Jon Sæland. Landbrukstidende s 318, 1931

Avlsstasjon for svart sau

 

Jon Sæland

Grå og brungrå sau er ikkje sjeldan i landet enno. Men reint svart sau er det sers lite av, d.v.s. svart sau med ljosekte ull som ikkje bleiknar eller "gjeng av leten" på noko vis i ver og væte.

Altso svart ull som kann brukast t.d. til klæder utan at desse falmar nemnande med åri. Sovori ull treng ikkje letast og då er ho både mjukare, varmare og sterkare enn den ulli som er leta. Og som alle veit er letingi ikkje billeg når ho skal vera god. Letingi kostar t. d. iår meir enn ulli. Soleis må det vera gagnlegt å halda uppe eit svart saueslag med ljosekte ull.

Sjølvsagt kjem sovori ull best til sin rett til heimearbeid. Men fabrikkane med er interessera i å få tak i sovori ljosekte svart ull. Soleis hev "De forenede ullvarefabrikker" gjeve ein liten pengesum til arbeidet med å få skipa til ein alsstasjon for svart sau.

Og no hev det lukkast å få ein sovoren igang hjå den velkjende sauemannen Olav Hanaas på Dåsvatn i Hornnes. Stasjonen hev no 10 søyor og ein ver. Alt til hausten vil det soleis verta svarte svarte lamb med ljosekte ull å få herifrå.

Både søyone og veren er av det gamle stuttrove slaget. Det er soleis både tel og tog i ulli. Endå eg i mange år hev leita etter langrova svart sau med ljosekte ull, so hev det ikkje lukkast å finne slike nokon stad i landet. Men millom det gamle spælsauslaget er det att eit og anna smålog enno med beksvart og ljosekte ull.

Desse vil no verta tekne vare på.