Jon Sæland. Landbrukstidende s31, 1939
Jon Sæland, statskonsulent saueal
Herlofson slo på dette i nr. 3 og ynskte høyra meiningar frå andre ogsom hev sauen kjær. Ja, det er ikkje radt få som hev sakna eit tidsskrift, som saknar det. Men kven vil taka vågnaden med å gjeva det ut? Ingen hev meldt seg. Det er vel soleis ingen som trur at det vilde svara seg. Ein må ottast dette er rett. Dei sit ikkje so feitt i det dei jordbrukstidsskrifti som me alt hev - endå dei tek med seg både småfå og storfe og gris og hest og fjørfe, rev og gnagarar, -alt som til er i landet av husdyr tek dei med. Og attpå um jord og alt som veks på jordi. Dei hev noko å taka av og noko til interessor å tufta bladi sine på. Men - endå vert dei ikkje feite som sagt. Dei fleste, dei som ikkje på elt eller anna vis hev eit selskap eller ein sentral eller slikt noko som dei held i stakken, dei er beint fram blåfatige - um dei ikkje alt hev lide sveltedauen. Soleis er det med jordbrukstidsskrifti her i landet.
Det er det som er so ille - bøndene les so lite i faget sitt. Storparten les aldri eit ord korkje i tidsskrifter eller i bøker i faget sitt. Del hev korkje tid eller råd til dette, tykkjer del. Noko er det i det. Men det er ikkje berre bøndene si skuld, at det er soleis. Dei som skriv må taka sin part av skuldi. For lange stykke med for lite innhald.
Men i Sverige går eit får-tidsskrift. Jaha, det var ein skil. Der er bladet medlemsblad for Svenska fåravelsforeningen og denne hev kring 700 medlemmer millom. fint folk-godsegarar, grevar, baronar, direktørar, aktiebolag, konsulentar, militære - å ja lantbrukarar og fårherdar er ogso med. Men det er rådlaust å få til eit liknande lag her i landet. Her vilde laget koma på kassa (tilskot) radt. Årspengane vilde ikkje gå inn.
Soleis må me helst vera glade til at me hev "Landbrukstidende" som for Trøndelag dreg til seg ikkje radt lite um sauspursmål.