Jon Sæland. Landbrukstidende s305-306, 1936
Av statskonsulent Sæland
Kjøp det beste du kann nå atti. Spar ikkje på skillingen og lat dalaren gå. Med ein verkeleg gild ver fær ein tidt lamb som er verd 2-3 kronor stykket meir jamnt yver enn lambi etter ringe verar. Soleis kann 100 kronor (eller 200) høgre pris for ein sers god ver tenast inn att fyrste året ein brukar han.
Hev du langføtt sau med smalt bryst og tunne lår, kjøp då ein lågsett, breidbyggia sjeviot. Men er sauen for små og for skjerr, so høver ein dalaver. Dalaver til sjeviot tikke, gjev store gode slaktlamb.
Men skal det bli store lamb må ein hava godt beite. Klen vinterforing og klent beite gjev stødt klene lamb; det sama kva slag ein brukar. Av inkje kjem inkje.
Dei som arbeider upp ulli heime til sjøvottar og andre kvardagsplagg som vert hardt røynde, burde kjøpa ver av det gamle stuttrova slaget. Ingen sau gjev so s t e r k ull som denne. Ein gamalvoren steinarbeidar attmed Drammen fær vottar frå heimestaden sin i Nordland, men "no varar eit vottepar derifra berre f j o r d e p a r t e n so lenge som dei vottane eg fekk av ho mor for 40 år sidan", sa han i sumar. Dei han fekk av mor si var laga av ull av den gamle stuttrova sauen. Del han fekk no av ull av sutherlandssau (eller sjeviot).
Hardsette øyar med utegangarsau burde kjøpa nokre verar av svartfjæs-slaget. Dei som treng mykje svart ull, kann kjøpa -karakulver - som gjev berre svarte lamb.
Herlofson på Nærøya hev kaffibrune verar (shetlandssau) med fin ull og stuttrova verar med ljosekte s v a r t ull. Her er t a u t e r med. Her er noko for alle; berre det er nokon som vil noko og k a n n noko i sauevegen.
Fosenstrendene 16. sept. 1936