Jon Sæland, Landbrukstidende nr 30, 1923. S 323-324
Tomas Bogen er død - enn so vondt. Ein herleg mann. For faae dagar sidan var eg saman med han, og like blankøyd og interessera var han for bygdene sitt ve og vel, altso like til sin døyande dag. Han har millom aana gjort mykje til framgang for sauealet i Gauldal. Takk og ære, minnet hans vil leva.
Eg var i Budal no nyleg og lenge har eg lengta etter aa sjaa den bygda med det flinke folket paa dei kalde og høge nordbakkane av Dovrefjellet. Det var elles ei god bygd--romsamt um jord og romsamt um beite, utslaattar i alle lidar, god jordbotn, mykje bjørkeskog og noko naaleskog, med mykje heimearbeid (husflid) som er vide kjend, men ikkje meieri eller ysteri, inkje geit og for lite sau. For det er ei sers høveleg sauebygd. Men sauealet er i framgang, budølane er framtøke -- saman med Singsaas.
Dei har millom anna faatt istand ein verhamn som venteleg er ein av dei beste i landet. Ovum øvste garden -- Tovmoen -- har eit lutlag av singsaasingar og budølar kjøpt eit gamalt slaattelende i ein fin solbakke midt inn i ei turr-lendt og logn bjørkelid. Dette er det som er lagt ut til verhamn og er kring 330 maal stort med staaltraadnett kring alt ihop aa kalle. Nettet er 6 traadar i høgda og 12 turnar millom tvertraadane. Dette sa dei var fullgodt til verar, for berre ein hadde hoppa ut par mange aar. Men det var tett av solide stolpar. Det var knapt tvo meter millom stolpane. Beitet i verhamna var sers godt og endaa betre vilde det venteleg bli um skogen vart avsnøydd noko til. For graset som veks i skuggen likar sauen lite. Det var no kring eit halvt hundrad sau i verbeitet, men det var lite visande det dei hadde ete. Her var plass for mange fleire. Enn at ikkje andre bygdelag sender verane sine til denne hamna. For etter som eg høyrde tok dei imot ogso fraa andre kantar, men det skulde ikkje ha vore noko paagang fraa andre. Staten gjev fri frakt fram (til Kotsøyen) paa verane og daa var det lett aa faa dei avgarde fraa heile nedre Gauldal og bygdene kring Trondhjem og langst jarnvegen um det so var heilt til Steinkjer. Ikkje betre enn eg veit har det vore paa tale i Strinna aa lage ein reint ut meiningslaus kostesam verhamn. Kvifor ikkje heller sende verane til Budalshamna. Sjølvsagt maatte lutlaget ta imot verne paa Kotsøyen stasjon og skaffe dei dit att um hausten, so folk fraa andre kantar berre kunde levere og hente verane sine paa nærmaste jarnvegstasjon.
I Budal og Singsaas er det so mange som vil ha verlova gjenomførd, at dei faae som er imot er mest makteslause vortne. Difor kan me vente, at alle saueeigarar i desse bygdar um nokre faae aar er fullt herre over lembetid og val av verar. Og vel dei daa april-mai til lembetid, so vil dei kunna faa fri for verlova, for søyone vil ikkje ta seg paa sambeitet i fjellet naar dei lemberer so seint, sjølv um verane gaar med. Men den gode verhamna i Budal vil der venteleg vera bruk for lenge enno, dersom andre bygdelag kjem til aa nytte henne.
Der var fleire gilde verar i verhamna, men ogsaå fleire som det var underleg, at folk vil nytte til alsdyr. Nokre hadde faatt premi ved stats-fylkessjaaet i Singsaas ifjor, heilt upp til 2. premi. Men eg fekk ikkje tanke um, at døminga hadde vore for mild. Dei har ogso gilde søyor av og til i desse bygder. Dei maa difor snart kunna levere gilde ver lamb som kan bli gode nok til sauealslag med statstilskot. Men ein stor ver som hadde faat 3. premi var yrande full av kvite haar (daudhaar) i ullpelsen, Dei lyt ein passe seg for, serleg i Budal og andre bygdar der heimearbeidet enno staar høgt.
Bygder som Budal og Singsaas med inneforing um vinteren og flatlendte rike sumarbeite, vil kunna halde ein stor sau og det saag ut til, at nokre verar som dei hadde fenge fraa Voss av det slaget som eg kallar Dalasau hadde slege an. Serleg saag det ut til at Odd I var ein gild ver. Han hadde ogso fenge 2 pr. ifjor. Det same hadde ein annan sers tjukfallen kar fraa Koth i Singsaas og denne var husbond for heile flokken, -eit sers godt merke. Dala sauen er ikkje rein cheviot, men noko blanda med engelsk leicestersau. Han er tyngre enn cheviot og rolegare til sinns, men sjølvsagt ogso daa hardare i matfatet enn chevioten.
Til hausten vert det innkjøpt ein liten flok av dette saueslaget til Edøy, so fær me sjaa kva det kan bli til. Nokon fast rase er det ikkje enno. Men det kan det bli. Desse dalasauene finns no mange stader inne i fjordane og dalane heilt fraa Telemark og Vest-Aeder til Nordmør.
Men kjem denne store, rolege sauen til aa arbeide seg fram, so vert her venteleg lite bruk for den nordskotske chevioten. Han vil venteleg koma til aa gaa ut og det er kanskje ikkje so stor skade i det, for mykje av den sauen, vil bli noko smalbygd og høgføtt og lett paa kroken etter storleiken.
Men den ekte chevioten, den sørskotskie vil koma til aa halde seg. For han er triveleg og hardfør som faae andre saueslag. Iminsto vil han koma til aa halde seg der det er halvsimple beite og der ein maa fore med mykje simpel sauemat um vinteren.
Fylkesagronom Aaseth har synt meg reglar for bygdesjaa for sau, som dei vil til med i Sør-Trøndelag. Det var rett. Daa kan ein faa koma like upp i bygdene der sauen er og folket sjølve kan faa syne um dei er interessera. For halve kostnaden til premiar og slikt noko maa bygdene skaffe sjølve, - so fær dei resten av landbruksselskapet-, og dei tek som ein veit helvta av staten og helvta av fylket.
Berre det kunde bli mange slike bygdesjaa i Trøndelag. Det vilde friske upp saueinteressone utruleg.
2. september 1923
Jon Sæland