse avdi dei er so vide. Det gjeng so mykje til av vaskemidlet innan ein fær væte nok til å duppe sauden under i. Ei liti smal tunne er difor betre - i minsto når ein skal vaske fåe dyr. Ei tett cement- eller salpetertunne kan nyttast. Dupp so sauden nedi med bakenden fyre. Godt nedi med han, so han vert gjenomblaut heilt fram til øyro. Hald han i eit stort trog eller kjer medan ein klemmer av han det meste av vatnet. Slå dette uppatt i tunna.

Kan ein i grannelagi semjast um sams saud- og geitelauging er det rettast å få seg gjort eit laugekjerr (tre eller cement) som er velso langt og breidt som ein saud og setje ein lemm i samband med kjeret soleis at sauden som er vaska stend på denne lemmen eit bil (medan ein klemmer av han) etter han kjem upp or kjeret. So renn vatnet nedi kjeret med det same.

Der ein ikkje kan få til sams lauging i grannelaget, lyt ein hjelpe seg sjølv, t. d. med ei liti tunne som nemnt er. Men ein kan også drepe avåtet utan lauging, berre ved å vaske dyri med eit eller anna t. d. av dei vaskemidlarne som her er nemnde. Rettast er det då å have ferdiglaga vask på ei flaske med halvtett kork i og frå flaska late det smårenne fram etter rygglina på sauden eller geiti medan ein klemmer og snur so dyret vert gjenomvått. Då ryk avåtet med. Det som hev fenge liv ja. Men kneti stend seg. Difor må ein vaske ein gong til (6-8 dagar etter) for å vere trygg på å få dyri reine. Frå Møre fylke er det kome framlegg til departementet um ei lov som krev saudelauging av alle som eig saud. Og visst og sant vore det turvande å fenge igjenom dette. Men det kan verte noko dyrt og vanskeleg å få dette gjenom med tvang.

Det burde me også sleppe. For rett no skulde snart alle dyreeigarar skyne at det er dyrt å have dei gangande lusutt.